Superleikane med symjing og vannpolo
Postet av Førde IL - Symjing den 19. Nov 2022
Superleikane var i Førde denne lørdagen. På programmet stod mange aktiviteter, deriblandt svømming og vannpolo.
Det var mange deltakarar i bassenget, og dei kosa seg masse.
Først hadde dei ca ein halv time med oppvarming og leik. Heile symjehallen vart tatt i bruk, og noken varma opp i det varme lillebassenget og i stupebassenget.
Vi hadde nokre øvelser med symjing, der dei symde både 25 og 50 fri. Der vart det symd både crawl, bryst og rygg fra deltakarane. Når dette var ferdig, så tok vi vekk banetaua, for så å ha ein konkurranse på tvers av bassenget på den grunne enden, slik at dei som ikkje trivast på det djupe, kunne være med også.
Etter symjekonkurransen, så rigga vi til ein vannpolo bane på 12x10 meter. Her var det Askøy vannpolo som tok regi med nokre oppvarmings øvelser, før vi delta inn i to lag og spelte ein kamp. Der fekk deltakarane prøve seg i forskjellige roller på banen, og det var stor stemning.
På bildet er vi igang med oppvarminga før vannpoloen. Då kasta vi baller til kvarandre, for å bli bedre kjent med det å kaste og ta imot ball i vatnet. Det blei mykje sprut, men sjølv dei som ikkje lika å få vatn i ansiktet, synes dette var kjekt.
Vi håper at fleire har lyst å bli med på symjing og vannpolo fremover.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Symjing

Førdestemnet 2023
10.09.2023

Symjekurs og vannpolo kurs.
16.08.2023

Holsa Open Water 2023
27.07.2023

AdO Cup 2023 med Krets og klubbrekorder.
19.06.2023

Sølv til beach polo laget på Heia Open 2023
19.06.2023

Førdesprinten 2023
05.06.2023