Terminliste 2018

 

September:

  

28 - 30 AdO Open, AdO arena (Bergen) 2007 og eldre. Dette er eit stemne i Bergen der alle 2007 og eldre kan delta. AdO er Norges beste symjehall, og den er ein arena der vi ønsker flest mulig av våre symjarar skal delta. Det er ikkje noke kvalifiserings krav til å delta. Her får ein også oppleve finaler og skikkelig stemning. Fin måte å få sjå symjesporten fra ein annan vinkel.

Oktober:

27 - 28 Søtt og Salt cup, Stemmenmyren (Bergen) Dette stemne i Bergen er eit stemne der alle approberte uansett alder kan delta. Her er en fin blanding av korte og lange øvelser. Stemnet er i Stemmemyren, som ligger langs E39 mellom Åsane og Bergen. Stemnet passer ekstra fint for dei yngste, da dei får oppleve eit stort stemne, med mange på eigen alder, og ein litt anna stemning enn på stemna her i fylket.

November:

2 - 4    Nordsjøstemnet, Aquarama (Kristiansand) Kvalikk krav, 2005 og eldre. Dette er eit internasjonalt stemne med deltaking fra mange land. Nivået er høgt, og dette stemnet er det med dei tøffaste kvalikk krava i Norge, utanom NM/UM. Her er det kun dei som er 13 år og eldre som får delta, og dei må i tilleg være kvalifisert. Krava finn ein på medley.no

10 - 11 Hauststemne, Eid (Rekrutt stemne i pausen) Stemnet er på Eid, og vi kjører oppover med buss. Alle approberte skal delta her, om dei ikkje har ein meget god grunn for å ikkje reise. Stemner i fylket skal vi prioritere. Rekrutter kan også delta på dette, og anbefales å reise slik at dei får oppleve det å være med på reise stemner. Her er øvelser for alle. Klubben vurderer å bu på skule, slik at ein kan bygge miljø i klubben. Foreldre som vil være med, kan innlosjere seg på hotell eller anna overnatting, om ein ikkje vil bu på skulen. 

15 - 18 NM Jr/UM Kortbane, AskerKvalikk krav 2005 - 1999 Kun kvalifiserte symjarar deltar her. Ein må være over 13 år. Dei som er kvalifisert får informasjon om dette stemnet. Krava finn ein på medley.no.

Desember:

1 - 2 Julelauget, Volda (Rekrutt stemne i pausen) Å reise til Volda i desember er ein tradisjon symjeklubben har. Her kan både rekrutter og approberte reise, og vi anbefaler alle å ta turen til Volda. Stemnet har lange tradisjoner, og dei lager litt ekstra show for symjarane. Overnatting ahr vert litt diverse, siden mange i klubben har familie i området. Likevell har ein prøvd å få til ein felles middag, og fleire har overnatta på Hotell Ivar Aasen. Vi vurderer skule også her.

14 Langdistanse cup, 1500m, Slåtthaughallen (Bergen) Stemnet er i Bergen i Slåtthaughallen på Nestun. Del to av langdistanse cupen. Her svømmer dei 1500 meter. Første del var i vår, der ein svømte 800 meter, og no skal ein samanlagt vinnar kåres. Førde har fleire som ligger godt an i sine årsklasser til å vinne dette. Det blir ingen overnatting, da ein er ferdig samme dag. Stemnet er berre for 2003 og yngre.

* Stemna på terminlista er dei som klubben dekker ein del utgifter på for deltakarane, og deltakarane betaler ein eigenandel på stemnet. Deltaking på NM, UM, ÅM, og Nordsjøstemnet er særskilt i forhold til eigenandel. Styret fastsetter eigeandel utifra budsjett.

* Symjarar som ynsker å delta på stemner utover terminlista, må dekke alle kostnader sjølv.


Levert av IdrettenOnline