NM Kortbane 2024

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Nov 2024

Førde IL Symjing har gjort ein sterk innsats på NM i Bodø i helga. Vi deltok med Mathias og William som hadde kvalifisert seg på fleire øvelsar. Vi kan notere oss med to nye klubbrekordar og ein krinsrekord.

Mathias hadde kvalifisert seg til 3 øvelsar (100 fly, 200 fly og 200 fri). På 100 fly blei det rett bakk pers på 58,34, 21. plass i juniorklassen. På 200 fly kom han nokre sekundar bak pers og fekk tida 2.19,75, noko som gav 16. plass. På 200 fri sette han ny pers med tida 1.56,12, som er klubbrekord og krinsrekord på distansen. Plasseringa blei 14. plass i juniorklassen.

William hadde kvalifisert seg til 4 øvelsar (200 medley, 100 medley, 200 fri og 100 bryst). På 200 medley blei han dessverre diska. På 100 medley persa han, fekk tida 1.00,72 og sette ny klubbrekord. Han fekk 20. plass i juniorklassen og 30. plass i seniorklassen. På 200 fri og 100 bryst fekk han tider rett bak pers (1.57,54 og 1.08,54).

Vi er svært stolte av prestasjonane til desse to i årets NM, og vi gler oss til nye mesterskap i 2025. Tusen takk til trenar Håvard Melle som var med til Bodø.



1 Kommentar

Nordsjø 2024

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Okt 2024

Nordsjøstemnet 2024 gjekk av stabelen i helga, og vi deltok med heile 7 symjarar frå Førde. Emma, Armandas, Mathias, Kevinas, William, Sigurd og Even.

Mathias svømte 6 øvelsar og var spesielt fornøgd med 3 av dei. På 400 fri svømte han på 4.08,20, nok ein klubbrekord i sekken for Mathias. På 100 fly forbetra han sin eigen klubbrekord med tida 58,05. På 100 fri forbetra han også sin eigen klubbrekord med tida 53,22.

Kevinas deltok på 100 rygg og fekk tredjeplass i sin klasse med tida 1.06,00. På 200 fri klokkar han inn på 2.10,64, noko som er innanfor regionslagskravet. God innsats.

William er fornøgd med 2.11,71 på Individuell Medley (forbetring av klubbrekord) og 1.08,55 på 100 Bryst. God gjennomgang inn mot NM i Bodø.

Armandas persa solid på 50 fri med 25,47. 100 Medley gjekk også fort unna, men frå bryst etappen og inn stemmer det ikkje heilt.

Sigurd hadde ein god start på stemnet med pers på 50 fri, 24,64 og førsteplass i sin klasse. Han persa også på 100 fri med tida 56,48. På søndag blei han dessverre sjuk og måtte stå over 3 øvelsar.

Even deltok på 3 øvelsar, og han er mest fornøgd med resultatet på 50 bryst der han persa med 0,99 sekund og fekk tida 33,51. Even var også prega av litt sjukdom i løpet av stemnet.

Emma starta helga med 50 fri der ho der ho persa solid og fekk tida 30,11. Dagen etter er ho med på 50 fly og svømmer inn til 33,45. Resten av helga heiar ho på dei andre.

Vi deltok med stafettlag på 4x100 m fri. Her sette gutane ny krinsrekord med 3.42,30.

Totalt vart det 5 klubbrekordar og 1 krinsrekord i løpet av helga, og det må seiast å vere ein solid innsats av våre svømmere. Vi gler oss til å kome tilbake neste år.

Alle resultat kan studerast her: https://ltmobil.medley.no/klubbperson.aspx?stevnenr=4709&klubbid=47






NM Ungdom 2024

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Okt 2024

Førde IL Symjing sendte 4 symjarar til NM Ungdom 2024 på Jessheim 18. til 20. oktober. Dette var Mathias, Armandas, Even og Sigurd. Dei gjorde ein god innsats alle saman, og vi kunne også ta med oss to bronsemedaljar heim i bagasjen. Mathias Holmø tok 3. plassen på 200m butterfly og 200m fri. 200 fly svømte han på 2.11,51 som er ny klubbrekord.

Resten av laget svømte også godt og sette fleire personlege rekordar. Vi deltok på 4x100m lag medley, der gjorde laget ein god innsats og kom inn på ei sterk tid, 4.11,54.


Alle resultata kan studerast nærare på medley.no: 

https://ltmobil.medley.no/klubbperson.aspx?stevnenr=4338&klubbid=167




Årets vakraste eventyr

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Okt 2024

Denne helga var parasymjarane i Oslo, nærmare bestemt i Fjellhamar Arena. Der var det duka for ein symjekonkuranse for para utøvarar. Dette er årets store høgdepunkt, og noko dei ser fram imot, heilt sida forige gang dei var med. Å få reise på ein slik tur over fjellet med alt det innebærer av flyplass logistikk og opplevelser i hovedstaden i tilleg til sjølve symjekonkurransen, er ein stor boost for både sjølvtilitten og for motivasjonen for å jobbe vidare for å skape enda meir indrettsglede og mestrings følelse. Årets stemne hadde deltakar rekord, og det var mange symjarar som hadde tatt vegen til symjehallen denne flotte søndagen.

Dei tre symjarane våre som var med over fjellet denne gangen var Mari, Helen og Anita. Dei fekk symje to øvelsar kvar individuelt, samt ein stafett. Alle fekk gullmedalje, og alle fekk ein følelse av at dei fekk kjenne på mestringsfølelse. På bildet fv: Helen Halbrend, Øystein Erland, Mari Stadheim Eikenes, Anita Halbrend og Liv-Anna Sund Johannessen som var lagleiar på stemnet.

Mari symde kjempe bra, og seie at det er mykje kjekkare å symje konkurranse, enn å symje på trening. Ho hadde både første og siste etappen på stafetten. Tvillingane Anita og Helen var særs nøgd med bassenget, då det var samme dybda halve bassenget. Då var det mykje lettare å symje og føle seg trygge. Ei bøn dei då har med seg heim til Sunnfjord kommune er at det nye bassenget kjem med hev og senk botn, slik at ein kan ha same dybda over det heile. Til venstre er Mari som nett er ferdig med sin øvelse som heier inn Anita, då ho symde 25 meter heilt aleine for første gang, og får ein dobbel high five av Øystein.

Her er Helen på veg til mål på ein av sine øvelsar, med ein Øystein som ein sikring. Berre om det skulle være behov. Stort sett så går det veldig bra uten at han treng hjelpe til.

Oslo by gav også nokre opplevelsar. Mari og Liv-Anna drog på shopping og såg seg litt rundt i byen på eigenhånd, medan Tvillingane og Øystein for på sightseeing. Vi var innom Hotell Cèsar, Stortinget, hilste på garden ved slottet, og til slutt ein tur innom Erketunet sin cafè ved Oslo Rådhus. 

Turen har vore sponsa av bl.a Rema 1000 butikkane i Førde som ligg på Hafstadflata og ved Øyrane senter. Dette gjer at det er mogeleg å gi denne idrettsgleda og mestringsfølelsen til utøverane. 

Alle skal få muligheten til å få gode opplevingar gjennom idretten uansett kva nivå ein er på. Derfor er vi i Førde IL Symjing oppteken av at alle skal få være med, og at alle skal få oppleve noko som dei kan ta med seg vidare i livet som ein positiv opplevelse. Vi gledar oss allereie til neste år, og ønska for nye opplevingar rundt konkurransen er allereie komt på blokka. 




AdO Open 2024

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Okt 2024

13 av Førde sine symjarar deltok på AdO Open i Bergen siste helga i september. Resultata viser at symjarane har hatt ein veldig god treningsperiode etter sommaren, og dei er komne godt i gang med sesongen.

Det blei sett heile 62 personlege rekordar i løpet av helga. Mathias Holme sette ny klubbrekord på 100m fri i A finalen med tida 53,77. Han sette også klubbrekord i 100m fly i B finalen med tida 58,89. William Wergeland sette ny klubbrekort i 200m medley med tida 2.12,55. 

Sigurd gjorde ein svært god prestasjon å 50m fri med tida 24,82 i forsøket. Med dette kvalifiserte han til B finalen, noko som er svært sterkt for ein 13 åring.

Deltakarar frå Førde var: Adrians, Arno, Armandas, Kevinas, Even, Mikal, Filip, Emma, Mathias, Erik, Sigurd, Ronja og William