Årdalstemnet 2023

Postet av Førde IL - Symjing den 14. Feb 2023

Førde symjarane var i Årdal i helga. Årdølingane kunne varte opp med heilt nye pallar, noke som falt i god smak av våre symjarar. Vi hadde med ein flott bukett med symjarar, der eit par av dei var debutanter.  Symjarane våre er i trenging til LÅMØ som er vårens mål, og derfor var det ikkje forventa at dei skulle symje så bra som dei gjorde.

Håkon Snilstveit (2011) og Ronja Peterson-Øksland (2013) debuterte som approberte symjarar. Dei gjennomførte mange gode øvelser, og satte noen flotte tider. 

William Wergeland var ein av gutane som hadde dei sterkaste tidene. Han symde inn på 200 fri på 2:05:51 og 100 fri på 1:05:73 og er no svært nær NM-Ungdom krav på desse øvelsene.

Vi hadde ein liten gjeng med rekrutter også som hadde tatt turen. Dei syme meget sterkt, og vi gler oss over fremgangen deiras. 

Natalie Råheim (2009 på bildet) tok beste utøvar premien på damesida. Ho forbedra seg på fleire øvelsar, og styrka LÅMØ poenga hennas. Natalie satte fire persar, og viser god fremgang.

Vi hadde også med oss mange dommere som hjalp til på stemnet. Vi set utruleg stor pris på dei som er med å hjelper til sjølv om det ikkje er på heimebane. Uten alle frivillige, så kan ein ikkje arrangere stemner. Førde hadde åtte dommere med på stemnet. I tilleg så leiger Årdal tidtakersystemet vårt, og der har vi gode avtaler med Berge & Co for transport av utstyret. 

Det er også veldig sosialt å være på slike turar. Vi overnatter på skule, der spelar ein diverse spel og finner på andre gøyale ting å gjere. Luftmadrassene er jo nesten like gode som sengene heime, så det er lett å sove godt. På turen til Årdal fekk vi også låne ein bil fra Hertz Førde til ein rimeleg pris, så det vart sosialt og kjekt på turen også. Måltida var felles ilag med dei andreklubbane på Jotunhuset i bakgrunnen. Her vart vi kjend med nye symjarar frå Voss. Eidarane var også med oss, men dei kjenner vi godt fra før.

Vi er ein flott gjeng som trivast veldig bra ilag, og vi ser frem til Eid om eit par veker. Der håper vi på enda fleire rekruttar og approberte som deltek.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.