Førde symjarane med gode resultat i Bergen

Postet av Førde IL - Symjing den 17. Feb 2020

Førde stilte med 11 symjarar fra klubben, som valgte å starte vinterferien i Bergen på symjestemne. I Slåtthaughallen arrangerte Arna SLK LÅMØ – kvalik. Dette var det siste stemnet i vår region for å kunne kvalifisere seg til LÅMØ som skal arrangeres i Førde den 13.-15. mars. Symjestemnet var for utøvere klasse 2004 til 2009. Våre symjarar dro med ulike målsettinger. Nokon er allereie godt innanfor trygg plassering i sammendraget og ynskte stemnetrening, medan fleire er nær grensa på å være inne eller utanfor topp 24 i sin årsklasse, som kvalifiserer til deltaking på LÅMØ.

Våre symjarar gjer en flott innsats. Det er mange solide perser blant symjarane. Dei yngre symjarane leverer sterke tider, også med tanke på at fleire av dei var for nokre få veke siden i Årdal. Allikevell klarer dei å forbedre seg masse i Bergen. Det kjem av at dei får meir erfaring, og klarer å disponere øvelsen sin bedre. Dette kjem til å bli heilt fantastisk gøy når vi kjem til LÅMØ i Førde. 

Dei eldre symjarane tok også viktige poeng i kampen om å være inne blandt topp 24. Oliver Øksland og Artur Grzebieluch (begge 2004) overraska på fleire øvelser. Oliver slo til med 2:25 på 200 rygg, noke som gjer at han er på skuddhold til topp 3 i årsklassen. Han satte også 4 personlege rekorder på 5 starter. Artur forbedra seg også på 4 av 5 øvelsar og klatra inn på topp 30 i 04 klassen. Dette er den høgste plasseringa til Artur nokon sinne. Begge desse to karane har komt inn i symjegruppe via intensiv kursing, siden dei var relativt "gamle" i forhold til kva ein ofte er når ungar begynne på kurs. Dette er noke vi prøver å legge til rette for når det kjem inn ungdom som gjerne vil prøve symjing. Da er det ekstra kjekt når dei lukkast.Fv: Oliver og Artur. Begge med pers på 4 av 5 øvelsar.


0 Kommentar

Forhåndsbestilling av mat og meny til LÅMØ 2020

Postet av Førde IL - Symjing den 10. Feb 2020

LÅMØ 2020 meny Sunnfjord Catering på Førdehuset..docx

Klikk på vedlegget og sjå menyen til Sunnfjord Catering som ein kan forhåndsbestile til LÅMØ 2020.

Menyen er fra cafèen på Førdehuset. I cafèen er det ikkje tillete med medbrakt mat, så om ein har medbrakt, får ein nyte dette på tilvist område. Vi anbefaler alle å bestille i god tid, slik at det ikkje vert stor trengsel mot slutten av stemnet.


0 Kommentar

Førde IL Symjing på United World College

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Feb 2020

I nokre veke har trenar Øystein Erland vore på United World College på Flekke i Fjaler kommune og bidratt med symjeundervisning for fleire av elevane på skulen. Pga. den labre vinteren med lite snø som elevane skulle brukt til å førebu seg til ridderrennet, så vart det symjing istaden. Elevane kjem fra mange forskjellige land, og nokre har også funksjonsbegrensingar. Nokre av elevane hadde gode symjeferdigheter, medan andre ikkje kunne symje i det heile. Øystein var der tre fredagar i denne omgang, og elevane fekk litt innføring i diverse teknikkar dei kan øve på for å bli betre til å symje. På så kort tid så får ein ta det litt utifra nivået på gruppa, og gjere det ein kan få gjort noke med. Elevane som var mest utrygge, hadde ein flott fremgang, og nokre fekk nok trua på at det ikkje er heilt umogeleg å lære seg å symje.

Fyste økta var det mest fokus på linje og fraspark i linje. Litt flyting og det å være under vatn både på rygg og mage. Andre økta hadde Øystein med seg undervanns pusslespel og bildelotto til oppvarming. Dette vart populært, og tilbakemeldingane var at dei skulle ynsje dei hadde slikt i hallen på Hauglandsenteret. Dei lærte litt meir om crawl og det å få tak på vatnet med å lære seg litt sculling teknikkar.  Siste økta var det meir rygg symjing, og det å finne balansen når ein flyte på rygg og skal rotere fra side til side. Den økta vart også avslutta med litt livreddning, der dei fekk prøve seg på både å symje med ein person, og ilandføring.

Det var meget god stemning i gruppa, og Øystein fekk mange flotte tilbakemeldingar frå elevane. Det er nok ikkje heilt utenkeleg at det vert fleire økter på skulen. Gjerne når open water sesongen begynner. Da flytter vi symjeundervisninga ut i fjorden, og får ta litt utfordringar der.

På bildet ser vi at dei lærer seg å ha fremdrift på rygg med plate, medan Øystein observerer og kjem med innspel til korleis dei skal justere for å få opptimal fremdrift.

Her øver vi på å finne balansen, pluss å få litt fremdrift med beina.



0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline