AdO Cup 2023 med Krets og klubbrekorder.

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jun 2023

Det var igjen tid for eit av sesongens få langbane stemner. Langbane er ikkje noke vi trenar på, siden vi ikkje har tilgang på 50 meters basseng i nærheita av Førde/Sunnfjord. Symjarane prøver seg likevell på øvelsar som dei ikkje alltid får på programmet, og som krever at ein må ha trent meget godt for å stå distansane. 

Ei av dei som har gjort jobben godt i lengre tid, er Natalie Råheim (2009). Ho satte to nye junior krettsrekordar i helga på 200 butterfly med tida 3:15:51 og 1500 fri med tida 21:16:27. I tilleg satte ho ny klubbrekord på 400 medley med tida 6:08:89. Svært få, hadde fleire konkurranse meter enn Natalie. Ho kom også i superfinalen på 200 butterfly, samme dag som ho hadde symd 1500 fri og 200 fly tidlegare på dagen. Det vart nesten ubåt på slutten av finalen, men ho kom seg i mål rett bak sin tid fra tidlegare på dagen. 

William Wergeland (2007) satte ny Junior klubbrekord på 400 medley med tida 5:18:47. William klarte også NM-Ungdom kravet på 1500m med tida 18:15:02. William hadde eit svært godt stemne, og var nær å ta klubbrekorden på 100 fri også. 

Både William og Natalie var med på stafettlaget på 4x50 medley mix ilag med Emma Holme (2011) og Mathias Holme (2008) som symde inn til ny klubbrekord, og uoffisiell kretsrekord med tida 2:21:04. Det har foreløpig ikkje lukkast å finne noken andre stemner i langbane, der det har vore stilt eit lag frå ein klubb i Sogn og Fjordane på denne distansen.  

Fv. Natalie, William, Emma og Mathias

Mathias Holme syme mange sterke øvelsar, men sliter litt med pusten på favoritt distansen 1500 fri. Der kommer han inn på 18:28:41 og får ein fin gjennom føring. Han hadde nok håpa å være under 18 minutter, men det får bli neste gang.  

Armandas Belaglovis , Even Bjørkhaug og Mikal S. Eriksen (alle 2009) var i fleire finalar denne helga. Armandas tok seieren i 200 fri finalen med sterke 2:15:64. Han var også favoritt til å vinne 50 rygg finalen, men der vart han for heit i toppen og tjuvstarta med stemnets klaraste tjuvstart. Even var også i to finalar og fekk ein tredjeplass på 50 bryst og ein andre plass på 100 fri. Even prøvde seg også på NM-Ungdom kravet på 1500m, men kom inn 9 små sekunder bak. Mikal kom også til to finalar, der han symde inn til ein sterk fjerdeplass på 100 butterfly og forbedra sin personlege rekord med fleire sekunder. Han symde også ein meget sterk 200 fri, der han forbedra seg med tre sekunder fra tidlegare på dagen. Han var ein av dei som fekk kjenne kor mykje ein finale betyr, og at det løfta han fleire hakk resten av helga. 

2011 deltakarane våre Emma Holme, Sigurd Korsvoll, Kevinas Belaglovis og Filip F. Hafstad gjorde også sine saker meget bra. Det vart mange persar, og Kevinas var desidert yngste deltakar på 200 rygg superfinalen der alle årsklassane er slått isaman til ein finale. Han syme inn til ein flott sjuandeplass og forbedrar seg fra forsøket. Dei tre 2011 gutane er dei som har symd flest konkurranse meter på heile stemnet. Dei deltok på 400, 800 og 1500 fri, pluss ein del andre distansar. Dei presterer veldig godt på alt dei deltar på, og dei er heilt i Norges toppen på fleire distansar i sin årsklasse. Emma var med på stafettlaget som tok klubbrekorden, og ho satte mange personlege rekordar og fekk mange gode plasseringar. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.