Rekord stor gjeng symjarar fra Førde på Vårduppen på Eid i helga.

Postet av Førde IL - Symjing den 12. Mar 2017

I alt 24 approberte symjarar deltok i helga på Vårduppen på Eid fra Førde. Fem jenter og 19 gutter.

Det var mange høgdepungt å ta tak i fra helga. Førde har i lengre tid prøvd å få med fleire jenter, og det er gledelig at det no ser ut til å kome nokre nye. 5 jenter er lenge siden vi har hatt på eit stemne. Og 19 gutar, dei fleste 13 år og yngre, men også med noken litt eldre tennåringer.

Lørdag bød på eit utruleg resultat på 100 fri for 04 årgangen. 5 av gutane var innafor 1,2 sekund. Ein så jevn 100 fri i samme årgang er ein kjempe styrke for gruppa. Dei presse kvarandre på trening og stemne, og når så lite skille, så er det den som har den beste dagen som trekker det lengste strået.

Søndag starta med 800 fri. Førde hadde 10 symjarar i aksjon, og fleire av dei imponerte med veldig god innsats. Dette var for mange av dei, første gangen dei prøvde seg på ein slik lang distanse. For fleire av dei, så gav det meirsmak.

På stafetten, 4X50 fri for damer, så vart det førsteplass til jentene fra Førde. På laget var Elisabeth Mundal 94, Jenny Bjørkhaug 07, Stine Myrland 05 og Maren Vinjevoll Årdal 03. Dei symjde på tida 2:30:20.

For gutane så stilde Førde med 4 lag. Førstelaget vant heile øvelsen med 3/100 forran Eid. Det var uhyre spennande på slutten, da Eid sin symjar knappa inn kraftig på forspranget Førde hadde fått før siste etappe. Men med ny ankommet Sivert S. Verhage (overgang fra Florø) på slutten som symde sin etappe på 29:04, så sikra han gullet. Alle dei fire gutane, Henrik Stubhaug 03, Mardon Erland 00, Reinert Erland 04 og Sivert Verhage 02 symde på 2:01:77.

Rekruttane symde sine øvelser i pausen i Vårduppen begge dagane, og dei hadde det kjempe kjekt. Førde stilte med 11 rekrutter, og dei får vist kva dei har lært den siste tida. Det gror godt i dei yngre rekkene, så dette blir kjekt å følge vidare.

Førde IL Symjing sine deltakarar på Vårduppen 2017. Foto: privat


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.