Gull til symje jentene til Førde.

Postet av Førde IL - Symjing den 13. Mar 2016

Førde sitt jentelag på 4X50 fri tok gull på Vårduppen på Eid i helga. Det er første gang på fleire år at Førde kan stille jentelag på stafett, og når vi først gjorde det, så tok dei jammen meg gull også. Etter fantastisk symjing av (fra høgre) Maren Vinjevoll Årdal, Stine Myrland og Thale Fink, så avslutta Tomine Furelid med ein fantastisk spurt, da ho tok igjen og symde over Brattvåg, slik at Førde fossa inn til gull. Det var ett av dei magiske øyeblikka som man husker i lang tid framover.

Førde forsynte seg grovt av medaljane, og både gutar og jenter kom heim med masse medaljer og gode persar.

Tomine Furelid gjorde comeback i symjinga, og viste alle at ho slett ikkje har lagt på sofaen dei åra ho har vore vekk fra symjinga. Ho viste enorm styrke og fekk fart på armar og bein, og fossa inn til mange gode og imponerande tider.

Stine Myrland var debutant, og ho symde veldig bra på sitt første stemne som approbert. Ho fekk gull på 100 fri, og ein andreplass og to tredjeplasser. At ho også var med på gull laget til jentene smakte nok ekstra godt. Stine har ein lovande framtid i symjinga, og sammen med dei andre jentene, så kan vi få eit godt og slagkraftig jente lag i tida framover.

Ein av dei som gjorde comeback etter 32 år utanfor symjekonkurranse, var Christoffer Fink. Han symde 50 fri, og var med på stafett for Førde. Christoffer stakk like godt av med bestemannspremien for senior, og viser at det er fult mulig å være med selv om man ikkje er i skulealder. Både han og underteikna oppfordrer fleire tidligare symjarar til å ta på seg badetøyet, og starte opp igjen med treninga.

Gutane symde også veldig bra, og alle hadde stor framgang. Dei som tildligare i år var med på LÅMØ, viste fortsatt framgang, og forbedra tidene dei hadde fra Stavanger. Dette viser at dei har gjort mykje bra på trening, og det motiverer til fortsettelse.

Førde stilte med 16 approberte symjarar og 6 rekruttar. Stemnet hadde også rekord deltaking, og det var meldt inn 196 symjarar.

Neste stemne for Førde IL Symjing er Jugendsvøm i Ålesund 9-10 April.


Kommentarer

— Guest