Sunnfjord Open 2016
Postet av Førde IL - Symjing den 5. Okt 2016
For Elisabeth Mundal, var dette første stemne som lagleiar, etter at ho starta i ny rolle som hoved trener i Førde IL Symjing. Elisabeth er storfornøyd med alle symjarane, og deiras prestasjoner. Alle symjarane trener godt, og har vist god framgang, noko som kom til syne på stemnet. Dei som er i LÅMØ alder forbedra seg på nesten alle øvelsane sine. Med forbedringane, så både avanserte dei og styrka plassane sine på rankingen. Det skal mykje til om det ikkje blir økning fra fjord året på antall deltakarar på LÅMØ.
Det er også veldig flott og innspirerande for dei yngre symjarane, at dei eldre symjarane også er med på stemnet. Og dei fekk sjå både Hans Fredrik Laache som omtrent måtte ha hjelp opp av bassenget etter sin 100 fly, der han stivna som han aldri har gjort før, og når han symde 100 fri på sterke 56:89. Han fekk også bestemanns premien for Junior gutt med 100 fri prestasjonen. Også Elisabeth var uti, og symjde nokre øvelsar, og ho viste framgang i forhold til dei siste stemna ho har delteke på. Teis H. Malterud, Thale Fink og Mardon S. Erland gjorde også sine saker bra.
Førde IL Symjing som arrangør, fekk til eit godt arrangement. Det var første gang vi brukte dei nye startpallane og dei nye rygg startarane. Det er nytt for både tidtakarar, dommerne og symjarar å ha slik utsyr, men det ordna seg veldig bra. Førde IL Symjing viste nok ein gang at det å arrangere stemne, det er vi veldig gode på. Eg vil driste meg til å sei at vi er best i Vest.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.