Historikk - Førde IL Symjing


Symjehallen i Førdehuset med 25 meter basseng og eige stupebasseng med brett (1, 3 og 5 meter) vart opna i 1976. Før den tid var det mindre symjeaktivitet i førde. Det vart avvikla nokre symjekurs på "Korsen", inst i Førdefjorden. Der var det og montert stupetårn.

Vi veit såleis at det var interesse for symjing. Det vart lagt til rette for prøver for symjeknappen, og det var nokre som prøvde seg på Havhesten. Ein av dei var biletkunstnaren Malvin Berqvam. Han var ein flink symjar, dykkar, stupar og langdistansesymjar. Han mottok Havhesten under utdeling i Oslo - ei merksemd og oppleving han var stolt over, og sette pris på.

Etter at symjehallen i Førdehuset vart opna, kom det raskt i gang kurs for begynnarar og trening for dei som ville satse på konkurranse. Idrettslaget hadde eiga symjegruppe som vart grunnlagt 3/12-1976. Grunde Selås var den første formannen i denne gruppa. Det var symjegruppa som stod for dei første konkurransane i den nye hallen. Førde IL vart medlem av symjekrinsen i 1979.

Treningsgrupper kom raskt igang. Mange deltok på treningane, men det var ingen som hevda seg mellom dei beste dei første åra. Det vart og starta ei stupegruppe, men mangel på instruktør gjorde det vanskelig å drive denne aktiviteten. Såleis har det ikkje vore noko stupemiljø i Førde, sjølv om det ligg godt tilrette for denne aktiviteten. Det er sjølvsagt mange som nyttar stupebretta, utan at dei tenker på det som ein idrett.

Førde Symjehall var allereie frå starten, godt utstyrt med tanke på konkurransar. Såleis var det arrangert mange instruktørkurs og treningssamlingar der. KM-Senior vart arrangert i 1979 i hallen. KM-arrangementa vart dette året dominert av Svelgen-symjarane Grete Svortevik og Arne Helle.

I 1980 vart det avvikla jubileumsstemne i Førde symjehall. Stemnet hadde samla omlag 100 symjarar, og det var då det største symjestemnet som vart arrangert i krinsen. I 1982 vart "Førdesprinten" avvikla for første gong. Lite viste dei på den tid, om at nettopp dette stemnet skulle bli arrangert i alle år fram til dags dato. Førdesprinten har på det meste hatt over 250 deltaktarar ved fleire høve. Det har utvikla seg til å verte eit flott stemne for klubbane både i fylket og nabofylka, som dei yngste symjarane har brukt som ei avslutning på sesongen.

Det var først frampå 1980 og 1990 talet, at symjegruppa fekk fram symjarar som greidde å hevde seg i krinssamanheng. Av resultata1980 og 1990-åra ser vi at det er fleire som hevda seg mellom dei beste i fylket. Vi nemnar her spesielt Åge Romarheim som var ein god frisymjar. Han hadde i 1994 to av krinsrekordane på 50 og 100 fri, kor av den på 50 fri fortsat står som klubbrekord sommaren 2013.

Thord Monsen, hadde krinsrekordar, både som junior og senior. Thord Monsen vart i 1995 nr 6 på 1500 på kortbane-NM, og nr 4 på langbane-NM i same øving.

Syskena Christine og Anette Brurås representerte Førde på 1990 talet, saman med Elisabeth Skrede og Else Kolle. Dei utgjorde det første kvinne stafettlaget Førde sendte til NM. Elisabeth vart nr 6 på 200 meter bryst på NM I 1995. Anette vart også nr 6 på 200 meter butterfly, same året. Christine vart i Junior NM i 1995, nr 3 på 800 fri og nr 5 på 200 rygg. Ho fekk medalje unde UM dette året. Alle desse jentene og gutane som symde for Førde¨på denne tida, forsynte seg grovt av medaljane på KM. Dei tok mange krinsrekordar også, og noken står fortsatt sommaren 2013. I 1995 vann både Anette Brurås og Øystein Erland, 8 gull kvar på same KM. Totalt enda Anette på 100 KM gull, før ho flytta vidare til Bergen.

Symjegruppa hadde fram mot tusenårsskiftet, stor oppslutnad om symjetreninga. Det vart ein liten nedgang i prestasjoner, etter at dei beste hadde flytta vidare på skule. Slik at dei som kom etter, ikkje hadde noen "store" å henge seg på. Dette resulterte i at symjegruppa fekk ein nedgang på starten av 2000 talet. Det vart så labert i 2006, at Førdesprinten måtte avlysast dette året.

Klubben har vorte bygd opp igjen i et bra tempo, takka være Sissel Viddal Laache. Som på eige initativ starta symjeskulen i Førde. Dette skule vise seg å være gull vert for klubben, både økonomisk og sportsleg. Inntektene fra symjeskulen og fra diverse sponsorer, gjorde at klubben kunne gå til innkjøp av elektronisk tidtakerutstyr.

Saman med symjeskulen, har bredden i klubben vokst. I 2012, var det registrert over 300 medlemmer i klubben. Dette resulterer i at konkurransen om å komme på kurs er stor, og det er av og til nokon som ikkje får plass. Derfor utdanner klubben jevnlig fleire instruktører, slik at flest mulig kan komme på symjekurs.

I 1995 vart Pernille Berntsen fødd. Det skulle vise seg å verte den beste kvinnelege symjaren fylket har hatt nokon gong. Ho har sommaren 2013 berre 2 krinsrekordar igjen å slå, både junior og senior 200 meter butterfly. Ho har vore flaggskipet til Førde i fleire år.

På gutesida veks det også godt. Og då dei fire gutane Hans Fredrik Laache, Even Stubhaug, Johannes Hauge og Teis Malterud hadde kvalifisert seg til 4X200 meter fri stafett på langbane NM i 2012, vart det første gang Førde sendte eit herrestafett lag på NM. På kortbane NM/UM same året, slo dei krinsrekorden på samme øvelse. På Langbane NM 2013, symde dei i tillegg 4X100 Medley stafett.

På Jr. NM hausten 2013, slo gutane til Førde krinsrekorden til Florø på 4X50 Fri. På laget var Even, Hans, Teis og Eidaren Marius Bjørke som hadde meldt overgang til Førde for å være med på stafett laget.

Årets høgdepunkt i 2013 var likevel Teis Malterud som fekk bronse samanlagt på Årsklassemønstringa. Også Hans Fredrik Laache og Even Stubhaug fekk gode plasseringar på ÅM.

I Februar 2014 Arrangerer Førde IL Symjing for første gong eit nasjonalt stemne. Då vert Landsdels Årsklasse MØnstring (LÅMØ) arrangert i Førdehuset. dette er kvalifiseringa til årsklassemønstringa (ÅM) seinare på året. Arrangementet vart ein stor suksess for klubben. Det var over 500 personer i hallen på ein gong, og opp mot 300 symjarar var i sving den helga. Det var over 60 funksjonærer som gjorde at stemnet vart ein suksess. For Førde, så kvalifiserte Teis Haram Malterud seg for ÅM finalen i Stavanger seinare på året.

Hausten 2016 ansatte FIL Symjing Elisabeth Svorstøl Mundal som hovudtrenar. Ho er tidlegare Svelgen symjar, men har dei siste åra budd og trena ilag med Førde. Elisabeth er ung og har mange gode år framfor seg, og det passer godt med at klubben er inne i eit generasjonsskifte. Då kan både ho, symjarane og klubben utvikle seg ilag.

I Februar 2017 arrangerte Førde IL Symjing LÅMØ Vest. Det var på omtrent samme storleik som i 2014, men på åpningen var det enormt med publikum i hallen. Det var mange skuleklassar som hadde tatt turen innom hallen på åpninga. Førde IL Symjing hadde 9 symjarar som var kvalifisert til stemnet. 

Lørdag 2/9-2017 arrangerte Førde IL Symjing for første gang ein Open Water konkurranse. Det skulle svømmes fra Førdehuset til Sanden i Naustdal. ein distanse på 11 km. Det var berre to deltakarar, men med eit godt gjennomført arrangement, og fantastiske rammer, så er det god grunn til å bygge videre på dette. Det vart også arrangert ein Swimrun, der ein fortsetter med løping etter svømminga. Det skulle løpes tilbake til Førde og opp på Hafstadfjellet ifbm. Førde Opp arrangementet. 

Onsdag 4/10-17 var ein milepæl for FIL Symjing. Det aller første stup kurset blei arrangert, og det var 6 unger som deltok. Oskar Brennersted er den første utdanna stup instruktøren i klubben. Målet er å få til ein stupgruppe, og på sikt vise at også stupebassenget har ein verdi for både klubben og Førdehuset. 

Reinert Solheim Erland (04) Kvalifiserte seg til UM 2018. Han er den yngste i klubben til å kvalifisere seg til dette. Han Kvalifiserte seg på 50 bryst med tida 31:96.  Reinert tok også sølvmedalje på Nordsjøstemnet på 100 medley samme året. 

Henrik Stubhaug, fødd 2003 kvalifiserte seg til langbane NM i 2019 på distansen 50 bryst. Han oppnådde tida 32:50 i langbane i Bergen, og kvalifiserte seg dermed til sitt første NM.

2019 sesongen stiller Førde med 4 gutter på UM i Bergen. Det er Anders Scheflo Kvåle (05) på 50 fri og 100 rygg, Simen Furesund Grimeland (04) på 100 Medley, Henrik Stubhaug på 100 og 200 bryst, og Reinert S. Erland på 50 fri, 100 medley, 100 og 200 bryst. Dei stiller også stafettlag på 4x100 fri.  

2019 sesongen er også til no den sesongen kor klubben har den høgste andel lisensierte symjarar. Heile 57 symjarar løyser lisens dette året. Klubben er representert på alle nasjonale stemner, og teller over 500 medlemmar totalt. 

2020 skulle bli året da Korona pandemien satte sine spor. Dette var 100 års jubileumet til Førde IL, og symjeklubben skulle arrangere eit av dei store arrangementa i jubileums året. LÅMØ Vest 2020 blei dessverre avlyst ilag med ein rekke andre arrangement landet over. Symjeklubben hadde rekord mange kvalifiserte til LÅMØ, heile 19 symjarar var forhåndskvalifiserte. 

Styret har i 2020 gjort ein stor jobb med å søke om refusjon av utgifter og tapte inntekter ifbm korona pakker fra myndighetene. Som eit anna korona tiltak, så har klubben arrangert eit ekstra stemne i haust, som fekk namnet Haustbløyta, Her var det deltagere fra Eid, Vestkansvømmerne og Førde.

NM-Junior 2020 i Tromsø stilte Førde med to deltagere. Simen Furesund Grimeland(04), to øvelser og Anders Scheflo Kvåle(05), tre øvelser deltok. Begge satte to personlege rekorder, og Anders forbedra sin eigen klubbrekord på 100 rygg. Begge nærmer seg junior NM krav.

24 August 2021 startet ett nytt kapittel i Førde IL Symjing sin historie. Klubben starter med dei første offisielle vannpolo treningene. Treningene er i første omgang for dei som er mellom 6-12 år. Det vert kalla minipolo. Dette er rekruterings formen for vannpolo. Første kursdagvar det 7 deltakarar, men det auka raskt på når fleire vart klar over dette tilbudet. 

Fortsetter.........

Offisiell logo:


Siste innlegg ...

Nordsjø 2024

688 visninger

NM Ungdom 2024

280 visninger

NM Kortbane 2024

264 visninger

NM Kortbane 2024

264 visninger

Nordsjø 2024

688 visninger

NM Ungdom 2024

280 visninger

AdO Open 2024

363 visninger

Førdestemnet 2024

210 visninger