Haustbløyta 2020

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Okt 2020

Som eit tiltakt for å gje utøverane eit større konkurranse tilbod, så valgte FIL Symjing ilag med Eid symjeklubb å arrangere nokre fleire stemne før jul, slik at symjarane skulle få konkurrere litt på heimebane. Det er mange som vegrer seg for å reise for mykje no i desse tider, så då legger vi tilrette for at dei skal få kjenne på konkurranse nervane. 

Haustbløyta var det første av sitt slag av "korona" stemne, og det vart også lagt til ein slik dato at det var mogeleg å kvalifisere seg til NM-Ungdom i Tromsø. 

Det kom fire symjarar fra Vestkantsvømmerne i tilleg til symjarar fra Eid og Førde. Det vart sett mange personlege rekordar, og det vart teke tre NM-Ungdom krav på stemnet. 

Vestkantsvømmernes Eirik Nordnes Nesse(04) klarte kravet på 50 fri med tida 26:05, medan våres eigne Anders Scheflo Kvåle(05) og Simen Furesund Grimeland(04) klarte kvar sitt krav på henholdsvis 100 fri (Anders) og 50 fri (Simen).

Nettopp 50 fri siste heat vart ein opplevelse av dei skjeldne. Heile heatet kom inn med ein diferanse på 49/100 mellom første og fjerde plass. Alle var under 26 sekund. Simen sin tid var på 25:99, og han klarte dermed karvet med 11/100. 

Anders sin 100 fri fekk han 57:09 og med 1/100 klarte han seg innafor kravet som var på 57:10. 

Dette har dei jobba målretta mot i fleire veke no sidan sommaren, og det er godt å sjå at dei får belønning for innsattsen. Det er nemleg desse to som skal representere Førde IL Symjing i Tromsø. Anders har kvalifisert seg på fire øvelser, medan Simen har to øvelsar. 

(på bildet fv: Anders og Simen)

Sunniva Skrede Hallanger(07) klarte også kravet til Nordsjø stemnet på 50 fri med tida 31:13. Ho er nær på fleire distansar, så med tida vil ho nok få til fleire krav. 

Førde stilte med mange yngre symjarar også, og det var mange som satte flotte personlige rekorder. Det var også mykje bra teknisk svømming, og selv om ikkje alle satte personlege rekorder, så var det ingenting å sei på innsattsen. Stemnet fungerte også som god trening, og alle Førde sine utøvera vart påmeldt uten å få bestemme sine eigne øvelsar. Trenar Øystein Erland bestemte kva øvelsar symjarane skulle symje, og derfor vart det eit tett løpsopplegg for dei flest, og ein kanon trening gjennom heile dagen.   

Neste stemne for Førdesymjarane er på Eid 30 oktober.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline