Henrik Stubhaug symde med Europeiske svømmestjerner i BSF

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Mai 2016

Henrik Stubhaug var einaste deltakar frå Førde IL Symjing i Bergen da det vart arrangert Bergen swim festival i AdO i helga.

Henrik imponerer med å sette nye personlige rekorder i langbane bassenget i AdO. Normalt sett, så går det litt seinare i langbane basseng pga ferre vendinger, men han viser at han har fått mykje godt ut av treninga den siste tiden, og at formen er god no rett før Førdesprinten. Henrik sine prestasjoner inspirerer dei andre symjarane i FIL til å jobbe for å holde følge. Han viser vei for dei yngre symjarane, og viser at for å bli bedre, så må man trene godt og mykje. Henrik er ein av dei som jobber godt på treningane, og satser for å bli best i symjing.

Henrik blei 13 år iløpet av helga, og feira den med å vise at Bryst øvelsane er noko han har god kontroll på. Det er nok litt ekstra stas å være på eit slikt stemne, når det er fleire av Europas beste symjarar der.

No til helga er det Førdesprinten og der håper vi framgangen fortsetter.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc