Symjarane overraska i Ålesund.

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Apr 2016

Førde IL Symjing var på symjestemne i Ålesund denne helga. Det var sju gutar som reise oppover, og dei skulle konkurrere mot fleire av landets beste symjarar. Dei var på forhånd, forberedt på at dei ville få knallhard motstand, og var ikkje førebudd på å reise heim med medaljar. Det viste seg etter stemnet at seks at gutane reiste heim med medaljar i alle valører. Overraskande var det at Førde fikk bronse på 4X200 Fri, ein øvelse som det var knytt lite forhåpninger til grunna den unge alderen og harde konkuransen.

Inddividuelt hadde vi med symjarar i yngste årsklassen født 2006, det var Andreas Hvidsten, som symde på tider som er heilt i Norgestoppen i sin årsklasse. Han blir for håpentlig hvis ein å sjå opp for framover. Tida 6:03:38 på 400 fri er berre å ta av seg hatten for. Men også i dei andre symjeartane ser vi at han har talent. 100 butterflly på 1:43:06 er råbra, sjølv om han stivna på siste 50, men litt meir trening på å holde distansen, så blir dette veldig bra. Sterke 40:11 på 50 butterfly viser at gutten har potensial til få tida på 100 kraftig ned. Tida på 50 fly var også bedre pers en dei andre fra Førde i 04/03 årsklassen. 200 medley fekk han 3:24:09, som ville gitt ein topp plassering i årsklassen 05 på LÅMØ som var. På LÅMØ Vest 2017 i Februar, så er 50 fly, 400 fri og 200 IM, tre av øvelsane i tilleg til 100 rygg og 100 bryst. Vi gledar oss til fortsettelsen.

I 2004 klassen, så hadde vi med 4 gutar. Det var Reinert S. Erland, Erik A. Litsheim, Simen F. Grimeland og Nikolay Hvidsten. Dei er uhyra jamne på alle øvelsane, og det er så fantastisk gøy og spennande å sjå kor dei drege kvarandre fram til gode resultat. Dei har eit utruleg godt samspel, både på stemne, og på trening, noko som er viktig for å bygge eit godt miljø. Erik og Reinert klarte å komme under seks minutt på 400 fri for første gang, noko som er ein liten men viktig milepæl og motivasjons faktor. Reinert var nok mest fornøgd med 50 fri tida hans, som han klarte å få ned på 33:86. Erik var nok mest førnøgd med å komme under 40 på 50 rygg med tida 39:84. Nikolay er jamt over god i dei fleste symjeartane, noko som gjer han god på medley. Han har ein flott butterfly teknikk som er ein nytelse å sjå på. På 100 fly fekk han råsterke 1:37:63, sjølv om han stivna litt på sluttten. Sterk åpning på første 50 med 42:52.

Simen Furesund Grimeland presterte etter min meining den største prestasjonen i Ålesund, da han symde inn på 100 butterfly med tida 1:30:77, med åpning på 42:46 første 50. Han rekordforbedra seg med over 10 sekund fra LÅMØ i februar. Den prestasjonen er så bra fordi butterfly er ein så kraftkrevande øvelse, at det er lett å gå på ein smell med for hard åpning. Simen såg aldri stiv ut, og kunne bare symje teknisk riktig heile vegen. det var ein fryd å sjå på. Tida ville holdt til ein sterk 7 plass på LÅMØ i februar.

Henrik Stubhaug 2003 tok med seg tre gull heim til Førde. Han er eit teknisk flott syn å sjå på i bryst øvelsane. Han kom under 40 for første gang på 50 bryst med tida 39:66, som gav gull. på 100 bryst fekk han 1:27:32 som også er veldig bra. Dette var første gang under 1:30 på denne øvelsen. Her persa han med over sju sekund. på 100 butterfly persa han med ca 11 sekund, og kom inn på 1:32:13. Henrik er så god på bryst, at når det var tid for medley, så går han fra å ligge på tredjeplass ved veksling rygg/bryst til å lede etter bryst etappen. Det er så stilig å sjå på når det er så utslagsgivende kor mykje bedre han er på bryst. (påbildet under er Henrik i aksjon på butterfly)

Mardon S. Erland 2000 deltok i fire øvelsar, og satte nye persar i tre av dei. Han sleit med eit vondt kne, men fekk forbedra 100 fri tida si med ca to sekund. 50 fri og 50 fly vart også forbedra.

Rammen rundt stemnet var fantaskisk med årets flottaste helg reint værmessig, og med slike symjeprestasjoner, så går det fint å være tilskuer i ein kokande varme. Vi skal jobbe vidare framover med symjarane. Vi har fortsatt mykje gøy i vente i åra framover.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc