Fantastisk fremgang på Førdesymjarar på LÅMØ Vest 2016

Postet av Førde IL - Symjing den 9. Feb 2016

F.V: Nikolai Hvidtsten, Erik Alnes Litsheim, Simen Furesund Grimeland, Thomas Husevåg Løland, Reinert Solheim Erland og bak lagleder Øystein Erland

Denne gjengen feide alle rekordar til siden og langt under teppet under helgas LÅMØ Vest 2016 i Stavanger. Det har blitt satt 47 personlege rekordar på 25 starter. det er smått utrolig, med tanke på at mange av tidene deiras var relativt ferske fra stemner i Januar. Dei satt ikkje berre rekord med nokre få sekund, men forbetra seg med over 7 minutter sammenlagt.

Gutane kom ned til Stavanger på torsdag kveld, slik at oppladinga til stemnet vart best mulig. Stemnet begnner på fredagen med 100 butterfly, og der fekk Nikolai bestetid av Førdesymjarane med tida 1:40:73. Simen fulte rett bak, berre 1:45 sekund bak. Samenlikna med Hans Fredrik Laache fra då han var 12 år, så svømte han på 1:38:82, så det viser at guttene er i rute på butterfly med tanke på kva han har oppnådd med klubbrekorder og NM deltaking.

Lørdag starter tidleg med innsvømming kl 07:30. Det er over 300 symjarar som skal ha oppvarming på samme tid, og da blir det fult i bassenget.

Første Øvelse var 400 fri. Der vart det uhyre jamnt mellom Reinert og Erik, og berre 1,1 sekund skilte dei. Reinert fekk 6:10:58, og samenlikna med Hans Fredrik sin tid fra 2009, så er både Reinert og Erik forran. HF fekk 6:11:90. Etter denne øvelsen, så var det tid for lunsj og kvil, før det var tilbake for neste innsymjing før dagens andre og siste øvelse. Der venter 200 bryst, ein tung og vanskeleg øvelse. Her blei Erik for sterk for dei andre Førdegutane og varta opp med ein solid 8 plass med tida 3:29:78, medan Reinert blei nr 10, 6:03 sekund bak. Begge gutane godt forran HF sin tid fra 2009, da han fekk 3:38:84. Med så gode resultat, så vart Lørdagen avslutta med eit festmåltid på Egon for heile gjengen.

Søndag kom like tidleg som forrige dag, opp kl 06:30 for å gjere klar for siste dag med frukost og innsymjing. Vi møtte litt tidlegare i hallen, kl 07:15. No var det tid for å jobbe med ryggvendinger og starter. Vi fekk for fyrste gangen oppleve å bruke ryggstarter. Ein ny innrettning som festes på pallen med ei lita list som heller 10 grader som ein kan sette beina på, slik at ein ikkje opplever å gli i frasparket på starten. Nokre velger å ikkje bruke denne da det er ukjent, men dei fleste bruker den, og det er tydeleg at det gjev resultater. 200 rygg vert ein suveren oppvising av Erik. Han kommer inn på smått utrulege 2:59:93 og det gav han ein flott 9 plass. Teis Malterud fekk i 2010 på 200 rygg, tida 3:01:16. På dagens siste øvelse, 200 medley, var det også Erik som vart den sterkaste. Han fekk tida 3:11:24 og vart med det også Førdes best rangerte sammenlagt med ein flott 11 plass. Før stemnet var han rangert på 19 plass, så det må seiast å være ein formidabel forbedring. Alle Førdesymjarane klatra på sammenlagt lista.

Tidene er så gode på alle sammen, at det viser at dei har gjort mykje bra trening fram mot stemnet. Dei har nytt godt av treningen i juleferien, noko som viser viktigheten av å ikkje ta treningsfri når det er skulefri, og dei har vert fokuserte på stemnet og øvelsane dei skulle delta i. No begynner utfordringen med å holde fokus på neste mål, nemlig å bli enda bedre, slik at dei kan delta på LÅMØ i 2017. Da vert kvalifiserings kravene mykje hardare, men sammen skal vi klare det.


Kommentarer

— Guest