Vårduppen Eid 2023

Postet av Førde IL - Symjing den 27. Feb 2023

Førde IL Symjing var med på Vårduppen på Eid i helga. Der hadde vi 11 approberte symjarar og 7 rekruttar med. Dette var siste stemnet før LÅMØ, og vi hadde eit par symjarar som mangla nokre krav for å bli kvalifisert. Dessverre så vart det både sjukdom og disk som gjorde at dei ikkje klarte å kvalifisere seg. Vi har likevell 11 symjarar som no er klare for LÅMØ. 

Resultata på Eid var som forventa, siden vi er inne i ein tung treningsperiode. Dei etablerte symjarane syme godt, men det vart ikkje så mange persar. Dei er likevell, ganske nær, så vi håper at dei skal komme i form til LÅMØ. Vi hadde også ein debutant i Hella Höllige (2011) hun klarte seg meget godt og fikk satt mange nye tider. 

Symjarane trivast godt på stemne turar, der felles overnatting, mat og diverse aktiviteter utanom symjinga er i fokus på kveldane. Det er alltid god stemning, og vi håper at fleire vil være med oss på turane fremover. Neste stemne er LÅMØ Vest, før Bergen Swim Festival i april. 

William og Mathias er dei eldste symjarane våre, og dei drege lasset for klubben for tida. Dei har eit godt topp nivå, og dei syme inn mange gode tider. På 200 fri, så var det ein duell der William fekk den beste tida på 2:05:72, medan Mathias fekk 2:07;57. Mathias kom veldig fort på slutten, så hadde det vert 50 meter til, så kan det hende han hadde tatt igjen William. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.