LÅMØ Vest 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Feb 2017

LÅMØ Vest er over, og Førde IL Symjing ser tilbake på eit vellukka arrangement.

Etter lang tids planlegging og møtevirksomhet kom vi endelig til LÅMØ helga.

Torsdag 9 Februar starta rigginga. Fram mot denne dagen har fokuset vert på å tilrettelegge mest mulig for at rigging og stemnet skulle gå knirkefritt.

det var ca 20 personar med på rigginga, alt fra symjarar til foreldre. Banetaua som var klargjort til stemnet blei lagt uti til treninga, slik at dei klubbane som hadde meldt sin ankomst i forkant kunne få trene under optimale forhold. Det var mykje som blei gjort på veldig kort tid. alt det tekniske blei rigga med Rune Bakke som holdt styr på kva som skulle kobles kor, og Mens stolar og reklame banner/flagg blei sett opp i hallen, så holdt noken på med å rigge til for premie utdelig og bilettar. Garderobe fordelig i kjellar og oppe vart sett opp. Rekreasjonsrom og pauserom vart også ordna. Kl 20:00 kom Peppes Pizza med mat som dei sponsa oss med, det smakte godt med noko å bite i etter fleire timer med rigging.

Aldri før har vel hallen sett så flott ut, og det var klart til stemne start på Fredag 10/2 kl 14:00

Fredag 10/2 kl 12 var det innsvømming. Det er eit fantastisk syn å sjå når over 300 svømmere skal svømme inn på samme tid. Da er det ca 0,9 meter per person i kvar bane. Publikum og klubbane strøymer inn i hallen.

Kl 13:40 er det klart for innmarsj, og når alle skuleungane som har fått fri fra skulen for å komme å sjå på innmarsjen, så er det mellom 5-600 personer inne i hallen på ein gang.

Dommerne marsjerer inn og finner sine plasser rundt bassenget, før svømmerne/klubbene sin defilering begynner. Klubbene kommer inn med Førde IL i spissen, og alle får sjå dei 25 klubbane. Det vert holdt taler ved leiar i FIL Symjing Odd Magne Grimeland, Varaordfører Harald Haugsvær og dommeransvarlig i Norges svømmeforbund Alice Boyd.

Stemnet begynner kl 14:00 samme tidspungt som dei fire andre plassane i Norge som også arrangerer LÅMØ 2017.

Stemnet under eit blir ein kjempesuksess. Det vert sett fire LÅMØ rekorder iløpet av helga. Tre av dei er det Andreas Sigvaldsen født 2006 som tar, medan Jon Jøntvedt født 2003 tar ein rekord på 400 fri.

Andreas Hvidsten tar flerie klubbrekorder, noko som også Stine Myrland og Henrik Stubhaug klarer. Førde IL Symjing stiller med heile 9 symjarar på LÅMØ, noko som er tangering av rekorden antall deltagere. Andreas Hvidsten blei også nr to sammenlagt, ein prestasjon ingen i klubben har gjort før han i denne aldersgruppen

Etter at helga er avslutta, og alle dei kring 70 funksjonærane har gjort tjeneste for klubben, både med rigging/rydding før, under og etter, og dei som har deltek direkte med avviklinga av stemnet, så har kubben fått mange gode tilbakemeldinger på arrangementet. Kommentarer som, like bra som vektløfter EM, og fantastisk temning. Da er det gøy å være med i ein organisasjon som gjer det så bra. Det gir også lysten til å ville ta på seg fleire stemne, og vi håper ein gang i framtiden at vi kan få ein ny symjehall, så vi kan arrangere stemne som NM.

Økonomisk var dette også eit bra stemne for klubben, noko som vi såg på som ein utfordring siden vi som ein av få klubber i Norge må betale hall leige for stemnet, og vi ikkje har mulighet til å drive kafè og ha inntekt fra denne. Men etter evalueringa, viser det seg at vi har eit fint overskot etter stemnet, noko som vil komme klubben og symjararne til gode.

Takk til alle som bidrog på stemnet.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc