AdO Open 2021
Postet av Førde IL - Symjing den 26. Sep 2021
Førde IL Symjing stilte med 14 symjarar i Bergen på AdO Open. Stemnet var ein stor suksess for Førde symjarane, der dei eldste var tilbake på sporet med gode perser.
Anders S. Kvåle (05) forbedra sine eigne klubbrekordar på både 50 og 100 rygg, og er no svært nær å komme under 1 minutt på 100 rygg. Anders satte fleire persar, og kom også under 25 sekund på 50 fri. Ander har no klart heile 7 krav til NM-Ungdom i Stavanger, og 4 krav til NM-Kortbane i Porsgrunn. Det er fortsatt mulig å klare fleire krav. Anders har også 8 tider som kvalifiserer til Nordsjø stemnet i stavanger. Anders har hatt ein meget sterk sesong no i høst, og han har virkelig fått uttelling på den korte tida han har hatt i Bergen.
Også Reinert Erland (04) har gjort det sterkt i Bergen. Reinert satte endelig ny pers på 50 fri, og kom inn på 25:65. På 50 bryst så satte han også ny pers med sterke 31:76 Reinert har no 3 øvelser med krav til Nordsjø stemnet i Stavanger.
Vilma Guldhav (08) hadde også eit meget godt stemne, og har klart to krav til Nordsjø stemnet. Ho svømte på sterke 30:58 på 50 fri, og 1:08:99 på 100 fri. Vilma satte mange meget sterke tider, og utfordrer dei litt eldre symjarane i klubben på tidene deiras på fleire øvelser.
Deltakarane på AdO Open 2021 for Førde IL Symjing: Framme fra venstre: Gabriel Amble, Ludvik Guldhav, William Wergeland, Natalie Råheim, Jenny Bjørkhaug. Bak fra venstre: Reinert Erland, Oliver Drage, Mikal Eriksen, Even Bjørkhaug, Armandas Belaglovis, Sander Birkeland, Anders Kvåle, Vilma Guldhav, Petrikke Monsen.
Neste stemne for klubben er på heimebane 16-17 oktober. Da er det Førdestemnet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.