Ny klubbrekord og nye Nordsjøkrav under AdO open 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Okt 2017

Sivert Solheim Verhage tok ny klubbrekord på 200 butterfly med tiden 2:38:32. Han kvalifiserte seg også for finalen på samme distanse, og der åpna han 2 sekund raskere enn i forsøket, men fekk det litt tungt på slutten og kom i mål 3/10 bak den nye rekorden hans. Sivert forbedra seg voldsomt på mange øvelser. På 1500 meter, så forbedra han seg med ca 3 minutt siden i vår, og samtidig på veien, satt han personlige rekorder på både 400 og 800. 400 rekorden varte ikkje meir enn til søndag, då han senka den ytterlegare. Sivert kom nesten ned under minuttet på 100 fri, men mangler små 72/100 på å klare det.

Reinert Solheim Erland tok 3 nye Nordsjøkrav, og har no krav på alle bryst øvelsane og 50 butterfly. Han forbedra seg på alle distansane han svømte, og tok nokre imponerande personlige rekorder på fleire øvelser. Han er eit bevis på at trening hjelper, og selv om han blir pressa av dei andre gutane i klubben, så svarer han på tiltale og presser tidene litt ekstra ned. Reinert stakk av med 4 førsteplasser, 3 andreplasser og ein tredjeplass. Reinert var nær junior finale på to øvelser, der han var reserve til finalene. 

Helena Rygg Hovland hadde sin debut som approbert symjar i selveste AdO arena, og ho kom godt ifra det med mange gode prestasjoner. Helena er ein god brystsymjar, og deltok på alle brystøvelsane, samt 50 og 100 fri. Sammen med klubbveninnene Maren, Ingrid og Stine, så har dei hatt ein flott helg med mange personlege rekorder og mykje moro. Ingrid Levie Vegsund deltok på flest øvelser av alle Førde symjarane, og fekk nokre nye tider på LÅMØ øvelsar. Stine Myrland fekk eit godt stemne med mange personlege rekorder, og ho har no bestemt seg for å trene litt meir for å bli enda bedre. Ho har hatt flott framgang, og det viser også tidene, spesielt på dei lengre distansane. Maren Vinjevoll Årdal hadde også god framgang på stemnet, og forbedra alle LÅMØ øvelsane sine ein del. 

Nokre av dei yngre symjarane tok fleire nye tider på LÅMØ øvelsane, og Magnus Johan Bøe har no kvalifisert seg til LÅMØ 2018. Andreas Hvidsten viser at han fortsatt holder tidene sine, selv om skade i kne og litt sjukdom har hindra han i å trene så mykje som han vil. Ludvik Guldhav imponerte på 400 fri med å ta igjen heile feltet med meir enn 50 meter. Han knuste sin tidligere personlige rekord med 1 minutt og 26 sekund. 

Oliver Øksland, Simen Furesund Grimeland og Nikolai Hvidsten tok også ny personlig rekord på mange av øvelsane sine, og gjorde nokre poenghopp på LÅMØ rankingen. Oliver imponerte på alle fri øvelsane med gode tider og mykje framgang, samt på 200 rygg med tiden 2:41:54. Simen Furesund Grimeland imponerte på 200 bryst og pressa sin personlege rekord ned med 22 sekund til tiden 3:04:98. Nikolai Hvidsten senka også sin 200 bryst tid ein god del, men det var på 100 fri han imponerte med tida 1:07:89. 

bildet fv: Sivert S. Verhage, Elisabeth S. Mundal og Reinert S. Erland

Hovedtrener Elisabeth S. Mundal er veldig stolt over symjarane, og det var mange ganger ho delte ut både klemmer og high five for dei fine presasjonene. Elisabeth har sett på kvar ein symjar som har vert i vatnet, og har også notert seg for nye arbeids oppgaver på trening framover for at symjarane skal bli enda bedre. Det er fortsatt mykje arbeid igjen, og det blir ikkje å ligge på latsida fram mot LÅMØ. 

Mardon S. Erland var tidtaker sjef på stemnet, og løyste den oppgaven på ein veldig bra måte. Det har litt rusk i teknikken, men det har han og dei andre løyst på ein måte som verken symjarar eller publikum har merka eller blitt hinda av. Det har vert ein lærer rik helg, og Mardon har fått mykje god erfaring som han tek med seg heim til stemner som vi arrangerer. Ein del tekniske løysingar som vi kan sjå på for å forbedre oss til eigne stemner, som vi må sjå om det lar seg gjere.

Bildet fv: Mardon S. Erland og Charmaine Pettersen. Det var desse to som styrte tidtakinga og resultatservice.



Førde IL Symjing i Haustferien

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Okt 2017

Symjarane i Førde IL Symjing har brukt haustferien godt. Det har vore mykje treningar i ferien, og fleire har nytta det dårlige været godt. 

Mange har vert aktive på fleire fronter, da dei har vore på fotball skule, rulleski trening i tillegg til symjetrening. Nokre har vore austover og både trent og konkurrert. 

Simen Furesund Grimeland (04) representerte Førde i Oslo på OI open høst, og symde 3 øvelser eine dagen. Han satte poeng personlig beste på 100 rygg. Stemnet var i langbane. 

Alle rekrutter som går på videregående kurs, fekk også tilbud om gratis trening i haustferien, og nokre var der kvar dag. Dei har vist stor fremgang, og enkelte har hatt så stor framgang at dei rett og slett har både lært seg nye stilarter og blitt mykje bedre til å symje, og kjem til å hoppe ein del i kurs systemet. Dei nærmer seg treningsgruppa, og slikt er veldig kjekt.

Reinert S. Erland (04) er den som har vore desidert mest på trening i ferien, Han har vert på 26 av 28 timer med treningstid som var satt opp. Han har svømt 90-100.000 meter i ferien. Han har vist ein veldig bra formstigning, og selv med mykje trening i kroppen, så svømmer han tider på trening som er rundt personlige rekorder, både på korte og lange distanser. Med litt topping inn mot stemne i Bergen, så kan dette bli spennande å følge utviklinga på.




Første stupe kurs i Førdehuset igang

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Okt 2017

For første gang kan Førde IL symjiing skilte med at dei også har stupekurs. Det var seks ivrige barn som deltok på det første kurset, og dei var ikkje skremd over kva som er i vente. Nokre av dei sa klart og tydelig at dei skulle holde på til dei hadde stupt fra 5 meteren. Halve kurset er land trening for å forberede seg på øvelsane og posisjonane dei skal gjennomføre i stupet.

Det ser ut til å være eit populært kurs, da det er flerie born på venteliste for kurset. Det er ikkje umulig at FIL Symjing kjem til å utvide aktiviteten ved ein seinare anledning, men akkurat no, så starter vi så enkelt som mulig, så vi heile tida veit kva vi held på med. 

Ein av utfordringane i hallen er at vi mangler ein 3 meter til stupe aktivitetane. Her må vi tenke om det går å finne på ein løysing for å få nok utfording når vi kjem så langt. Der 3 meteren stod før i tida er det eit lite basseng idag. Med stupeaktivitet, så kan det være at vi kan få tenkt fram ein løysing som kan gi oss tilbake ein ny 3 meter. Det er ihvertfall lov å drømme. Kanskje ved bygging av ny hall, så kan dette bli eit element i den eksisterande hallen?

Stuparane i aktivitet på landtreninga på første økta. 



Sunnfjord Open 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 1. Okt 2017

I helga vart Sunnfjord Open 2017 arrangert. det var mange stemne denne helga på vestlandet, så det var lite deltagere fra andre klubber. Det var Eid, Moss og Vestkantsvømmerne som var i tillegg til Førde representert i bassenget. I underkant av 40 approberte symjarar og ca 40 rekruttar deltok i helga på stemnet. Dette var første stemnet for Førde symjarane etter sommerferien. 

For rekruttane, så vart det ein veldig flott opplevelse. Fleire av rekruttane hadde sitt første stemne. På søndag var det 100 fri for rekruttane, og nokre av dei hadde aldri svømt så langt samanhengande. Det er veldig bra stemning på slike stemne, og det å kombinere det med eit approbert stemne gjev rekruttane også mulighet til å sjå på dei approberte som dei ser litt opp til også. 

På lørdag på det approberte stemnet, så begynte det veldig bra. 50 bryst for herrene satte igang store følelser hos hovedtrener Elisabeth Mundal da Henrik Stubhaug svømte inn på 33:40. Det var slett ikkje forventa at det skulle gå så fort, så tårene kom med ein gang tida kom opp på tavla. Det betyr mykje for Elisabeth når elevane viser at treninga fungerer og resultatene kjem. Det var mange som overraska denne helga. Dei fleste leverte mange persar, og når Førde il Symjing stiller med neste 30 approberte symjarar, så er det mykje å henge fingrane i for trenarane. 

Det vart oppnådd mange milepæler for mange symjarar. Nokre klarte å komme under 3 minutt og 4 minutt på sine respektive 200 metera, og andre kom under minuttet på sine 50 metera. Da Oliver Øksland, Martin H. Kriken og Reinert S. Erland i tillegg kom under 30 sek på 50 fri for første gang, så venta det stor applaus fra trenar teamet. Simen Furesund Grimeland satte også standarden på 200 rygg, med å sette den raskeste tida av alle noværande aktive symjarar i klubben med tida 2:42:20.

På stafettane lørdag og søndag så vart det seier til Eid på lørdag på 4x50 fri med ca 2 sekund, men Førde tok revansje på søndag og innkasserte gullet på 4x50 medley med ca 4 sekunds margin. Førde Jentene tok gullet begge dagane med eit ungt og lovande jente lag. Det er flott å sjå at Førde har fleire jenter på gang, slik at vi kan ha eit stafett lag på dei fleste stemne. det er også godt for gutte gjengen at det kjem fleire jenter til. 

Bestemannspremiene blei vunnet av Maren Vinjevoll Årdal og Eirk Karlsen (juniorer) og Marcus Haus (senior)

Mardon S. Erland fekk også god veiledning i sekreteriatet av Jan Kenneth Antun på tidaker annlegget, og vi har no ein ung gut som kan kjøre systemet på stemner. Han skal no til Bergen på AdO open for å få enda meir erfaring med dette. Mardon går på datalinja på Øyrane vidaregåande, så dette er mitt i blinken.