ÅrsklasseMønstringa 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 8. Apr 2018

Reinert Solheim Erland (04) var som einaste deltager fra Førde, kvalifisert til ÅrsklasseMønstringa 2018, som Lambertseter svømmeklubb arrangerte. Førde Har ikkje hatt noken på ÅM siden Teis H. Malterud var kvalifisert i 2014. Reinert gjorde sine saker veldig bra, og blei nr 11 sammenlagt etter at alle 5 øvelsane var talt opp.

Fredag var det 400 fri, og Reinert åpna den med å sette pers halvegs på 200 fri med ca 2 sekund. Han fekk det litt tungt på slutten og valgte å roe litt ned, men kom alikevell inn på ein tid litt bedre en pers, og fekk ny tid 4:43:85. Det var knytt litt spenning til korleis formen var, men vi fekk bekrefta at den var ganske bra, etter den første øvelsen.

Lørdagen var det to øvelser. 200 rygg og 200 bryst. På rygg øvelsen, som er Reinert sin dårligeste øvelse, men som han og trenar Elisabeth har jobba ein del med teknikken på etter LÅMØ, så gav det resultater. Han persa med neste 4 sekund, og tok også den siste klubb LÅMØ rekorden i denne årsklassen, som han ikkje hadde fra før med tida 2:33:48. Sammenlagt etter 2 øvelser, ligger no Reinert på 21 plass.

Lørdag del to med 200 bryst, som er Reinert sin sterkaste disiplin, så var han i Finale heatet med påmeldt fjerde beste tid. Reinert åpna bra, og kom i mål til ny pers på tida 2:41:01 som er forbedring med litt over 1 sekund. Det holdt til ein sjette plass på denne øvelsen, og Reinert var no nr 12 etter tre øvelser.

Reinert fekk på 200 bryst 2:41:01

Søndagen var det 100 fly og 200 medley. Fly er litt skummel, for ein kan fort åpne for hardt og stivne noe helt forferdelig, og da blir det fort ein forferdelig øvelse å gjennomføre. Reinert holdt litt igjen i starten på denne, og fekk betalt på slutten med ny pers med tida 1:08:90 Reinert hadde beste tid i dette heatet han svømte, og fekk ellevte beste tid på denne øvelsen. Han klatrer no opp til ein ellevte plass sammenlagt etter fire øvelser.

Siste øvelse, 200 medley blir alle heat sortert etter sammenlagt plasseringa etter fire øvelser, og Reinert var i Heat 3 bane 1. Han hadde sine nermaste konkurrentar i sammendraget i sitt heat, og måtte slå dei med ein viss poengsum for å klatre meir i sammendraget. Reinert låg heile tida forran skjema til personlig rekord, og med ein skikkelig avsluttning, så satte han ny pers med litt over 3 sekund. Ny tid er 2:26:99, noke som var den tiende beste tida. 

Til slutt enda Reinert som nr 11 sammenlagt, med forbedring på alle distanser, og fortsatt er han nr to i region vest. 

Innsvømminga i Lambertseter bad. Ein ikkje alt for stor symjehall, men det var eit veldig bra stemne.

Førde vart også ein av seks klubbar på ÅM som klarte 100% forbedring av tidene fra LÅMØ.

Daniel Vindfjell fra Eid var også kvalifisert til ÅM, og det var berre desse to fra Sogn og Fjordane som var kvalifisert. Begge gutane er i 2004 årsklassen. Daniel endte tilslutt på ein 22 plass sammenlagt, og satte pers på 400 fri og 200 rygg. 

ÅM går ut på at ein må først kvalifisere seg til LÅMØ blandt dei 24 beste utøverane i sin årsklasse på 5 forskjellige øvelsar. Etter LÅMØ, så rangerer ein alle resultatene fra dei 5 LÅMØ stemna i landet, bassert på dei 4 beste øvelsane sine, og dei 24 beste i kvar årsklasse kjem til ÅM. Reinert var gjennom sin prestasjon på LÅMØ, kvalifisert inn som 9 beste utøver på ÅM. På ÅM så teller alle 5 øvelsane i sammendraget.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc