NM Langbane 2024

Postet av Håvard Korsvoll den 8. Jul 2024

Førde IL Symjing stilte med fire deltakarar på NM Langbane 2024, og dei gjorde det svært bra med sterke plasseringar, personlige rekordar og klubbrekordar. Førde IL - Symjing kan vere stolte av innsatsen til utøvarane sine! 

Blant dei sterkaste prestasjonane var to nye klubbrekordar av Mahias Holme på 100m fly og 200m fri. Ny personleg rekord for William Wergeland på 200m fri (også betre enn tidlegare klubbrekord). Sigurd Korsvoll (13) var den yngste deltakaren på herresida og han tangerte sin personlege rekord på 50m fri.

Armandas Belaglovis var med for å delta på stafett. Førde IL deltok på 4x100m medley stafett for første gang, og kan notere ein fin klubbrekord også her.

Nye klubbrekordar langbane

200 m Fri
2.01,61
Mathias Holme
100 m Fly
1.00,71
Mathias Holme
4x100 m Medley
4.13,85
Armandas Belaglovis (rygg), William Wergeland (bryst), Mathias Holme (fly), Sigurd Korsvoll (fri)



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Håvard Korsvoll