Vårduppen 2019

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Mar 2019

Rekord deltaking på Vårduppen på Eid med heile 46 påmeldte symjarar fra Førde, både approberte og uapproberte. 33 approberte symjarar deltok fra Førde, og dei gjorde sine saker veldig bra. Det vart sett ein ny klubbrekord på 4x100 fri mix med tida 4:20:00. På laget deltok Reinert S. Erland(04), Sunniva S. Hallanger(07), Sivert S. Verhage(02) og Maren V. Årdal(03).

Individuelt hadde Førde heile 5 seniorar på start. Dei hadde sin general prøve før NM-Masters neste helg. Dei fekk ein del svar på kor dei ligg form messig. Det var ein del lyspunkt å se, som viser at treningen har gitt efffekt. Litt rusten start teknikk som må forbedres, og litt mer fart, så blir dette bra.

Hans Fredrik Laache (97) gjorde comeback i bassenget, og viste dei yngre guttane at han ikkje har gløymt gamle kunster. Han starter med 50 butterfly på fine 28:15, for så å gå på en sprekk på 100 fri etappen på stafetten, svømmer inn på 1:04. Etter pausen, så starter han 100 fri individuelt, og åpner på smått utruleg 26:56. Hans Fredrik kommer i mål på dagens beste tid på 56:19, og er like overraska som resten på hva som egentlig skjedde der.

Ein annan tidlegare symjar som også gjorde comeback var Fredrik Book Råheim (03) Han har vert instruktør i klubben for dei yngre barna etter at han hengte badebuksa på kroken, men etter at han overraska seg sjøl på ein trening der han prøvde seg på nokre sprinter, så fant han ut at han ville delta på 50 fri på Eid. Der fossa han inn på smått utruleg 27:32, som gjer at han er blandt dei raskaste aktive symjarane i klubben. Kva kan denne gutten få til med litt trening i kroppen?

Junior symjarane har stort sett forbedra seg på nesten alt dei har stil opp i. Dei har trent godt, og dei har no starta vårsesongen godt. Dei som skal til LÅMØ viser at formen er på vei, medan dei andre skal trene seg i enda bedre form til BSF i April.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline