Julelauget 2017
Postet av Førde IL - Symjing den 3. Des 2017
Førde symjarane var i Volda i helga og deltok på det tradisjonelle Julelauget. Det var ca 270 deltagere, inkl rekrutter. Førde hadde med 26 approberte og 8 rekrutter til Volda.
Lørdagen gjekk veldig bra med mange nye forbedringer av personlige rekorder. Andreas Hvidsten (06) tok bestemans premien på lørdagen med sin poengsum på 400 fri. Premien var på 1000,-
Andreas Hvidsten
Lørdags kvelden med omtrent heile gruppa på Hotell Ivar Aasen i Ørsta med Pizza bufè til heile gjengen falt i smak. Det var høg stemning, og gruppa kosa seg. Det ahdde vert ein lang dag med avreise fra Førde kl 07, så med stemne til kl 20 og middag etterpå, så sovna helie gjengen fort.
Pizzakveld med symjegruppa
Søndag starta stemnet med store tekniske problemer, og med litt hjelp fra Mardon S. Erland, så fekk dei igang tidtaker systemet. Overføringa av tider til livetiming fekk dei aldri opp å gå, og resultatlister måtte la vente på seg, så det får vi sjå på mandag korleis det gjekk til slutt.
Symjarane skapte nokre magiske øyeblikk på søndagen. Etter at dei hadde svømt nokre øvelser stod 100 butterfly på programmet.
Dei yngste guttene svømte inn mykje bra tider, og Anders S. Kvåle (05) overaska veldig da han symde inn på tida 1:27:73. Ein øvelse han ikkje hadde tid på fra før, og som han har slitt med å holde teknisk heile vegen.
Anders S. Kvåle
Da Reinert S. Erland (04) svømte inn på 1:12:79 og knuste sin egen personlige rekord med hele 8 sekunder, så blei det både bamseklem og jubelbrøl. Reinert sjølv trudde han hadde svømt for kort, da han såg tida.
På 200 rygg for damer, blei det ein tett duell mellom dei to Førde jentene Stine Myrland (05) og Maren V. Årdal (03). Samtidig ville Stine slå Siri Kråkenes fra Eid som er i samme årsklasse. Stine fulgte Siri nesten heile 200 meteren, og var nesten på sida da det gjenstod 25 meter, men Siri hadde litt ekstra igjen på slutten. Både Stine og Maren forbedra seg på 200 rygg med ca 3 sekund kvar, og i mål skilte det ca 5 sekund mellom dei to Førde jentene i favør Stine.
200 rygg for herrer, da var det Oliver Øksland (04) sin tur til å skape ett magisk øyeblikk. Han åpna som vanlig knallhardt, og det var ingen tvil om kven som skulle ta heat seieren. Men vi venta litt på at han skulle stivne, som han av og til har gjort, men dennegangen holdt han hele veien inn. Han kom inn på 2:33:85 og knuste sin egen pers med ca 8 sekund. Vi på kanten måtte gni oss litt i auga da tida kom opp. Tida er så god at han blir å kjempe om medaljer på LÅMØ i februar.
På stafetten 4X50 lag medley for gutter, så kjempa Førde seg inn til ein svært spennande sølvmedalje, rett framfor Volda. Med Volda på heimebane, så vart det stor stemning når dei var så tett, men med Simen Furesund Grimeland(04) , Reinert S. Erland (04), Sivert Verhage (02) og Oliver Øksland (04) på laget, så holdt vi akkurat unna med ca eit halvt sekund. Ålesund tok gullet med god margin.
Stemnet har også gitt oss nokre nye tider for dei som prøver å kvalifisere seg til LÅMØ, og omtrent alle har fått litt meir poeng på rankingen.
Dette var siste stemnet i 2017. Neste stemne er LÅMØ kvalikk i bergen 20-21 Januar, og Klubbmesterskap mandag 22 Januar i Førde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.