Hauststemnet på Eid 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Nov 2018

Stemnet på Eid i helga var eit stemne der rekruttane og dei yngste var i fokus. Førde stilte med 40 symjarar, dervar 17 rekruttar. 

Lokale dommarar fra klubbane i Sogn og Fjordane er med på å sikre at stemna i fylket kan arrangerast. 4 klubbar stilte med dommarar til stemnet, noko som er veldig viktig for at vi kan arrangere stemner i fylket.

Rekurttane imponerer med ein veldig innsats og glede. Fleire hadde sitt første stemne, og dei tok utfordringen på stark arm då lagleirarane utfordra dei til å symje stafett. Mange syntes det var kjekt ,og det gav veldig meirsmak. Nokre av rekruttane er snart klar for å approberes, så neste år, ser det ut til at tilveksten fortsetter i klubben. Mange av rekruttane overnatta også på Eid, og fleire deltok på felles middag på kvelden med klubben.

Dei flinke foreldra som var med å sove på skulen med ungane, laga til eit veldig flott bord til kveldsmaten. Dei sørga for at ungene også fekk seg frokost og lunsj, så det skulle ikkje stå på tilbudet av mat. Ungane var veldig aktive med mange forskjellige aktiviteter på kvelden, og dei fekk virkelig brent av resten av energien dei ikkje fekk ut i bassenget. Dei eldste spelte eit kortspel/rollespel, som dei voksne ikkje har snøring på kva går ut på. Utover kvelden, så dukka det også opp fleire symjarar fra andre klubber, både dei lokale Eidarane, og symjarar som budde andre steder. Dei ville også være med på den sosiale aktivetane som ungane hadde i gymsalen.

Dei approberte symjarane hadde også ein bra helg. Fleire av dei yngste approberte forbedra sine personlige rekorder mykje. 

Sunniva S. Hallanger (07) imponerer med ein fantastisk 50 meter fri på første etappen på stafetten til jentene, der ho svømmer inn på rett over 35 sekund. Ho deltar også på fleire øvelser som ho gjer det meget bra på, også avslutter ho med ein sterk 800 meter på rett i overkant av 13 minutter.   

Fleire av guttane får også gjennomført viktige LÅMØ øvelser med gode tider på. Simen Furesund Grimeland (04) kjemper seg inn under 3 minutter på 200 bryst, etter godt samarbeid med Reinert S. Erland (04). Dei avtaler på forhånd at Reinert skal kjøre tempoet til 2:55, og Simen skal bite seg fast og henge på så lenge som mulig. Simen kjem inn på 2:55, så ein kan sei at dette var godt team work. Anders S. Kvåle (05) svømmer også ein meget god 200 bryst, og kommer inn på 3:19. 

Stine Myrland (05) forbedrer også sin 200 bryst, og kommer inn på 3:17. Stine kommer også inn under 40 sekunder på 50 fly for første gang, og setter pers med 4 sekunder på 200 medley. 

På stafettene, så vinner Førde jentene 4x50 fri. På laget var: Sunniva S. Hallanger (07), Maren V. Årdal (03), Stine Myrland (05) og Jenny Bjørkhaug (07). 

Guttene vinner også 4x50 fri, og andrelaget tar tredjeplassen. På lagene svømmer: (Andrelaget): Sondre Kriken (05), Adrian Kriken (05), Vetle H. Malterud (07) og Aksel Bjørkhaug (05). (førstelaget)  Simen F. Grimeland, Reinert S. Erland, Anders S. Kvåle og Henrik Stubhaug (03)  Førstelaget tar også seieren på 4x50 lag medley på søndagen. 



Nordsjøstevnet 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Nov 2018

Reinert Erland tok Førde sin første medalje på 4 år på Nordsjøstemnet. Førde stilte med fem symjarar som var kvalifisert, og symjarane fekk nokre opplevelser dei skjeldan får. Stemnet er det stemnet i Norge med dei hardaste kvalifiserings krava, utenom NM/UM. Det var deltaking fra 11 nasjoner, med ca 640 deltakarar samla i Kristiansand. Landslaget til Norge og Nederland var med, pluss ein del andre nasjoners toppsvømmere. Dette var siste mulighet til å kvalifisere til VM kortbane i Kina, så ein del av symjarane i verdenstoppen som akkurat ikkje hadde klart sine krav, var tilstede for å prestere. Det var fleire deltakarar med medaljer fra dei største mesterskapa, og det var inspirerande å få sjå og symje med og mot dei. 

Førde guttene fekk til mykje bra. Reinert S. Erland (04) tok ein sølvmedalje på 100 medley med tiden 1:05:23. Han fekk til ein veldig bra distanse, svømte litt tett på banetauet på rygg delen, men kom ut på bryst delen, akkurat passelig til å ta igjen resten av feltet på bryst symjinga. Ved vending siste 25, så låg han likt med det som skulle bli vinnaren, og dei var ein liten gruppe som utfordra kvarandre. Reinert halte i land medaljen med ein super sluttspurt, og satte også ny personleg rekord. Dette er første medaljen til Førde på 4 år, og den 11 medaljen i dette årtusen. Det fortel litt når ein veit kor mange gode symjarar som har vore i Førde før, og når ein veit at dei beste i landet er samla, at når ein tek medalje på eit slikt nivå, så er dette stort for lille Førde. Reinert deltok på heile åtte øvelsar i helga, og svømte også denne gangen under UM kravet på 50 bryst, rett bak sin egen personlige rekord. Desverre så vart det den litt sure fjerdeplassen på denne øvelsen, og det skilte berre to tideler til sølvet her.. På 200 bryst, så symde Reinert inn på 2:36:69, der han disponerte veldig fint, og satte pers med 5 sekund. Han fekk ein sjuande plass på denne øvelsen. Reinert symde også inn på 50 fly rett under 29 sekund for første gang, med tiden 28:94, noko som også blei ein sjette plass. Totalt blei det 6 topp 10 plasseringer på Reinert i helga.

Dei andre fire guttane, Sivert Solheim Verhage (02), Henrik Stubhaug (03), Oliver Øksland (04) og Simen Furesund Grimeland (04) utgjorde stafett laget til Førde på 4x100 fri. Dei skulle symje i samme heat som Nederland sitt senior landslag, som var påmeld med tiden 3:10 (smak på dei tidene, og tenk gjennom kor fort dei syme pr 100) Førde sine unge gutar var selvsagt sjangselause på å være i nærheiten, men det var litt av ein oppleving å få symje imot dei. Nederland var ca 80 meter føre Førde i mål, men premien var eit lagbilde saman med stjernene og ny klubbrekord. Nederland er alltid representert i finalane i OL og VM på stafett.

På bildet: Førde sine gutter ilag med det Nederlanske topp laget rett etter stafetten.

Sivert S. Verhage hadde sin beste øving på 100 fri. Der symde han inn på 57:25, som var ein forbedring av pers på over 1 sekund. Sivert sleit litt med sjukdom i helga, så han traff ikkje heilt på alle øvelsane, men alt i alt fekk han nok max ut av helga, med tanke på litt skade og sjukdom før og under stemnet.

Henrik Stubhaug fekk også eit bra stemne. Han fekk ny pers på 50 fri, 50 fly, som ikkje akkurat er favoritt distansane, og på dei andre øvelsane så er han heilt tett på dei gamle persane sine. Henrik har vore i redusert trening i lengre tid grunna kneskade, så med dei gode tidene han fekk i helga, så lover dette godt for tida vidare framover. 

Oliver Øksland symde også meget bra i helga og satte mange nye perser. Han var nær å komme under 2:30 på 200 rygg, satte ny pers med tiden 2:30:92. Oliver symde også ein veldig bra 200 fri, og kom inn på 2:16:32 og persa med ca sju sekund. Oliver persa på nesten alle øvelser, og var berre 2 hundredeler fra 100% pers. Oliver løyste fleire av dei tekniske utfordringane han har slitt litt med før veldig bra på dette stemnet, og når det sitter enda bedre, så blir denne gutten en meget rask svømmer.

Simen Furesund Grimeland får til nokre veldig gode løp på rygg og buttefly i helga, og setter pers på 50 fly, 50 rygg, og 100 rygg. Han er litt uheldig med vendingene på 200 rygg, men er ikkje langt unna pers der heller. på 100 medley så går han all inn fra start og får til en meget god start på fly og rygg. Han kommer i mål til ny pers på denne øvelsen også. Det Simen viser på teknikk forbedring på spesielt fly svømminga, er veldig fint å ta med seg vidare.