Bergen Swim Festival 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Apr 2018

Bergen Swim Festival gjekk av stabelen i helga i 50 meters bassenget i AdO arena. Det var ca 760 deltagerer fra mange nasjoner, med ca 4500 individuelle starter. Førde il Symjing hadde med seg seks deltagarar. Det var eit stemne berre for dei som er født 2005 og eldre, med internasjonal klasse indeling. Mange verdens stjerner og nokre av dei største Norske stjernene var med på stemnet. Tider tett ned mot verdensrekorder blei prestert. I eit slik selskap, så er det ikkje så lett å få topp plasseringer, men symjarane våre har alle forbedra seg bra. 

Det blei sett 3 nye klubbrekorder. Den første var Adrian Teigene(00) på 50 rygg med tida 34:81. Også Simen Furesund Grimeland(04) og Sivert Solheim Verhage(02) var under den gamle rekorden til Even Dvergsdal fra 2012. Den andre var da Reinert Solheim Erland (04) forbedra sin eigen klubbrekord med ca 24 sekund på 200 fly med tida 3:03:11. Begge desse rekordane var både junior og senior rekorder. Den tredje rekorden som blei tatt, var det Sivert S. Verhage som stod for. Han tok Hans Fredrik Laache sin junior rekord på 200 fri fra 2013 med tida 2:07:15. 

Alle symjarane var påmeldt med kortbane rekorder, så tidene kan være litt vanskelig i første øyekast å tolke, men når ein reknar dei om til kortbane tider, så har dei fleste forbedra seg på mykje. Om ein da i tillegg faktisk setter ein klokke pers, så blir den prestasjonen enda bedre. Tidene blir ikkje offisielt omrekna, men ein får ein peikepinn på kor ein ville vert om det var eit korbane stemne.

Artur Grzebieluch (04) hadde sitt første 50 meters stemne. Han forbedra seg på alt han var med på, og svømte på imponerende tider for ein så fersk svømmar. 

Simen Furesund Grimeland (04) persa på fleire øvelsar, og var omtrent på pers på dei som ikkje blei forbedra. Han svømte også 400 medley for første gang på tida 6:13:01. 

Reinert S. Erland (04) forbedra seg på ein del øvelsar. Han er nok mest fornøgd med 100 fri tida, som han omtrent tangerte korbane persen sin med tida 1:02:58.

Henrik Stubhaug (03) svømte også ein veldig bra 100 fri, men er nok mest fornøgd med 50 bryst. Der var han berre 8 hundredeler fra UM kravet som gjaldt for i fjord, så vi venter litt på kva dei nye krava blir for 2018 UM. Henrik har vi stor trua på at skal klare å kvalifisere seg iløpet av sesongen, og kansje allereie før sommaren på dei stemna som er igjen. 

Sivert S. Verhage (02) forbedra seg på nesten alt, og på 100 fri, så knuste han til med ein pers som virkelig lukta svidda av. Han kom inn på 58:98, og han forbedra seg med neste to sekund. Det var første gangen han var under minuttet uansett kortbane/langbane basseng. På 200 fri, satte han ny klubbrekord for junior. På 400 fri, så var målet å prøve seg på klubbrekorden til Thord Monsen fra 1994, men det vart litt tungt på vegen dit. Han kom inn 7 sekund bak rekorden, men her får Sivert fleire sjangsar seinare. 

Ardian Teigene (00) forbedra seg også på fleire øvelsar, og kroner helga med klubbrekord på 50 rygg. 

Mange nasjoner var representert på BSF 2018, og med 760 deltagere, så er dette eit av dei største stemna vi har deltatt på noken gang. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.