Årdalstemnet i 50 meters utendørs basseng.
Postet av Førde IL - Symjing den 24. Jun 2018
Øvre Årdal i 50 meters utendørs bassenget vart sesong avsluttingen til symjeklubben. Det har ikkje vore stemne der siden NM i 1997, og det var ein spent gjeng fra Førde som reiste inn til indre Sogn. Ingen av symjarane hadde konkurrert ute før, og fleire hadde sin langbane debut. Også rekruttane fekk sitt stemne i pausen, slik at dei også fekk prøve seg på langbane. I og med at det var første gangen på mange år at det vart arrangert stemne i Årdal, så var det veldig greit at det vart eit ikkje så alt for stort stemne. Arrangøren ville også finne ut korleis det fungerte med elektronisk tidtaking i bassenget, og med innleigd utstyr fra Førde og Volda, så fekk ein til dette. Været kan ingen gjere noko med, og selv om det kunne med fordel ha vert nokre grader varmere i luften, så var det veldig behagelig i vannet. Symjarane koste seg masse ihvertfall. Overnatting på skule hadde dei fleste benytta seg av, og klubbane blanda seg på tvers av kvarandre. Siden det var st.hans på lørdagen, så vart det grilling på bål og grill. Leikar og konkurransar. Jotun symjeklubb (arrangøren) stilte med utstyr til grill og leik. Dei stilte også med både middag og frukost til dei som overnatta på skulen. Alt i alt, var dette ein vell gjennomført helg fra arrangøren sin side, og det kjem garantert til å bli fleire stemne i Årdal i dette bassenget.
Førde stilte med ein fin gjeng med symjarar, og det var dei yngste symjarane som skulle imponere denne helga. Kristoffer Myrhol (07) har tatt store steg dette året, og viser ein fremragende bryst teknikk. Bendik Håland (08) har ein meget flott crawl teknikk, og det å sjå desse to gutane svømme er berre å sjå og nyte.
Vilde Scheflo Kvåle (07) og Nikoline Håland (06) var dei to yngste approberte jentene, og dei fekk også sine saker flott til. Dei vart leda fram av Maren V. Årdal (03) og Stine Myrland (05). Nikoline, Stine og Maren fekk med seg bestemans premier i sine årsklasser.
Gutane fekk også med seg nokre bestemanspremier. Sivert Verhage (02), Anders S. Kvåle (05), Ludvik Guldhav (06) og Kristoffer Myrhol (07) vant i sine årsklasser.
På bildet fv: Kristoffer Myrhol, Arina Leonhardsen, Ludvik Guldhav, Bendik Håland, Sivert Verhage, Reinert Erland, Vilde Kvåle, Stine Myrland, Vilma Guldhav, Maren Årdal, Sturla Myrhol, Simen Grimeland, Nikoline Håland og Øystein Erland. (ikkje tilstede på bildet, men deltok på stemnet: Anders Kvåle, Mathias Holme og Sander Birkeland)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.