Nyhetsbrev nr 2 Førde IL Symjing
Postet av Førde IL - Symjing den 30. Des 2020
No er året 2020 endelig ferdig. Symjarane har gjort unna sin siste trening for året og stuparane var ferdige rett før jul. Symjarane avslutta med vannpolo på siste trening, ein idrett som vi skal starte opp med organiserte kurs og treninger utpå nyåret.
Søndag 27/12 var det klart for 10.000 meter, og vi hadde 7 symjarar som klarte dette. Vi var 13 som deltok, der den yngste var 9 år. Snittet ble på 8350 meter. fem av dei som fullførte 10.000 er på bildet under, pluss to jenter til som holdt på mens bildet ble tatt. Dei to var Pertikke Monsen (07) og Natalie Råheim (09). På bildet fv: Mathias Holme (08) Gabriel Amble (09) Sunniva S. Hallanger (07) Jenny Bjørkhaug (07) og master svømmer/trener Sissel Leth-Olsen. Gabriel avslutta sin 10.000 meter med 25 meter fly, så da ville Natalie ikkje være noke dårlegare, så ho avslutte med 50 fly, der Petrikke toppa det med 100 fly. Så begynte dei to jentene å skulle svømme lengst. Dei avslutta med eit par ekstra lengder med ein 25 meter sprint i ein totalt mørkelagt symjehall. Noke måtte vi gjere for at dei skulle avslutte, så vi måtte bare slå av lyset, ellers hadde dei vel holdt på enda.
Symjarane hadde også sin årlege juleavsluttning før juleaften, der nissen kom på besøk. Der vart også symjarane presentert for den nyinnkjøpte 75" skjermen vi skal bruke i hallen bl.a. til å vise teknikkvideoer.
Symjekursa for 2021 er det god påmelding til, men det er fortsatt mange ledige plasser på kursa for dei minste i Førdehuset. Baby og småbarnsvømminga er nesten heilt fullt. Påmelding til stupekursa er også bra med påmeldinger til, men det er plass til fleire. Påmelding her
Året som har gått har vert veldig anderledes, men vi har stått på og gjort det beste ut av det. Klubben ilag med Eid og symjekrinsen har arrangert eit par ekstra eindags stemner, slik at symjarane har fått konkurrert ca ein gang kvar mnd. Mot slutten av treningsåret så rauk også det midterste banetau festet i symjahallen i Førdehuset, så dette må ordnast før vi kan arrangere fleire stemne. Dette er planlagt i veke 8 ilag med at vi skal få heilt ny belysning i hallen. Dette gledar vi oss til.
Symjeklubben er godt igang med å planlegge LÅMØ Vest for 2021, et stemne som kanskje får ein annan dato, eller arrangert på ein litt anderledes måte enn vanlige låmø for å imøtekomme smittevernkrav som fortsatt vil gjelde godt inn i 2021. Meir info om dette kjem utpå nyåret.
Vi takker alle som bidrar til eit godt miljø i Førde IL Symjing for året som har gått, og ønsker alle eit godt nytt år.
Julestemnet på Eid 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 6. Des 2020
Eit av få stemne som har blitt arrangert no i den siste tiden gjekk av stabalen på Eid. Julestemnet som er eit av to eindags stemne på denne sida av jul, som er eit av tiltaka vi i Sogn og Fjordane har gjort for at symjarane skal få konkurrert sjølv under strenge korona regler.
Symjarane fra Førde har trent godt i haust og dei fortsetter med å imponere med god fremgang. Kjekt også at dei litt eldre symjarane også viser gode tider.
Førde stilte med 16 symajrar på Eid, som vart kjørt med buss fra Firda billag til og fra.
Jentene setter mange veldig sterke tider og forbedrer seg masse. Natalie Råheim (09) fortsetter å sette sterke tider og på 400 fri så kommer hun under 6 minutter for første gang. Hun svømmer på 5:59:04 Natalie forbedrer seg med 10 sekunder på 200 IM og eit par sekunder på 50 rygg. Vilma Guldhav og Agathe Hvidsten (begge 08) gjer også sine saker meget bra. Agathe forbedrer seg med 12 sekunder på 200 bryst og nesten eit sekund på 0 fri. Vilma Forbedrer seg med 28 sekunder på 400 fri, 21 sekunder på 200 IM, 16 sekunder på 200 rygg, 4 sekunder på 100 fly, 19 sekunder på 200 bryst og 2 sekunder på 50 rygg. Petrikke Monsen og Jenny Bjørkhaug (begge 07) er også veldig i siget. Petrikke setter dagens største pers med over eit minutt på 400 fri. Hun forbedrer seg også på 200 IM med 33 sekunder, 8 sekunder på 100 fly, 11 sekunder på 200 bryst, og tre sekunder på 100 bryst. Jenny kommer under 3 minutters grensa på 200 IM med ny pers og tid 2:57:61. Hun forbedrer seg også med 11 sekunder på 100 fly, 5 sekund på 200 bryst og nesten 2 sekunder på 50 rygg. Maren V. Årdal (03) svømmer også sterke tider, men setter ikke noen pers. Hun er likevell svært nær, så det kommer nok. Det er viktig for de yngre jentene å ha ei å sjå opp til, så verdien av at Maren er med er veldig stor.
I 2006 gutte klassen så skulle dagens duelanter Edvard Aamot og Ludvik Guldhav ha fleire inbyrdes oppgjør. på 400 fri, så setter begge solide perser, Ludvik setter den beste tiden med flotte 5:09:61, ny pers med 16 sekunder, mens Edvard perser med ca 12 sekunder og kommer inn på 5:33:80. På 200 medley så bryter Edvard 3 minutters grensa og kommer inn på 2:55:36. Ludvik tar bestetid med 2:43:90. Begge perser med ca 7 sekund. På 200 rygg perser begge med noen små sekunder. 100 butterfly, så perser Ludvik såvidt, medan Edvard perser med ca 7 sekund. Han nærmer seg Ludvik og kommer inn på 1:25:92 bare ca fem sekund bak Ludvik. På 200 bryst så får Edvard sin revansj da begge bryter 3 minutters grensa. Edvard vinner med 11/100 og får tida 2:58:55. Alt i alt ein meget vellukka dag for dei begge.
Gutter 2004 og 2005 med Reinert Erland, Artur Grzebieluch og Anders Kvåle satte også flotte tider. Anders var litt støl i armene etter å ha vert på klattring i den nye klattrehallen på Vie på lørdagen, så han fikk ikke helt til det som var planlagt. Reinert er stabil på eit høgt nivå, og Artur forbedrer seg på 100 medley og 50 fri med nokre små tideler. 2008 guttene Sander Birkeland og Mathias Holme leverer kvar for seg heile fem nye personlige rekorder.
I 2009 klassen har vi med tre gutar. Gabriel Amble, Even Bjørkhaug og debutant Mikal Eriksen. Gabriel sliter med ein vond hand, men setter livekvell tre nye personlige rekorder. Even har også nokre vonde ribbein, men setter to personlige rekorder. Debutant Mikal setter 5 nye tider og leverer til meget godt i sin debut. Det er alltid spennende med nye svømmere, og vi gleder oss til fortsettelsen.
Hauststemnet 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Nov 2020
Det vart ei helg i damenes tegn denne gangen. Heile 10 jenter deltok, og det er ikkje ofte vi har like høg andel jenter til start fra Førde IL Symjing. Og dei krona det med å slå ein sju år gammel klubbrekord på 4x50 fri.
Førde hadde totalt 20 deltagere til start + fem rekrutter på rekrutt stemnet. Siden tilskuere ikkje har tilgang til symjehallen, så må symjarane lage stemning i hallen og heie fram sine lagkamerater. Det gjekk stilt og fint for seg på lørdag formiddag, men då 400 medley starta så steig stemningen. Ein fekk følelsen av at det var ein NM finale på ein stafett slik som stemningen blei utover i løpet. Etterkvart som dei eldre symjarane som var på land såg at dei yngre jentene var iferd med å overgå sine forventninger, så blei dei veldig ivrige på å heie dei fram. Det forsatte gjennom heile herre øvelsen også. For jentene symde Natalie Råheim(09), Vilma Guldhav(08), Petrikke Monsen(07) og Sunniva Skrede(07) 400IM. Dette var første gang dei symde denne øvelsen, og før start blei det lagt ein slagplan for korleis dei skulle "overleve" denne kraft øvelsen. Jentene var tydelig nervøse og hadde litt lave forventninger til seg sjøl. I første heat symde Natalie, Petrikke og Vilma. Natalie klinka til med 7:10:23 og er einaste jente 09 i landet som har gjennomført denne øvelsen med godkjent tid ifølge medley.no. Også Vilma 7:44:20 og Petrikke 8:00:53 symde meget bra. I neste heat skulle Sunniva symje inn til sterke 6:17:94. Rett etterpå, så er det stafettt, og der klinker Sunniva til på første etappe med ny pers på 50 fri med 30:64. Laget, bestående av Sunniva, Jenny, Bjørkaug(07), Stine Myrland(05) og Maren V. Årdal(03) klokker inn til ny klubbrekord med tida 2:08:87 Dermed slår dei den sju år gamle rekorden med ca tre sekund.
På bildet er alle deltakarane og lagledere fra Hauststemnet 2020 på Eid.
På 400 medley for guttene, så svømmer Gabriel Amble 7:07:98(09) og Teodor Monsen 8:08:68(09) sin 400IM for første gang. Begge får god heia hjelp av dei eldre symjarane, og ser meget fornøyd ut etter egen innsats. Dei eldre gutane Anders S. Kvåle(05), Reinert S. Erland(04) og Henrik Stubhaug(03) er klar i siste heat. Anders er nr to bak Daniel Vindfjel(04) etter første 100, men deirfra og inn, så tar Anders over kommandoen og siger ifra og vinner øvelsen på sterke 5:06:65. Det er berre fem små sekunder fra klubbrekorden på denne øvelsen. Henrik og Reinert ender opp med å kjempe ein hard kamp for tredjeplassen i heatet, der Henrik stikker frem armen litt før Reinert og det skiller berre 3/10 etter 400 meter.
Også på LÅMØ rankingen er det i skrivende stund ni Førde symjarar som er kvalifiserte. Det er ca 4 mnd igjen til kvalifiseringa er over, så der kommer hovedfokuset til å ligge for dei som er 2005 og yngre no dei neste mnd.
NM-Ungdom 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 18. Okt 2020
Anders Scheflo Kvåle (05) og Simen Furesund Grimeland (04) var i helga på NM-Ungdom 2020 i Tromsø. Dei har svømt inn til noen veldig gode tider og begge har forbedra seg på to disanser kvar.
På fredagen svømte Anders 100 fri på tida 56:22 og forbedra seg fra 57:09
Lørdag svømte begge gutane 100 medley Anders kom inn på 1:05:54 og Simen på 1:06:10, ei forbedring med 0/10 sekund. Øvelsen rett før medleyen, svømte Anders 100 rygg på tida 1:03:05, ei forbedring på sin eigen klubbrekord fra 1:03:57
Søndag svømte begge gutane 50 fri, der Anders svømte på 25:42 forbedring med 0/40 sekund, og Simen svømte på 25:55 forbedring fra 25:99.
Haustbløyta 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 5. Okt 2020
Som eit tiltakt for å gje utøverane eit større konkurranse tilbod, så valgte FIL Symjing ilag med Eid symjeklubb å arrangere nokre fleire stemne før jul, slik at symjarane skulle få konkurrere litt på heimebane. Det er mange som vegrer seg for å reise for mykje no i desse tider, så då legger vi tilrette for at dei skal få kjenne på konkurranse nervane.
Haustbløyta var det første av sitt slag av "korona" stemne, og det vart også lagt til ein slik dato at det var mogeleg å kvalifisere seg til NM-Ungdom i Tromsø.
Det kom fire symjarar fra Vestkantsvømmerne i tilleg til symjarar fra Eid og Førde. Det vart sett mange personlege rekordar, og det vart teke tre NM-Ungdom krav på stemnet.
Vestkantsvømmernes Eirik Nordnes Nesse(04) klarte kravet på 50 fri med tida 26:05, medan våres eigne Anders Scheflo Kvåle(05) og Simen Furesund Grimeland(04) klarte kvar sitt krav på henholdsvis 100 fri (Anders) og 50 fri (Simen).
Nettopp 50 fri siste heat vart ein opplevelse av dei skjeldne. Heile heatet kom inn med ein diferanse på 49/100 mellom første og fjerde plass. Alle var under 26 sekund. Simen sin tid var på 25:99, og han klarte dermed karvet med 11/100.
Anders sin 100 fri fekk han 57:09 og med 1/100 klarte han seg innafor kravet som var på 57:10.
Dette har dei jobba målretta mot i fleire veke no sidan sommaren, og det er godt å sjå at dei får belønning for innsattsen. Det er nemleg desse to som skal representere Førde IL Symjing i Tromsø. Anders har kvalifisert seg på fire øvelser, medan Simen har to øvelsar.
(på bildet fv: Anders og Simen)
Sunniva Skrede Hallanger(07) klarte også kravet til Nordsjø stemnet på 50 fri med tida 31:13. Ho er nær på fleire distansar, så med tida vil ho nok få til fleire krav.
Førde stilte med mange yngre symjarar også, og det var mange som satte flotte personlige rekorder. Det var også mykje bra teknisk svømming, og selv om ikkje alle satte personlege rekorder, så var det ingenting å sei på innsattsen. Stemnet fungerte også som god trening, og alle Førde sine utøvera vart påmeldt uten å få bestemme sine eigne øvelsar. Trenar Øystein Erland bestemte kva øvelsar symjarane skulle symje, og derfor vart det eit tett løpsopplegg for dei flest, og ein kanon trening gjennom heile dagen.
Neste stemne for Førdesymjarane er på Eid 30 oktober.
Førdestemnet 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 21. Sep 2020
I eit ellers andersledes idretts år, og i jubileumsåret til Førde IL, så fekk symjeklubben arrangert det årlige Førdestemnet. Med godt smittevern, ingen publikum og minimalt med funksjonærer, så gjekk stemnet meget bra under dei forutsettningane som har vore. Dommarane var tidtakarar, slik at det ikkje vart for trangt for dei voksne funskjonærane. Symjarane vart slusa inn med god avstand seg imellom, og det vart ingen trengsel rundt start området.
Svømmerne har hatt litt forskjellig oppladning til stemnet, og mange har venta på å få ein slags restart og få vite kor dei ligger an i løypa for å kvalifisere seg til LÅMØ, UM og eventuelt NM. Nokre fekk nok ein liten ekstra motivasjons boost, og andre fekk stadfesta at det slett ikkje var så ille som ein skulle tru, no med ca eit halvt år uten stemne.
Anders Scheflo Kvåle (05) kvalifiserte seg sågar til NM ungdom i Tromsø på 100 medley. Han satte også ny pers på 200 medley.
Rekruttane var også med, og resultatene deiras finn du her på Resultatliste Rekrutt 2020.pdf
På bildet ser vi dommarene som også fungerte som tidtakarar. Dermed vart det ikkje noke problem med avstandsregelen for voksne funksjonærer.
Nyhetsbrev nr 1 Førde IL Symjing
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Sep 2020
Det skjer mykje i symjeklubben, og vi har tenkt på tidlegare at eit nyhetsbrev kan være ein fin måte å informere og vise medlemmane i klubben at det jobbes godt i klubben. Så her kjem det første nyhetsbrevet.
Symjeklubben har økt med ca 20% deltagere på symjekurs samenlikna med samme periode i 2019. Det er en kjempe økning som vi er veldig glade for. Symjeklubben har vore veldig synlege i fleire medie bilde i sommer, og det har vore stort fokus på symjeferdigheter ifbm. mange drukningsulykker.
Sommerens gratis symjekurs kor vi hadde ca 160 barn innom hallen har også vore ein inngangsport til symjekurs i haust, da alle fekk melde seg på med fortrinnsrett til kursa. No er klubben i ein situsjon der vi har neste alle kurs fulle. Det er berre nokre få ledige plassar igjen på enkelte kurs.
Vi har som mål at alle skal få plass, så vi streber oss etter å gje alle eit tilbod. Stupekursa har vore populære, og vi har også der ein fin gruppe med nye stuparar. Vi håper på fleire som vil stupe, og det er nokre ledige plassar på kursa på onsdagar. Klikk på linken Påmelding stupe og symjekurs for å komme til påmelding. Albatross gjengen som er på tredje nivå stup, skal få seg nokre turar til Bergen for å få tatt nokre øvelser i AdO og få øve seg i eit skikkelig stupebasseng. Førde manglar som kjent ein 3 meter, og har ikkje dei rette faselitetane til stupe trening, men vi gjer så godt vi kan med det vi har.
Også baby og småbarn kursa blei fort fullteikna. Der har vi oppretta eit ekstra kurs for 2-4 åringane. Hvis det blir nødvendig, så vil vi også sjå på om vi kan åpne eit baby kurs til, men det kjem an på kor mange som står på venteliste.
Konkurranse gruppa har hatt eit aktivitets tilbud gjennom heile sommaren. Det har vore litt så som så pga corona situasjonen, men vi er no igang ihvertfall. Det frykta frafallet har ikkje vore så stort, og vi håper at dei som har vert på ein lang pause, snart finner ut at svømming er ein livslang idrett som ein aldri slutter heilt med. Det har vore både grill sammenkomster og pizza kvelder med svømmerne no i starten. Svømmerne har fått høre hvordan trenerne ser for seg at sesongen kommer til å bli, og dei får være med å påvirke hvordan deiras treningshverdag skal se ut. Vi har alltid hatt mange unge svømmere, så det er eit mål og viktig for klubben å beholde dei så lenge dei er busett i Førde.
Trener gruppa er solid og god. Det er kommet til noen nye trenere, medan noen er gått ut. Klubben har fordelt ansvaret ut i gruppa på fleire hoder, slik at ikkje nokre få skal sitte med alt. En del av gjennoppstarten etter corona stenginga har gått med på å se på organiseringa av trenings hverdagen til svømmerne. I mange år har klubben hatt hovedtrenere/programskrivere, men tida er no inne for at dei som står på kanten tar meir ansvar. Vi er i ein god situasjon der største delen av trenerne har tatt trener 1 utdannelse, og virker å være veldig motivert til å bidra og skape eit godt treningsmiljø i klubben. Det er mykje kompetanse i klubben, både av tidlegare svømmere, men også engasjerte foreldre.
12-13 September skal klubben arrngere Førdestemnet. Påmelding til dette er 2 september, og vi er veldig spent på hvor stor deltaking det blir. Vi har forberedt oss godt til dette stemnet med tanke på smittevern, og vi er sikre på at det kommer til å bli eit veldig bra arrangement. Dette blir siste prøven vår før LÅMØ 2021, som vi skal arrangere i Mars.
Open Water vettreglene til NSF
Postet av Førde IL - Symjing den 4. Jun 2020
Vårduppen på Eid 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Mar 2020
Vårduppen gjekk av stabelen på skuddårsdagen og førte symjarane inn i våren med mykje god symjing. Førde IL Symjing stilte med 23 approberte symjarar på Eid denne gangen og fire rekruttar.
av dei elste symjarane, så var det Simen Furesund Grimeland (04) som nok kunne smile breiast etter helga. Han kom under minuttet for første gang på 100 fri på ein individuell start, han har vore under på stafett tidlegare, men no kom han inn på 58:83. Han persa også på 50 fri på søndagen med tida 26:44. Der tok han sølvet forran Reinert. Simen tok med seg heim 2 gull fra Eid. Reinert Erland (04) har begynt å få litt forbedring i symjeformen, og han leverte tider han ikkje har vert i nærheten av siste året. Han satte også pers på 50 fly og 200 fri. Han tok med seg heim 4 gullmedaljer på sine 6 starter. på både 200 bryst og 200 medley, så melder han om tider nær pers, så no skrur han på forventningene framfor LÅMØ. Artur Grzebieluch (04) setter pers på 50 fri og får også sølv på 100 fri.
På stafetten 4x50 fri, så blir i tilleg til dei tre 04 gutane, også Anders S. Kvåle (05) med på laget. Dei kommer inn på fine 1:49:72 og tar gull på denne øvelse, Dramaet i denne øvelsen skulle imidlertid skje i det foregående heat der Førde hadde to lag med litt yngre symjarar. Laga symde heilt likt på alle etappar, og det skulle ei god vendig til fra Ludvik Guldhav (06) på siste etappe til, for at laget hans skulle gå av med denne prestisje fylte heat seieren. I mål skiller det mindre enn to sekund.
Det var to mix stafetter, og der stakk Førde av med seieren på begge stafettene. På laget symde Simen, Maren, Reinert og Sunniva.
Damene til Førde stikker av med seieren på 4x50 fri, og dei gjer også mykje bra individuelt. På laget symde Ingrid, Jenny, Maren og Natalie.
Natalie Råheim(09) (på bildet under) leverer igjen eit godt stemne. Hun svømmer inn til streke tider på alle sine øvelser, og er også yngste deltager på jente sida på 800 fri. Der svømmer hun inn til sterke 13:31:94, og det er bare registret 3 svømmere i hennes årsklasse i Norge som har gjennomført 800 fri i konkurranse. Natalie tar seieren i alle øvelsene hun stiller opp i , og tar heim heile 9 gull medaljer.
Teodor Monsen (09) svømmer nesten alle øvelser, men leverer også han ett meget godt stemne. Einaste øvelsen han ikkje deltar på er 200 buttefly. Han setter 6 nye perser og får registret sin første 800 fri med tida 15:03:44. i gutteklassen 09 er det berre to gutar i heile landet som har fullført og fått tid på denne øvelsen. Teodor tar heim heile 8 gullmedaljar.
Sjølv om vi gjerne skulle hatt fleire rekruttar med til Eid, så var dei som stilte opp, veldig flinke. Dei leverer flott svømming med både gode tider, og viser fremgang på teknikken sin. No har klubben ein liten jobb å gjere for å få med fleire til neste stemne, og det skal vi klare. På bildet under har Andreas, Styrk, Viljar og Emma akkurat fått sine medaljer.
Lagleiar Andrè Monsen kjørte bussen som alle symjarane var med på.
Etter at rekruttane var ferdig med søndagens øvelse, så ville Anders, Reinert og to Eidarar Daniel vindfjell og Eirik Karlsen prøve seg på krinsrekorden på 4x50 fri. Dei kom inn mindre enn 2 sekund bak rekorden, men dei har ein draum om ein dag å slå denne rekorden. Det ville blitt uoffesielt ny rekord siden dei ikkje syme på samme lag, men dei ville no prøve uansett.
Stuparane til Bergen på treningstur.
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Mar 2020
Stuparane til Førde IL Symjing var ein på ein treningstur til Bergen. Der hadde Bergen Stupeklubb, som er Norges beste stupeklubb, laga til eit meget flott opplegg for våres stupere. Bakgrunnen for at dei reiste til Bergen, var at i Førde så finnes det ikke noen trampoline som dei kunne trene på. I Bergen så har de alt utstyret en stupeklubb trenger + litt til for å komme på ett meget høyt nivå.
Bergen Stupeklubb stilte med to instruktører, ei som har deltatt i OL to ganger, og ein av topp instruktørene/trenerne i klubben. Stuparane fekk prøve seg på hoppegrop, ei grop med skummputer som dei kunne hoppe og falle nedi. Dei fekk også testa ut trampoline og diverse øvelser på eit slikt sprett golv.
Etter land treninga, så vart det også litt stuping og hopping i det store stupebassenget i AdO. Der fekk dei prøve seg fra 3 meter og lavere. Fleire hadde aldri vert så høgt som 3 meter, og nokre fekk til sitt første stup fra 3 meter. Etter treninga, så fekk dei utdelt diplomer for vel gjennomført økt.
Stuparane hadde det så gøy i Bergen at dei vil tilbake mange ganger. Eit slikt annlegg kan ein berre draume om i Førde, men ein del apparater kan ein sjølvsagt få til om ein veit kva knappar ein skal trykke på. For stupmiljøet i Førde som er eit veldig ferskt og ungt miljø, så ville det å få ei hoppegrop, trampoline og 3 meter tårn være gull verdt. Slik vi har det idag, så må ein til Bergen for å trene på dei måla ein skal oppnå i stupskolen.
Om du som leser dette har lyst å prøve stuping, så kan ein melde seg på stupekurs i Førdehuset. Kurset heiter Svale, og einaste krav, er at ein klarer å komme seg inn til kanten i bassenget for eigen hjelp. For noken, så høyrest det skummelt ut å stupe, men her begynner vi heilt på lavaste nivå, og det er mykje hopping og lite stuping til å starte med. Så blir det meir og meir utfordrande etterkvart.
Under kan ein sjå litt bilde fra stup treninga i Bergen
Førde symjarane med gode resultat i Bergen
Postet av Førde IL - Symjing den 17. Feb 2020
Førde stilte med 11 symjarar fra klubben, som valgte å starte vinterferien i Bergen på symjestemne. I Slåtthaughallen arrangerte Arna SLK LÅMØ – kvalik. Dette var det siste stemnet i vår region for å kunne kvalifisere seg til LÅMØ som skal arrangeres i Førde den 13.-15. mars. Symjestemnet var for utøvere klasse 2004 til 2009. Våre symjarar dro med ulike målsettinger. Nokon er allereie godt innanfor trygg plassering i sammendraget og ynskte stemnetrening, medan fleire er nær grensa på å være inne eller utanfor topp 24 i sin årsklasse, som kvalifiserer til deltaking på LÅMØ.
Våre symjarar gjer en flott innsats. Det er mange solide perser blant symjarane. Dei yngre symjarane leverer sterke tider, også med tanke på at fleire av dei var for nokre få veke siden i Årdal. Allikevell klarer dei å forbedre seg masse i Bergen. Det kjem av at dei får meir erfaring, og klarer å disponere øvelsen sin bedre. Dette kjem til å bli heilt fantastisk gøy når vi kjem til LÅMØ i Førde.
Dei eldre symjarane tok også viktige poeng i kampen om å være inne blandt topp 24. Oliver Øksland og Artur Grzebieluch (begge 2004) overraska på fleire øvelser. Oliver slo til med 2:25 på 200 rygg, noke som gjer at han er på skuddhold til topp 3 i årsklassen. Han satte også 4 personlege rekorder på 5 starter. Artur forbedra seg også på 4 av 5 øvelsar og klatra inn på topp 30 i 04 klassen. Dette er den høgste plasseringa til Artur nokon sinne. Begge desse to karane har komt inn i symjegruppe via intensiv kursing, siden dei var relativt "gamle" i forhold til kva ein ofte er når ungar begynne på kurs. Dette er noke vi prøver å legge til rette for når det kjem inn ungdom som gjerne vil prøve symjing. Da er det ekstra kjekt når dei lukkast.Fv: Oliver og Artur. Begge med pers på 4 av 5 øvelsar.
Førde IL Symjing på United World College
Postet av Førde IL - Symjing den 3. Feb 2020
I nokre veke har trenar Øystein Erland vore på United World College på Flekke i Fjaler kommune og bidratt med symjeundervisning for fleire av elevane på skulen. Pga. den labre vinteren med lite snø som elevane skulle brukt til å førebu seg til ridderrennet, så vart det symjing istaden. Elevane kjem fra mange forskjellige land, og nokre har også funksjonsbegrensingar. Nokre av elevane hadde gode symjeferdigheter, medan andre ikkje kunne symje i det heile. Øystein var der tre fredagar i denne omgang, og elevane fekk litt innføring i diverse teknikkar dei kan øve på for å bli betre til å symje. På så kort tid så får ein ta det litt utifra nivået på gruppa, og gjere det ein kan få gjort noke med. Elevane som var mest utrygge, hadde ein flott fremgang, og nokre fekk nok trua på at det ikkje er heilt umogeleg å lære seg å symje.
Fyste økta var det mest fokus på linje og fraspark i linje. Litt flyting og det å være under vatn både på rygg og mage. Andre økta hadde Øystein med seg undervanns pusslespel og bildelotto til oppvarming. Dette vart populært, og tilbakemeldingane var at dei skulle ynsje dei hadde slikt i hallen på Hauglandsenteret. Dei lærte litt meir om crawl og det å få tak på vatnet med å lære seg litt sculling teknikkar. Siste økta var det meir rygg symjing, og det å finne balansen når ein flyte på rygg og skal rotere fra side til side. Den økta vart også avslutta med litt livreddning, der dei fekk prøve seg på både å symje med ein person, og ilandføring.
Det var meget god stemning i gruppa, og Øystein fekk mange flotte tilbakemeldingar frå elevane. Det er nok ikkje heilt utenkeleg at det vert fleire økter på skulen. Gjerne når open water sesongen begynner. Da flytter vi symjeundervisninga ut i fjorden, og får ta litt utfordringar der.
På bildet ser vi at dei lærer seg å ha fremdrift på rygg med plate, medan Øystein observerer og kjem med innspel til korleis dei skal justere for å få opptimal fremdrift.
Her øver vi på å finne balansen, pluss å få litt fremdrift med beina.
Årdalstemnet 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 26. Jan 2020
Førde symjarane var i Årdal i helga og deltok på Årdalstemnet 2020. Førde stilte med ein stor tropp på 21 approberte symjarar, og 4 rekuttar. Alle dei unge symjarane viste stor fremgang fra forrige stemne. Vi fekk nokre fleire kvalifiserte til LÅMØ og nokre som er nesten klar, som må ta turen til Bergen i februar for å bli kvalifisert.
Vi hadde to debutanter til start, Oliver Stokkebekk Drage og Sander Birkeland (begge 2008). Dei klarte seg veldig bra, fekk nye tider på nokre nye øvelser, og forberda seg kraftig på fleire av øvelsane dei hadde tid med fra uapproberte stemne. Begge åpna med 400 fri på lørdagen, og dei var nok litt usikre på kva tempo dei skulle åpne i, men det er slik ein lære korleis ein skal disponere distansen seinare.
Kaja Johannessen Skrede (08) og Sturla Myrhol (08) fekk godkjent tidene sine på dei øvelsane som mangla til LÅMØ, og er no klar for start i Førde i mars.
William Sebastian Wergeland (07) fekk godkjent tid på 200 rygg, og med kraftige personlige forbedringer, så er han absolutt med i LÅMØ striden om å bli blandt dei 24 beste i sin årsklasse. Det samme er Edvard Aamot (06) som også fekk godkjent tid på alle sine øvelser. Ludvik Guldhav (06) låg før stemnet på 22 plass i sin årsklasse, og har forbedra seg på fleire distanser, noke som gjer at han har forbedra poengsummen sin og styrker sine sjangser for deltaking på LÅMØ.
Det var mange tette dueller i både individujelle og stafett øvelsane, og det var fleire ganger det skilte berre eit par 100delar mellom utøverane. På stafettane, så var Førde sitt første lag ganske suverene, men på plassane bak, så blei det ein intern kamp om å være det beste laget innbyrdes mellom Førde 2 og 3. På den første stafetten, så skilte det 1.28 sekund mellom lag 2 og 3 fra Førde, og på den siste stafetten skilte det berre 11/100 mellom laga.
Klubben reiste samla med buss til og fra Årdal, overnatta på skulen og hadde ein kjempe flott sosial sammenkomst.
Supportere er selvsagt med på turen.
Lagledere Andrè Monsen (3 fv) og Jan Nikolai Hvidsten (nermast) nyter middagen på kvelden etter økta på lørdagen. Førde stilte med tidtaker utstyr, og ein god del dommere.
10.000 meter symjing som start på 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Jan 2020
Ein fin liten gjeng med symjarar starta 2020 med å ha ein skikkeleg lang økt. Dei to eldste som var med symde 10.000 meter, medan dei yngre holdt det gående i intill tre timar. Åtte av ungane på treninga var 10-11 år og fleire av dei klarte over 7000 meter. Sander Birkeland (08) symde heile 7500 meter på tre timar. Også Natalie Råheim(09), Theodor Monsen(09) og Oliver Drage (08) klarte 7000. Mikal Eriksen(09) symde 5000 meter. Mikal er nettopp begynt med symjing, og har gått på selkurs i høst. Oliver og Sander er på Hai kurs, men dei er nokre av dei som blir å sjå i treningsgruppa utover vinteren og våren. Theodor og Natalie er allereie godt etablert i treningsgruppa. Totalt var det 12 symjarar på den første treninga for året, og det var meget god innsats frå alle. God mat og drikke høyrer til når ein har ein slik økt, så det var alt fra vraps til sjokolade og god drikke å sjå langs kanten idag.
på bildet fv: Natalie, Mikal, Sander, Oliver, Theodor.
På bildet fv og tomme i blikket etter 10.000 meter: Anders S. Kvåle (05) og Reinert Erland (04)