AdO Open 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Okt 2022

Denne helga var Førde symjarane i Bergen på symjestemnet AdO Open. Det er eit av dei største stemna på hausten, og Førde stilte med 15 symjarar. 

Formidagsøktene er også kvalifisering til kveldsfinalene, og Førde hadde fleire utøvarar med i finalane. Mathias Holme(08)(på bildet) deltok i A-finalen på 1500m, og han leverte ein gnistrande distanse. Han symde meget jevnt, og snitter på ca 36 sekunder på alle 50 metere. Han klarer å forbedre tiden fra Førdestemnet, og kommer under 18 minutter. Ny pers er på 17:58:82. No er det bare å ta opp jakten på en nesten 30 år gammel klubbrekord. Han er allereie ein av dei raskaste langdistanse symjarane i klubbens historie.

Mange av symjarane fekk til gode tider, og fleire klarte å kvalifisere seg på nokre distanser til Nordsjøstemnet. Natalie Råheim(09) tok heile tre nye krav til Nordsjø, og får dermed slå følge med Mathias og Reinert Erland(04) til Nordsjøstemnet i Stavanger. Førde har ikkje for vane å ha så unge symjarar på Nordsjøstemnet, så dette er stort og meget bra jobba. 

Kevinas Belaglovis og Sigurd Mathias Korsvoll (begge 2011) symde begge inn til noen gode tider. Dei topper for øyeblikket LÅMØ Vest rankingen i 2011 klassen, noe som er kjempe gøy og inspirerende for svømmerne og klubben. 

Også William Wergeland(07), Even Bjørkhaug(09) og Armandas belaglovis(09) har klart kvar sine krav til Nordsjø iløpet av denne helga, så det lover godt for kommende sesonger, når vi har så mange som er og vipper på krava. Totalt har vi 9 symjarar med Nordsjø krav, noke vi er stolt av. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.