LÅMØ kvalifisering i Bergen.

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Jan 2017

Stine Myrland (under)var den einaste jenta fra FIL Symjing som var med på LÅMØ kvalikk i Bergen. Ho klarte å kvalifisere seg til LÅMØ, og blir med det, einaste jenta fra klubben. Fil symjing har veldig få jenter, så det er utrolig gøy at ho gjer det så bra. Stine satte mange presonlige rekorder i Bergen, og ho er på rekordjakt i forhold til LÅMØ rekordene til FIL Symjing. Stine skal no fokusere alt inn mot LÅMØ. Vi kan sjå av tidene til Stine, at ho ofte avslutter sterkt på siste 50, så med litt løpsopplegg trening og stemne erfaring, så klarer ho nok også å svømme enda litt fortere.

Henrik Stubhaug (under) hadde også eit veldig godt stemne. Han låg litt utsatt til i gruppa si i forhold til LÅMØ kvalikk, men med helgas imponerende svømming, så er han også klar for LÅMØ. På 200 bryst, så svømte han også inn til 2:51:30, ei så god tid at han klarte kvalifiserings kravet til Nordsjøstemnet i November. Henrik snuser også på LÅMØ rekorden i 14 års klassen på denne øvelsen.

Totalt var det 9 symjarar frå Førde i Bergen. Alle hadde store rekordforbedringer, og nokre debuterte også på fleire av øvelsane. Mykje spenning var knytt til 04 klassen, der det er uhyre tett blandt dei 24 som får være med til LÅMØ. Det har vert ei veldig god helg for Førde symjarane, Så dei har ihvertfall ikkje svekka sjangsane sine. Dei yngre symjarane tok mange sjumils svømmetak i helga, og fekk registrert nye tider på øvelser dei ikkje hadde svømt før, og noen forbedra også gamle tider.

Elisabeth var med som lagleiar, og ho seie at ho aldri har vert med på liknande på noke stemne før. Ho er meget stolt over symjarane, og deiras prestasjoner. Ikkje berre tidene som blir oppnådd, men også at mange som har slitt litt med enkelte øvelser, no ser ut til å ha knekt koden. Dette gir motivasjon til videre innsats, og mykje moro langt inn i framtiden.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc