NM-Ungdom 2020

Postet av Førde IL - Symjing den 18. Okt 2020

Anders Scheflo Kvåle (05) og Simen Furesund Grimeland (04) var i helga på NM-Ungdom 2020 i Tromsø. Dei har svømt inn til noen veldig gode tider og begge har forbedra seg på to disanser kvar. 

På fredagen svømte Anders 100 fri på tida 56:22 og forbedra seg fra 57:09

Lørdag svømte begge gutane 100 medley Anders kom inn på 1:05:54 og Simen på 1:06:10, ei forbedring med 0/10 sekund. Øvelsen rett før medleyen, svømte Anders 100 rygg på tida 1:03:05, ei forbedring på sin eigen klubbrekord fra 1:03:57

Søndag svømte begge gutane 50 fri, der Anders svømte på 25:42 forbedring med 0/40 sekund, og Simen svømte på 25:55 forbedring fra 25:99. 

På bildet fv: Lagleiar Randi Scheflo, Anders og Simen Dermed har dei begge gjort ein meget flott insatts, og dei kan reise heim og være svært godt fornøyd. Neste mål blir å kvalifisere seg til NM kortbane. Tromsø hallen er heilt ny, og den ser meget bra ut. Her kan det bli meir gøy fremover, for dei kjem garantert til å få tildelt fleire mesterskap. Klubben er meget stolte av våres to mesterskap deltagere, og dei er eit stort forbilde for dei ynge symjarane. Stemne kunne ein følge på direkte tv, og dermed kunne alle sitte heime å sjå på svømminga. Det er veldig bra at media ønsker å vise slike stemne, det håper vi det blir fleire av. 



Haustbløyta 2020

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Okt 2020

Som eit tiltakt for å gje utøverane eit større konkurranse tilbod, så valgte FIL Symjing ilag med Eid symjeklubb å arrangere nokre fleire stemne før jul, slik at symjarane skulle få konkurrere litt på heimebane. Det er mange som vegrer seg for å reise for mykje no i desse tider, så då legger vi tilrette for at dei skal få kjenne på konkurranse nervane. 

Haustbløyta var det første av sitt slag av "korona" stemne, og det vart også lagt til ein slik dato at det var mogeleg å kvalifisere seg til NM-Ungdom i Tromsø. 

Det kom fire symjarar fra Vestkantsvømmerne i tilleg til symjarar fra Eid og Førde. Det vart sett mange personlege rekordar, og det vart teke tre NM-Ungdom krav på stemnet. 

Vestkantsvømmernes Eirik Nordnes Nesse(04) klarte kravet på 50 fri med tida 26:05, medan våres eigne Anders Scheflo Kvåle(05) og Simen Furesund Grimeland(04) klarte kvar sitt krav på henholdsvis 100 fri (Anders) og 50 fri (Simen).

Nettopp 50 fri siste heat vart ein opplevelse av dei skjeldne. Heile heatet kom inn med ein diferanse på 49/100 mellom første og fjerde plass. Alle var under 26 sekund. Simen sin tid var på 25:99, og han klarte dermed karvet med 11/100. 

Anders sin 100 fri fekk han 57:09 og med 1/100 klarte han seg innafor kravet som var på 57:10. 

Dette har dei jobba målretta mot i fleire veke no sidan sommaren, og det er godt å sjå at dei får belønning for innsattsen. Det er nemleg desse to som skal representere Førde IL Symjing i Tromsø. Anders har kvalifisert seg på fire øvelser, medan Simen har to øvelsar. 

(på bildet fv: Anders og Simen)

Sunniva Skrede Hallanger(07) klarte også kravet til Nordsjø stemnet på 50 fri med tida 31:13. Ho er nær på fleire distansar, så med tida vil ho nok få til fleire krav. 

Førde stilte med mange yngre symjarar også, og det var mange som satte flotte personlige rekorder. Det var også mykje bra teknisk svømming, og selv om ikkje alle satte personlege rekorder, så var det ingenting å sei på innsattsen. Stemnet fungerte også som god trening, og alle Førde sine utøvera vart påmeldt uten å få bestemme sine eigne øvelsar. Trenar Øystein Erland bestemte kva øvelsar symjarane skulle symje, og derfor vart det eit tett løpsopplegg for dei flest, og ein kanon trening gjennom heile dagen.   

Neste stemne for Førdesymjarane er på Eid 30 oktober.