Unge symjarar har lagt ned mange hundre tusen meter i jula.

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Des 2016

Symjegruppa sine unge talent, har nedlagt eit godt arbeid i jula. Dei har samla svømt godt over 300.000 meter i ferien, og enda er det ein trening igjen første nyttårsdag. Da er det lagt opp til at man kan prøve å nå 10.000 meter, om man virkelig står på.

Å være trener for ein slik gjeng som har vert så ivrige både morgen og kveld, har vert inspirerende. Det har vert mykje sjukdom på enkelte som gjerne skulle vert på alle treninger, men samtidig har dei yngste og nye medlemmane i treningsgruppa, vist at dei vil satse og har lagt ned mange meter. Aldersspennet er fra 10-13 år i treningsgruppa.

Det er mange av symjarane som satser mot LÅMØ i februar, og da er det viktig å ikkje ta treningsferie når det er skuleferie. Som vi seie i svømminga, "skuleferie = meir trening".

No i Januar kjem det fleire stemne for symjarane. Først ut er Asker Open første helga i Januar, etterfulgt av Trøndersvøm helga etter. Helga etter der igjen er det treningsleir i Årdal, samtidig som nokre reise til Arna på stemne der. Mandag 23/1 er det siste sjangs for LÅMØ kvalifisering, da er det kvelds stemne i Førde.

Vi har mykje moro å sjå fram til i 2017.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc