Holsavatnet Openwater

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Jul 2022

Denne lørdagen vart Holsavatnet openwater arrangert for fyste gang. Det var tilreisande fra Drøbak symjeklubb som var arrangørane bak denne nyskapinga her i vest.  

Starten var ved 4H møteplassen ved stranda i vest enden av Holsavatnet, og ein symde ein distanse på ca 1100m. Førde symjaren Øystein Erland var raskaste deltkar, og symde distansen på rett under 18 minutter. Det var ingen andre deltakarar frå Førde IL Symjing.

Det var heilt fantastisk å symje der. Både været og temperaturen var perfekt. Så får vi sjå om det kan være mulig å få til å skape fleire slike arrangement til neste år. Utesymjing er ein viktig del av symjinga for å kunne kalle seg ein symjar. Ein blir ikkje ein fullverdig symjar før ein mestrer det å symje ute. 

Førde IL Symjing arrangerer ein open water og vannpolo leir på Nesholmen 19-21 August, og der kan ein melde seg på ved å klikke på linken info og påmelding