Førde Open 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 9. Sep 2018

I helga vart Førde Open arrangert i Førdehuset. Dette var sesongens første stemne, og forventningane til dei approberte var ikkje så veldig store, siden det var så tidlig i sesongen. Allikevel, så var det fleire perser, og nokre som klarte å bryte nokre milepeler. 

Sivert S. Verhage (02) kom under 30 sekund på 50 fly for første gang. Reinert S. Erland (04) kom under minuttet på 100 fri, og under 33 sekunder på 50 bryst for første gang. Henrik Stubhaug (03) har vert ute med ein kneskade i lengre tid, men var tilbake og persa også, uten all verdens trenings grunnlag. Simen Furesund Grimeland (04) tok eit nytt Nordsjøkrav, denne gang på 50 bryst. Dei andre symde også imponerende bra, og det var ein god start på sesongen, og ein god peikepinn på at ein er på rett veg. Nokre symde sine distanser for første gang, og noken fekk namnet sitt på dommerblokka. Det kan nok virke litt surt å bli diska, men samtidig så er det nok litt nerver og sommerfugler i magen som skal få skylda. No veit dei ihvertfall at dei står distansen, og kan øve meir på det dei ikkje fekk til på trening. 

Det var fleire dommer aspiranter på kanten denne helga, som fekk prøvd seg. Fleire er også ferdig med sine aspirant økter og kan være med som kretsdommere fra neste stemne. Det er viktig med rekrutering også innen foreldra, så om noken føler dei har litt ekstra å bidra med, så er det berre å gje ein lyd, vi treng alltid fleire dommere.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.