ADO Cup 2024 - Kvalifikasjoner til NM Langbane

Postet av Håvard Korsvoll den 19. Jun 2024

Stor deltaking og sterke prestasjonar frå Førde IL Symjing

ADO Cup 2024 blei arrangert i Bergen i helga, og Førde IL Symjing markerte seg sterkt både med tanke på antal utøverar og med tanke på sterke resultat individuelt og på stafett.

Førde stilte med heile 16 svømmere på stemnet. Det blei sett 56 nye personlege rekordar, og nokre prestasjonar som ligg heilt i norgestoppen.

Førde IL Symjing Mix1 jr. tok 2. plassen i 6x50m Fri Mixed. Dei sette ei knallsterk tid på 3.03,77 i finaleheatet. For denne prestasjonen fekk laget ein stor pokal til premiesamlinga i Førdehuset. Svømmarane på laget var Sigurd, Kevinas, Filip, Hella, Ronja og Emma.

For mange av svømmarane våre er dette det første langbanestemnet dei har deltatt på. Dette gjeld Ingrid, Håkon, Ronja, Erik Leander, Hella, Arno og Adrians. Alle desse gjorde flotte prestasjonar og har klart å ta personlege rekordar, noko som er sterkt på langbane.

Mange personlege rekordar

Armandas, Kevinas, Even, Mikal, Filip, Emma, Mathias, Sigurd og William har delteke på langbanestemne tidlegare og er såleis erfarne svømmarar. Dei gjorde alle gode prestasjonar og tok fleire personlege rekordar.

Alle resultat frå stemnet kan ein finne på Swimify.

Bestemannspris og kvalifikasjonskrav til NM Lanbane

Sigurd gjorde eit svært godt stemne og svømte 50m fri på 25,65. Dette resultatet tilsvarer 541 poeng og gjorde at han vann bestemannspremie for yngre junior, gratulerer så mykje.

Denne tida er også under kvalifikasjonskravet til junior NM. Det betyr at vi har 3 svømmarar som er kvalifisert til NM. William og Mathias er kvalifisert frå før. Mathias tok eit nytt kvalifikasjonskrav i løpet av helga på 200m butterfly med sterke 2.20,81, som også er ny krinsrekord.

Kvalifikasjonar til NM Langbane

William Wergeland
100m bryst, 200m fri
Mathias Holme
100m fly, 200m fly, 200m fri
Sigurd Korsvoll
50m fri

Ny krinsrekord

200m fly
2.20,81
Mathias Holme

Takk til trenar Håvard

Vi i foreldregruppa vil gi ein stor takk til trenaren vår i symjeklubben, Håvard Melle. Han legg ned ein stor innsats for svømmarane våre. Resultata i dei siste svømmestemna viser at jobben han gjer verkeleg ber frukter.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.