24Chilli`s Cup
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Apr 2017
Denne gjengen var i Bergen i helga og deltok på 24Chilli`s cup. Det vart ein ny opplevelse for fleire av dei yngre, som aldri før hadde deltatt på eit stemne utenfor Sogn og Fjordane. Førde IL Symjing stilte med ikkje mindre enn 19 symjarar, og var i storleik på høgde med fleire av Bergens klubbane. Symjararne gjorde også sine saker veldig bra.
Det er mange unge symjarar, berre 4 symjarar er eldre enn 13 år. Det gjer at vi har ein gruppe med veldig unge symjarar som er i utvikling, som blir spennande å følgje.
Stemnet begynte med den lengste øvelsen på programmet. Siden det var 40 påmeldte deltakarar på 1500 fri, så blei den delt opp på to dager. Gutane lørdag, og jentene søndag. Førde hadde med 3 deltakarar på 1500, Reinert S. Erland, Sivert S. Verhage og Stine Myrland. Ingen av dei hadde svømt denne distansen før, så det var ein ny erfaring. Sivert og Reinert var i samme heat. Reinert starta friskt, og halvegs leda han med ca 11 sekund på Sivert. Sivert fekk opp farten etterkvart, og tok igjen Reinert. Dei siste 300 meterne, så kjempa dei to guttane ein hard kamp om heat seieren, og dei kjørte rundetidene ned fleire sekund. Inn på siste 25 meter var det heilt jevnt, men sivert hadde dei lengste fingrane, og slo inn 2 tideler føre Reinert. Reinert hadde tatt ut alt, og kasta opp heilt på slutten, medan han svømte inn på oppløpet. Dei begge enda på 21:08, ei tid som var langt bedre enn vi hadde forventa på forhånd. Stine var veldig nervøs før start, men åpna bra på sin 1500 på søndagen med runder rett under 50 sek pr 50. Hun passerte 400, 5 sek bak pers, og runda 800 på 13:03. Etter 800 gjekk det litt tyngre, men hun mobiliserte og kjørte rundetider på de siste 300 godt ned under 50 igjen. Stine kom inn på 24:35:20. Det var heilt tomt, og hun hadde tatt ut alt, seie ho til Elisabeth, som hadde lagt opp til eit skjema på 24:29. Dette var god lærdom for desse tre, med tanke på disponering av løp.
fv: Reinert S. Erland, Stine Myrland og Sivert S. Verhage, symde 1500 meter for første gang i helga. |
Henrik Stubhaug Hadde ein særs god lørdag med nokre imponerande tider på 50 og 100 bryst. Han nærmar seg UM krav, og har fleire Nordsjøkrav inne. Med 1:16:00 på 100 bryst og 34:36 på 50 bryst, så kan han med god trening framover nå desse milepelane før storebror Even klarte det i forhold til alder.
Sivert Verhage kom for første gang under 30 på 50 fri. Han symde inn på 28:89. Sivert imponerte også på 100 fri med 1:02:63 på lørdag, med 1500 meteren i kroppen.
Simen Furesund Grimeland satte ny pers på 100 bryst med ca 10 sekund, og symde inn til gull på denne øvelse. Han hadde også ein god 100 medley, som førte han inn til bronse og ny pers.
Det var mange som forbedra sine personlige rekorder, og stemnet under eit, var ein flott opplevelse for klubben.
Oppsumert, så ble det 14 gull, 7 sølv og 17 bronse til Førde symjarane.
Dei som deltok for Førde i helga var: Stine Myrland, Ingrid Levie Vegsund, Jenny Bjørkaug, Elisabeth Mundal, Sivert Verhage, Martin Kriken, Henrik Stubhaug, Erik Alnes Litsheim, Reinert S. Erland, Nikolay Hvidsten, Andreas Hvidsten, Sondre Kriken, Adrian Kriken, Simen F. Grimeland, Thomas Husevåg Løland, Atle Ølnes Kapstad, Ludvik Vassbotn Guldhav, Magnus Johan Bøe og Aksel Bjørkhaug.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.