Landsstevnet 2021
Postet av Førde IL - Symjing den 21. Nov 2021
Førde IL Symjing debuterer på landsstevnet og har med seg to symjarar. Det er Mari Stadheim Eikenes (08) og Martin Lillebø (08).
Begge symde 3 øvelser på lørdagen, og Mari symde også 3 øvelser på søndagen. Dei har begge forbedra seg frå tidlegare oppnådde tider, og er svært fornøgd med gjennomføringa.
Landsstevnet som tok plass i Oslo i år, er eit stemne for Para svømmere i klasse S14. Dei blir delt inn i 4 klasser utifra kva nivå dei svømmer på. I år var det over 70 detagere fra heile landet, fra 17 klubber. Førde IL Symjing sin sattsing på para symjing er ein viktig bidragsyter til å være ein klubb som har plass til alle. Det er svært viktig å tilrettelegge, slik at alle som har lyst å lære seg å symje, kan få den muligheten. Vi er stolte av våres deltagere på Landsstevnet, og vi håper dei fekk meirsmak og vil ta ytterligere steg innafor symjinga.
Stemnet er også ein stor begivenhet for symjarar og dei andre som følger klubbane på dette stemnet. Det er lagt opp til eit flott program heile helga, med ein bankett lørdags kvelden som det store høgdepunktet.
På bildet fra venstre: Martin, Mari og Lagleiar Inger Sund.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.