Ny klubbrekord og nye Nordsjøkrav under AdO open 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Okt 2017

Sivert Solheim Verhage tok ny klubbrekord på 200 butterfly med tiden 2:38:32. Han kvalifiserte seg også for finalen på samme distanse, og der åpna han 2 sekund raskere enn i forsøket, men fekk det litt tungt på slutten og kom i mål 3/10 bak den nye rekorden hans. Sivert forbedra seg voldsomt på mange øvelser. På 1500 meter, så forbedra han seg med ca 3 minutt siden i vår, og samtidig på veien, satt han personlige rekorder på både 400 og 800. 400 rekorden varte ikkje meir enn til søndag, då han senka den ytterlegare. Sivert kom nesten ned under minuttet på 100 fri, men mangler små 72/100 på å klare det.

Reinert Solheim Erland tok 3 nye Nordsjøkrav, og har no krav på alle bryst øvelsane og 50 butterfly. Han forbedra seg på alle distansane han svømte, og tok nokre imponerande personlige rekorder på fleire øvelser. Han er eit bevis på at trening hjelper, og selv om han blir pressa av dei andre gutane i klubben, så svarer han på tiltale og presser tidene litt ekstra ned. Reinert stakk av med 4 førsteplasser, 3 andreplasser og ein tredjeplass. Reinert var nær junior finale på to øvelser, der han var reserve til finalene. 

Helena Rygg Hovland hadde sin debut som approbert symjar i selveste AdO arena, og ho kom godt ifra det med mange gode prestasjoner. Helena er ein god brystsymjar, og deltok på alle brystøvelsane, samt 50 og 100 fri. Sammen med klubbveninnene Maren, Ingrid og Stine, så har dei hatt ein flott helg med mange personlege rekorder og mykje moro. Ingrid Levie Vegsund deltok på flest øvelser av alle Førde symjarane, og fekk nokre nye tider på LÅMØ øvelsar. Stine Myrland fekk eit godt stemne med mange personlege rekorder, og ho har no bestemt seg for å trene litt meir for å bli enda bedre. Ho har hatt flott framgang, og det viser også tidene, spesielt på dei lengre distansane. Maren Vinjevoll Årdal hadde også god framgang på stemnet, og forbedra alle LÅMØ øvelsane sine ein del. 

Nokre av dei yngre symjarane tok fleire nye tider på LÅMØ øvelsane, og Magnus Johan Bøe har no kvalifisert seg til LÅMØ 2018. Andreas Hvidsten viser at han fortsatt holder tidene sine, selv om skade i kne og litt sjukdom har hindra han i å trene så mykje som han vil. Ludvik Guldhav imponerte på 400 fri med å ta igjen heile feltet med meir enn 50 meter. Han knuste sin tidligere personlige rekord med 1 minutt og 26 sekund. 

Oliver Øksland, Simen Furesund Grimeland og Nikolai Hvidsten tok også ny personlig rekord på mange av øvelsane sine, og gjorde nokre poenghopp på LÅMØ rankingen. Oliver imponerte på alle fri øvelsane med gode tider og mykje framgang, samt på 200 rygg med tiden 2:41:54. Simen Furesund Grimeland imponerte på 200 bryst og pressa sin personlege rekord ned med 22 sekund til tiden 3:04:98. Nikolai Hvidsten senka også sin 200 bryst tid ein god del, men det var på 100 fri han imponerte med tida 1:07:89. 

bildet fv: Sivert S. Verhage, Elisabeth S. Mundal og Reinert S. Erland

Hovedtrener Elisabeth S. Mundal er veldig stolt over symjarane, og det var mange ganger ho delte ut både klemmer og high five for dei fine presasjonene. Elisabeth har sett på kvar ein symjar som har vert i vatnet, og har også notert seg for nye arbeids oppgaver på trening framover for at symjarane skal bli enda bedre. Det er fortsatt mykje arbeid igjen, og det blir ikkje å ligge på latsida fram mot LÅMØ. 

Mardon S. Erland var tidtaker sjef på stemnet, og løyste den oppgaven på ein veldig bra måte. Det har litt rusk i teknikken, men det har han og dei andre løyst på ein måte som verken symjarar eller publikum har merka eller blitt hinda av. Det har vert ein lærer rik helg, og Mardon har fått mykje god erfaring som han tek med seg heim til stemner som vi arrangerer. Ein del tekniske løysingar som vi kan sjå på for å forbedre oss til eigne stemner, som vi må sjå om det lar seg gjere.

Bildet fv: Mardon S. Erland og Charmaine Pettersen. Det var desse to som styrte tidtakinga og resultatservice.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc