Klubbrekorder og mykje god symjing på Hauststemnet på Eid 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Nov 2017

I helga var Førde symjarane på Eid og deltok på Hauststemnet. Vi var 28 approberte og 11 rekrutter. I nyare tid har ikkje Førde hatt så mange på eit reise stemne. Det vekse godt i klubben, noko som merkast godt av dei andre klubbane. Vi er klart største klubben i fylket. Det var Førdesymjarar i omtrent alle heat, og noken heat var reine Førde heat. Det var mykje å henge fingrane i for dei to lagleiararne Sissel Leth-Olsen og Elisabeth Mundal. 

Resultatene er også veldig gode. Vi hadde to som ble klar for LÅMØ etter denne helga, Vetle Haram Malterud, og Jenny Bjørkhaug, begge 07 modellar. 

Dei eldste symjarane kjempar også om å klare krava til LÅMØ, og dei har forbedra seg alle sammen. På jente sida er det dei to eldste Maren Vinjevoll Årdal og Stine Myrland som har forbedra seg mykje og dei får betalt for økt treningsmengde.  Førde hadde med 7 approberte jenter. Det er så flott at det vekse på jente sida, og vi hadde med eit par debutant som approbert på Eid. Sunniva Skrede Hallanger og Kristoffer Nyhammer Myrhol (begge 07) gjennomførte eit godt stemne, og fekk sine første offisielle tilder, og har gjennomført tre LÅMØ øvelser i helga.

Guttane vart det særs spennande på 200 bryst i duellen mellom Henrik Stubhaug, og Reinert S. Erland. Reinert åpna forran Henrik første 50, etter 100, så var Henrik forbi, og i mål skilte det berre 01:38. Simen Furesund Grimeland kom under 30 sekund på 50 fri for første gang, og var helgas gladaste symjar. Det pressa seg fram ei tåre i augekroken på trenar Elisabeth denne gange også. Det kjem til å bli mange gledes tårer på Elisabeth i framtida om symjarane fortsette med denne framgangen. 

Stafettane var høgdepungtet for pulsøkning for publikum. Det vart veldig spennande heile vegen inn mellom Førde og Eid på 4X50 Meldey Mix og 4X50 fri herrene. På medley mix stafetten følger dei kvarandre heile vegen og det skiller berre 9/100 i mål. På fri stafetten til gutta, så var gutta heiltent, og ville vise at dei ikkje berre har flest symjarar, men også det raskaste laget. begge lag fulgte kvarandre tett, men Førde drog iland seieren med 01:36 forran Eid. På stafettane satte vi også nye klubbrekorder på fleire distanser, så der har listene blitt oppdatert, så det er berre å klikke inn og lese. 

Nesten heile gjengen samla på bildet. I midten nede har vi trener ELisabeth som stråler over den flinke gjengen med symjarar ho har med seg.

Rekuttane gorde også sine saker bra, og det er nokre der som snart er klar for litt større oppgaver. 

Rekruttane som var med på Hauststemnet.

Lunsjen for symjarane og og foreldra var også ein oppgave som skulle organiseres av foreldra som var med på reisa, og med bakevarer fra Erketunet gardsbakeri så vart alle gode og mette.

Neste stemne for Førde symjarane er Julelauget i Volda om to veker. Vi kjem med ein nesten like stor gjeng til Volda.  




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc