Jugendsvøm i Ålesund

Postet av Førde IL - Symjing den 24. Apr 2022

Førde IL Symjing var representert i Ålesund på Jugendsvøm. Det var nokre av dei yngste som deltok der, og dei tok med seg omtrent alle førsteplassane i dei yngste årsklassane. 

Dei seks som deltok var fv: Kevinas Belaglovis(11) Armandas Belaglovis(09) Mathias Holme(08) Even Bjørkhaug(09) Emma Holme (11) Sigurd Mathias Korsvoll(11)

Fleire av symjarane våre setter sterke tider som er heilt i toppen av sine årsklasser i landet. Vi er meget fornøgde med fremgangen.  

Emma Holme (2011) var einaste jente på turen, og ho fortsetter å forbedre tidene sine. Hun satt også sin første tid på 100 butterfly med fine 1:47:33. Emma er allsidig, og forbedrer seg på fleire disipliner. Hun er ei som alltid gir 100% når hun er i vannet.

Symjarane er i ein fase der vi forbereder oss til ÅM og Førdesprinten. Det viser seg no at dei fleste Bergens klubbane tar turen til Førde i juni, så vi ser frem mot å endeleg få arrangere Førdesprinten slik det var før pandemien. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.