6 Norske rekorder på Masters NM i Fredrikstad av Førde symjarar.

Postet av Førde IL - Symjing den 26. Mar 2017

NM Masters blei i år arrangert i Fredrikstad. Førde IL Symjing var for første gang i historien representert med symjarar på NM. Elisabeth Mundal og Pernille Berntsen som begge var med i klasse pre-master (klasse 0). Dei forsynte seg grovt av medaljefatet, og arrangøren gjekk sågar tom for gull medaljar. Det vart også satt mange norske rekorder av symjarane våre.

På fredagen tjuvstarta dei med to lange øvelser før stemnet vart offisielt åpna. Det var 1500 fri for kvinner og 800 fri for menn. Elisabeth symde inn til ny Norsk rekord på 1500 fri med tida: 22:59:17. På 100 fri så symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 1:00:47. Elisabeth tok bronse. På 50 bryst, så symde Pernille inn til gull med tida 34:93. Elisabeth tok sølv.

På Lørdag starta dei med 400 medley. der symde Elisabeth inn til ny Norsk rekord med tida 6:17:66. På 50 fly tok Pernille gull med tida 31:98, medan Elisabeth tok bronse. På 100 rygg symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 1:09:19. Elisabeth tok bronse. På 200 fri symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 2:11:84. Elisabeth tok sølv. På 100 fly tok Elisabeth gull med tida 1:28:73.

På Søndagen starta Pernille med å sette ny Norsk rekord på 50 fri med tida 27:99. Elisabeth tok bronse. 50 rygg vant Elisabet og tok gull med tida 38:94. På siste øvelse, 100 medley, tok Pernille gull med tida 1:09:59. Ellisabeth tok bronse.



Totalt sett, så tok dei to damene fra Førde, 11 gull, 2 sølv og 5 bronse.
Det vart satt 6 Norske rekorder av dei to Førde symjarane.
Det er veldig kjekt at Førde gjer seg bemerka også blandt dei eldre symjarne i landet. Masters er ein fin måte å ta vare på symjarar som er blitt for gamle til landslag eller har trappa ned av andre grunnar. Skule og jobb, samt familie tar mykje tid når ein blir eldre. Mange masters symjarar har også eit engasjement i ein symjeklubb rundt om i landet. Det er ca 450 deltakarar i Fredrikstad, men det har vert godt over 500 deltakarar når det er i dei store byane.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc