Nordsjøstemnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Okt 2022

Førde IL Symjing var representert med tre symjarar på Nordsjøstemnet i Stavanger. Stemnet er eit av dei største stemna iløpet av året, og er eit internasjonalt stemne med deltakarar fra mange land. Det var (på bildet fv) Natalie Råheim (09) Mathias Holme (08) og Reinert Solheim Erland (04) som representerte Førde.

Mathias tok Førde sin første medalje på Nordsjøstemnet på fire år. Ein skal virkelig være på topp for å klare ein medalje på dette stemnet. Førde er ikkje bortskjemte med medaljer på dette stemnet, og det er den andre medaljen på åtte år. Mathias symde inn til sølv på 400 fri med tiden 4:28:06 Det var sju symjarar innenfor 2.7 sekund som kjempa om dei to siste plassane på pallen, og Mathias var dei nødvendige 100 delane forran. Han symde i heatet før dei beste, og holdt eit meget høgt og stabilt tempo heile vegen. Mathias symde åtte øvelser, og persa på 200 medley som første øvelse. Der fekk han også ein flott femte plass. Han fekk også ein flott femteplass på 100 butterfly og persa med 1.3 sekunder. Også ein liten forbedring på 50 butterfly fekk han, og han er nære å kommer under 30 sekund på denne øvelsen.

Natalie var kvalifisert på fire øvelser, og hun åpna fredagen med ein sterk gjennomføring på 200 butterfly. Der perset hun med 19 sekunder. Hun svømte meget kontrolert og flott gjennom heile øvelsen, og det var mye pga eit godt undervanns arbeid, at hun fekk ein så god gjennomføring. Hun endte tilslutt på ein flott sjetteplass. Natalie persa også på 100 fri og 100 medley. På 200 fri, så var hun i mål på samme tid som persen. 

Reinert var kvalifisert på fem øvelser. Han har pga litt sjukdom og jobb, ikkje fått trent tilstrekkelig til at formen kom til topps, men han fekk til nokre brukbare distanser. Vi tar med oss heim at han har meire inne om han får ein god oppladning til neste gang, og noen tekniske detaljer som må justeres.



Treningsleir i haustferien

Postet av Førde IL - Symjing den 12. Okt 2022

I fem dager har symjarane i Førde hatt besøk av Solid IL Symjegruppe og Eid Symjeklubb på treningsleir hos oss. Dei har blitt leda på treningane av Hanne Strand fra Bærumsvømmerne og Marte Hordnes fra Bergen Vest svømmeklubb.

Svømmerne har lært mange nye øvelser, og dei har virkelig fått kjørt seg i bassenget. Fra lørdag til onsdag har dei vert 16 timer i bassenget. Det har vert lærerikt også for trenarane som har vore tilstades langs kanten. Førde og Solid sine trenere har vore med under heile leiren, og tillært seg mange nye øvelser.

 I tilleg har dei vore på Spenst Førde og hatt landtrening imellom øktene i bassenget. Dei har fått prøvd seg på ein del basis øvelser, spinning, styrke og avslutta økta på onsdagen med yoga. 

Mandag kveld samla vi utøverane til ein sosial happening på Førde klatresenter. Der fekk dei servert Pizza fra Peppes Pizza, og dei fekk klatre til dei ikkje orka meir.  

Førde symjarane skulle uansett ha ein leir i haustferien, og da Solid ønskte å komme på besøk til oss, så var det berre kjekt. Dei har symjarar på omtrent samme nivå som våras symjarar, så dei passa godt ilag i banene. Leiren var gratis for utøvarane å delta på, og dei tilreisande trengte berre å sørge for egen kost og losji. Det vart servert lunsj etter styrkeøkta. 




AdO Open 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Okt 2022

Denne helga var Førde symjarane i Bergen på symjestemnet AdO Open. Det er eit av dei største stemna på hausten, og Førde stilte med 15 symjarar. 

Formidagsøktene er også kvalifisering til kveldsfinalene, og Førde hadde fleire utøvarar med i finalane. Mathias Holme(08)(på bildet) deltok i A-finalen på 1500m, og han leverte ein gnistrande distanse. Han symde meget jevnt, og snitter på ca 36 sekunder på alle 50 metere. Han klarer å forbedre tiden fra Førdestemnet, og kommer under 18 minutter. Ny pers er på 17:58:82. No er det bare å ta opp jakten på en nesten 30 år gammel klubbrekord. Han er allereie ein av dei raskaste langdistanse symjarane i klubbens historie.

Mange av symjarane fekk til gode tider, og fleire klarte å kvalifisere seg på nokre distanser til Nordsjøstemnet. Natalie Råheim(09) tok heile tre nye krav til Nordsjø, og får dermed slå følge med Mathias og Reinert Erland(04) til Nordsjøstemnet i Stavanger. Førde har ikkje for vane å ha så unge symjarar på Nordsjøstemnet, så dette er stort og meget bra jobba. 

Kevinas Belaglovis og Sigurd Mathias Korsvoll (begge 2011) symde begge inn til noen gode tider. Dei topper for øyeblikket LÅMØ Vest rankingen i 2011 klassen, noe som er kjempe gøy og inspirerende for svømmerne og klubben. 

Også William Wergeland(07), Even Bjørkhaug(09) og Armandas belaglovis(09) har klart kvar sine krav til Nordsjø iløpet av denne helga, så det lover godt for kommende sesonger, når vi har så mange som er og vipper på krava. Totalt har vi 9 symjarar med Nordsjø krav, noke vi er stolt av.