Fra Speed Open i Oslo til trening i Førde på samme dag

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Nov 2017

Speed Open gjekk av stabelen i helga. Førde var representert med tre symjarar. Symjarane fekk ein god følelse etter innsvømminga, på at det var eit bra basseng, og virka lett å svømme. Det viste seg på første øvelsen 100m butterfly, at det stemte. Mardon S. Erland (00)persa med 5 sekund, og symde inn på 1:15:72, medan Reinert S. Erland (04) symde på 1:20:68 og persa med ca 3 sekund. Ludvik Guldhav (06)persa også med ca 5 sekund i forhold til persen han tok for ei veke sida i Bergen, og kom inn på 1:46:65.

Det vart litt tyngra på bryst øvelsane, og pga symjarane våre ikkje er vande med så grunne basseng, så tok dei nedi botn ved undervannstak. I vendinger på rygg og crawl, vart det ikkje optimale vendinger, da dei er vande med å vende litt djupare. Innsvømminga var så overbefolka, at det var vanskeleg å få øvd seg på vendingane. Det vart ikkje perser på så mange øvelsar, men så kan ein jo ikkje perse heile tida heller. Det som gjekk bra, det er vi fornøgde med, og resten er god trening. 

Foto: Mardon S. Erland på 100m bryst

Ludvik Guldhav tok nokre fleire persar, og har fått masse verdifull stemne erfaring med seg vidare. 

Etter at dei to eldste symjarane var ferdig med sin stemne bolk på søndag, var det rett i bilen og på veg heim til Førde. På vegen fant Reinert ut at han rakk treninga i Førde. Man kan ikkje sei noke på interessen, når ein rekke både stemne i Oslo på formiddagen, og trening i Førde på kvelden. Det viser jo også at avstandane ikkje er så all verdens store, så til dei som bur på østlandet: Det er berre å ta turen over fjellet til Førde når vi arrangerer stemner.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc