Førde IL Symjing i Haustferien

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Okt 2017

Symjarane i Førde IL Symjing har brukt haustferien godt. Det har vore mykje treningar i ferien, og fleire har nytta det dårlige været godt. 

Mange har vert aktive på fleire fronter, da dei har vore på fotball skule, rulleski trening i tillegg til symjetrening. Nokre har vore austover og både trent og konkurrert. 

Simen Furesund Grimeland (04) representerte Førde i Oslo på OI open høst, og symde 3 øvelser eine dagen. Han satte poeng personlig beste på 100 rygg. Stemnet var i langbane. 

Alle rekrutter som går på videregående kurs, fekk også tilbud om gratis trening i haustferien, og nokre var der kvar dag. Dei har vist stor fremgang, og enkelte har hatt så stor framgang at dei rett og slett har både lært seg nye stilarter og blitt mykje bedre til å symje, og kjem til å hoppe ein del i kurs systemet. Dei nærmer seg treningsgruppa, og slikt er veldig kjekt.

Reinert S. Erland (04) er den som har vore desidert mest på trening i ferien, Han har vert på 26 av 28 timer med treningstid som var satt opp. Han har svømt 90-100.000 meter i ferien. Han har vist ein veldig bra formstigning, og selv med mykje trening i kroppen, så svømmer han tider på trening som er rundt personlige rekorder, både på korte og lange distanser. Med litt topping inn mot stemne i Bergen, så kan dette bli spennande å følge utviklinga på.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.