Hauststemnet 2019
Postet av Førde IL - Symjing den 10. Nov 2019
I helga var symjeklubben på Eid med ein stor gjeng. Det var totalt 28 approberte og 6 rekrutter med til Eid. Klubben kjørte i buss fra Firda billag AS og overnatta på skulen på Eid. Dette er eit av dei mest sosiale stemna vi har gjennom året, mykje grunna felles transport og overnatting. Utøverane har gjort mange gode prestasjoner, med mange nye perser, og fleire har fått nye LÅMØ tider registrert, samt forbedra sine tidlegare tider.
Henrik Stubhaug (03) som skal delta på kortbane NM neste helg på 50 bryst, viste på Eid at han er klar for NM. Med ein ikkje alt for perfekt start, så klokka han allikevel inn til ny pers med tida 31:77. Fortsatt har han litt å gå på for å få ein perfekt øvelse, men da skal alt stemme. Satser på at det skjer neste helg.
Stine Myrland (05) gjorde come-back etter skade som har hold hun ute fra trening i heile oppkjøringa til sesongen, men svømmer godt ned mot sine personlige rekorder, og det er kjekt å sjå at hun er på gang etter skade.
Sunniva Skrede Hallanger (07) fortsetter å svømme fort, og på både 100, 200 og 400 fri, så har hun raskeste tid uansett alder.
Sanne Furesund Grimeland (07) fortsetter også fra siste stemne i Bergen med å knuse sine personlige rekorder. Den ferske 400 fri persen sin senker hun ytterligere 32 sekunder, og kommer under 7 minutter for første gang. Hun forbedrer seg også med 30 sekund på 200 medley. Totalt er det ca eit og eit halvt minutt forbedring på Sanne på Eid i helga.
Vilde Scheflo Kvåle, Petrikke Monsen og Jenny Bjørkhaug (alle 07) svømmer også dei meget bra, og forbedrer seg på mange øvelser. Desse fem 2007 jentene utgjør ein meget lovende stamme av jenter som er på vei til å gjere at klubben kan sjå lyst på framtida med tanke på rekrutering av jenter til svømminga. I klubben har det i lengre tid vore stor overvekt av gutter, men med fleire jenter på veg opp, så begynner det å se lyst ut. med 11 jenter og 17 gutter, så er tida da vi akkurat klarte å stille eit mix lag på stafett endelig over.
Artur Grzebieluch (04) gjorde også ein meget god prestasjon på 100 fri. Han symde den med mindre en 10 pust gjennom heile øvelsen. Første pustinga kom etter 35 meter, og når han får til slik svømming, så blir det pers. Han persa med 2,5 sekund, og er snart oppe på tidene til dei andre 04 gutta som har holdt på med svømming mykje lengre.
Stafettane på lørdagen, 4x50 fri, blei av den spennande sorten både for jenter og gutter. Laga til Førde var satt opp som jevne lag på papiret, og det blei også veldig jevnt i bassenget. Førde sine to jente lag låg nesten heilt likt i tet ved venksling før siste etappe, og dei kjempa alt dei kunne for å komme først i mål. Eid hadde sterke Siri Kråkenes på siste etappe, og hun gjorde kort prosess og tok heat seieren for Eid, etter at hun hadde henta inn ledelsen Førde jentene hadde opparbeida seg. Volda sine jenter som symde i det første heatet tok førsteplassen på øvelsen, og dermed så endte Førde jentene opp med ein flott bronse medalje. På gutte stafetten så vart det enda jamnare. I finale heatet så tok Førde sine lag oppskriftsmessig ledelsen fra start og etter tre etapper så skiller det berre 1 sekund mellom Førde 1 og 2, medan Eid er 4 sekund bak Førde 2 som leier ut på siste etappe. Daniel Vindfjell fra Eid setter på ein voldsom turbo og hentar inn Førde 2 rett før mål, men Førde 1 har gått opp i ledelsen og i mål så vinner Førde 1 med 3/10 forran Eid med Førde 2 på tredje plass 1.2 sekund bak Eid. Jamnare kan det nesten ikkje bli, og det gav meget god stemning i hallen og publikum fekk valutta for oppmøtet. Søndagens stafetter der gjorde Førde sine jenter på førstelaget kort prosess på resten av laga. Sjølv om Eid åpna 5 sekund fortare enn Førde på første etappe, så var laget sitt snitt veldig bra, og Førde kom i mål 23 sekund før Eid og tok dermed gull på denne øvelsen. Guttane leverer igjen ein meget solid stafett og selv om Eid får sin revansj fra lørdagens knepne tap, så tar Førde heim sølv og bronse på 4x50 medley. Det skiller berre 2 sekund mellom dei to Førde laga.
Inn mot LÅMØ, så fekk fleire av 2009 modellane nye tider registrert. av 2008 modellane så fekk Kaja Johannesen Skrede to nye tider til LÅMØ, og no gjenstår det berre 400 fri og 100 fly før ho er klar. Vilma Guldhav fekk godkjent tidene sine på 100 fly og 400 fri, så da er hun klar for LÅMØ. Sturla Nyhammer Myrhol fekk to nye tider på øvelsene 400 fri og 200 rygg, og mangler berre tider på 200 medley og 100 fly for å være klar.
Rekruttane fekk også prøve seg på Eid begge dagane, og dei fekk til mykje bra symjing. Lørdagen var det også stafett, og alle fekk symje på lag. Det var mange gode tider og mykje glede å sjå blandt rekruttane.
På bildet forklarer trenar Øystein Erland rekruttane på lørdagen korleis opplegget fungerer både med stafett og individuelle øvelser. Det er mange ting som skal lærast og repeterast. Dette er nokre av fremtidens symjarar i Førde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.