Ny symjehall i Førdehuset

Postet av Førde IL - Symjing den 18. Jan 2019

Måndag 14.01.19 vart ein milepæl nådd. Førde kommune mottok førehandsgodkjenning av tilsagn om spelemidlar frå Kulturdepartementet. 

Planane som ligg til grunn for søknaden, oppfyller dei krav som er sett av særidretten for konkurransebasseng. Dette betyr igjen at det kan søkjast om spelemidlar i tråd med førehandsgodkjenninga. 

På grunn av at dette er eit interkommunalt anlegg, kjem og eit særskilt tilskot på 30%, av ordinært tilskot i tillegg.

Dette vil kunne utløyste totalt ca 30 mill. kroner i spelemidlar

Konkurransebasseng ved Førdehuset - Førde kommune - idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning

Nybygg symjehall

Neste steg er å få symjehallen inn i økonomiplanen, så no ligg «ballen» hos våre folkevalgte.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline