Sesongavslutning i Oslo

Postet av Førde IL - Symjing den 20. Jun 2016

- Lambadalekene var stemnet vi valgte som sesongavslutning for FIL Symjing. Vi hadde aldri vert der før, og vi har aldri hatt noen tradisjon for å reise østafjells for å delta på stemne, utenom Hamar og Drammen for dei som skal på NM og treng konkurranse i langbane. Ellers har det bare vore på NM/ÅM vi har reist over fjella.

-Dette kan det godt bli endring på, for dette stemnet var eit heilt supert stemne for våre symjarar. Nivået og aldersgruppene passa perfekt til våre symjarar, og størelsen på stemnet var ikkje skremmande. Symjehallen var lett å komme til, både med bil og T-bane. Vi budde på Thon hotell Ullevål, nokre budde også privat. Frokosten vart servert inne på Ullevål stadion.

-FIL Symjing sendte avgårde 1 jente og 6 gutar til Oslo. Dei symde veldig bra, og satte mange nye personlege rekordar. Noken brøyt nye milepæler på klokka, og vi forsynte oss bra i medaljefatet. Deltager premiene var av den store sorten, da dei fekk ein svær pokal i gull. Det var store auge å sjå på dei yngste, da den blei utdelt.

-Lambadalekene er eit stemne vi har lyst å ha med videre på terminlisten for neste sesong, og vi anbefaler det til andre klubber å ta turen. Vi var einaste klubben som ikkje var nær oslo relatert, og speaker var fleire ganga opptatt av at vi kom langveis fra, og var godt synlege med dei gule badehettene våre. Stort sett alle klubbane hadde blå badehetter, så det var lett å sjå når vi var i bassenget. Det er jo ikkje så langt til Oslo, og stemnet var ferdig i god tid til at vi ikkje var seint heim heller. Til forskjell fra mange stemne i Bergen, så var vi ferdig kl 15 i Oslo, medan i Bergen så begynner ikkje stemnene før kl 15. Reisetida er kortare en til Rogaland og Trondheim, og omtrent samme tid som til Kristiansund.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc