Førde IL Symjing på United World College

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Feb 2020

I nokre veke har trenar Øystein Erland vore på United World College på Flekke i Fjaler kommune og bidratt med symjeundervisning for fleire av elevane på skulen. Pga. den labre vinteren med lite snø som elevane skulle brukt til å førebu seg til ridderrennet, så vart det symjing istaden. Elevane kjem fra mange forskjellige land, og nokre har også funksjonsbegrensingar. Nokre av elevane hadde gode symjeferdigheter, medan andre ikkje kunne symje i det heile. Øystein var der tre fredagar i denne omgang, og elevane fekk litt innføring i diverse teknikkar dei kan øve på for å bli betre til å symje. På så kort tid så får ein ta det litt utifra nivået på gruppa, og gjere det ein kan få gjort noke med. Elevane som var mest utrygge, hadde ein flott fremgang, og nokre fekk nok trua på at det ikkje er heilt umogeleg å lære seg å symje.

Fyste økta var det mest fokus på linje og fraspark i linje. Litt flyting og det å være under vatn både på rygg og mage. Andre økta hadde Øystein med seg undervanns pusslespel og bildelotto til oppvarming. Dette vart populært, og tilbakemeldingane var at dei skulle ynsje dei hadde slikt i hallen på Hauglandsenteret. Dei lærte litt meir om crawl og det å få tak på vatnet med å lære seg litt sculling teknikkar.  Siste økta var det meir rygg symjing, og det å finne balansen når ein flyte på rygg og skal rotere fra side til side. Den økta vart også avslutta med litt livreddning, der dei fekk prøve seg på både å symje med ein person, og ilandføring.

Det var meget god stemning i gruppa, og Øystein fekk mange flotte tilbakemeldingar frå elevane. Det er nok ikkje heilt utenkeleg at det vert fleire økter på skulen. Gjerne når open water sesongen begynner. Da flytter vi symjeundervisninga ut i fjorden, og får ta litt utfordringar der.

På bildet ser vi at dei lærer seg å ha fremdrift på rygg med plate, medan Øystein observerer og kjem med innspel til korleis dei skal justere for å få opptimal fremdrift.

Her øver vi på å finne balansen, pluss å få litt fremdrift med beina.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.