Førde symjarane i Ålesund

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Sep 2021

I helga var Førdesymjarane i Ålesund med ein liten tropp. Stemnet var klemt inn mellom LÅMØ og AdO/ÅM helga. Dermed var det ikkje så mange som reiste, men vi hadde med oss 4 approberte og 3 rekruttar. 

For Emma Holme (2011) så var dette hennas første stemne som approbert. Ho deltok på åtte øvelsar, og fekk godkjent tid på sju av dei. Ho symde alle fire stilartane på 50 meterane godt under 1 minutt, noko som i seg sjølv er ein sterk prestasjon når ein berre er 10 år gamal. Emma (på bildet) blir spennande å følge med på i framtida.  Dei andre approberte som var med til Ålesund var 2009 guttane Armandas Belaglovis og Gabriel Amble, samt Mathias Holme (08) Dei symde mange av dei korte øvelsane, og satte nokre nye persar på fleire av ølvelsane. Mathias som neste helg skal til ÅM, kom seg også under30 sekund på 50 fri for første gang.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.