Sesong start for Førde symjarane

Postet av Førde IL - Symjing den 14. Aug 2017

I heile veke 32 har fleire av Førde symjarane vore med på Sogn og Fjordane symjekrins sin leir i Ebeltoft i Danmark. Dei som har vore med der, har trent ca 35 timer svømming og land trening iløpet av denne veka. Trenarane Sander Smørdal og Halvor Eklund har fått symjarane godt igang for sesongen, så no gjeld det å halde tempoet oppe og fortsette den gode starten. 

Leiren var ein kjempe suksess både på både det sosiale og sportslige plan. Symjarane har vore storfornøgd med alt. På ein leir på tampen av skuleferien, så kan dei ikkje rekne med å kalle dette ferie. Det er knallhardt arbeid med trening fra tidlig morra, avbrutt berre av mat og kvile, før ettermidags økter. Maten har vore så bra, at til og med McDonalds ikkje frista. Romma der dei sov og kvilte var av meget bra standard, så her var alt på topp. Kort veg til både symjehall og centrum, var også veldig greit. 

Fredag brukte symjarane til litt gocart kjøring på ettermiddagen, då fekk dei treningsfri som ein belønning for godt arbeide. Bortsett fra dette, så var dei mest opptatt av rekreasjon mellom øktene. 

Dette frister til gjentakelse, og vi har berre fått positive tilbakemeldinger frå deltakarene og foreldra som var tilstades. 

No kjem høsten snart sigandes, så då er det berre å brette opp ermene og fortsette treninga. Førde IL symjing har stor aktivitet, og det kjem til å bli ein spennande haust fram mot LÅMØ i februar 2018. Aldri før har vi hatt så mange potensielle deltaker kandidater, så dette vert spennande å følgje. Vi skal delta på ein god del stemne utover hauste, og første stemne er heime i Førdehuset 30/9-1/10 (Sunnfjord Open)

Bilde fra symjebassenget i Ebeltoft med symjarane godt igang med ein treningsøkt.