Unge symjarar har lagt ned mange hundre tusen meter i jula.

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Des 2016

Symjegruppa sine unge talent, har nedlagt eit godt arbeid i jula. Dei har samla svømt godt over 300.000 meter i ferien, og enda er det ein trening igjen første nyttårsdag. Da er det lagt opp til at man kan prøve å nå 10.000 meter, om man virkelig står på.

Å være trener for ein slik gjeng som har vert så ivrige både morgen og kveld, har vert inspirerende. Det har vert mykje sjukdom på enkelte som gjerne skulle vert på alle treninger, men samtidig har dei yngste og nye medlemmane i treningsgruppa, vist at dei vil satse og har lagt ned mange meter. Aldersspennet er fra 10-13 år i treningsgruppa.

Det er mange av symjarane som satser mot LÅMØ i februar, og da er det viktig å ikkje ta treningsferie når det er skuleferie. Som vi seie i svømminga, "skuleferie = meir trening".

No i Januar kjem det fleire stemne for symjarane. Først ut er Asker Open første helga i Januar, etterfulgt av Trøndersvøm helga etter. Helga etter der igjen er det treningsleir i Årdal, samtidig som nokre reise til Arna på stemne der. Mandag 23/1 er det siste sjangs for LÅMØ kvalifisering, da er det kvelds stemne i Førde.

Vi har mykje moro å sjå fram til i 2017.



Fil Symjing feirer 40 årsdagen i Volda

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Des 2016

Førde IL Symjing var idag for 40 år siden stifta av Grunde Selås. Klubbens historie kan du lese meir om på sida "om Fil Symjing"

Klubben er på reise i Volda på det tradisjonsrike julelauget, som vi pleier å reise på kvart år.

Symjarane har gjort mange gode prestasjoner, og dei forbetrer tidene sine heile tida. Mykje av fokuset er på LÅMØ øvelsane, men også andre øvelser blir symde. Volda er kjent for å ha eit raskt basseng, noko som motiverer symjarane. Første dag av stemnet er unnagjort, så no er det kvelds og kvile for ein ny dag i morra.

På bildet: bv: Simen Furesund Grimeland, Mardon Solheim Erland, Nikolai Hvidsten, Reinert Solheim Erland, Henrik Stubhaug, Maren Vinjevoll Årdal. fv: Elisabeth Svorstøl Mundal, Erik Alnes Litsheim, Atle Ølnes Kapstad, Andreas Hvidsten og Hans Fredrik Laache.

Søndagens svømming fekk Førde symjarane til å ta ut det siste dei hadde igjen i helga. Det var masse god svømming, og dei yngste guttane som var med, viser at det er bra rekrutering bak dei eldste symjarane. Vi har ein fin gjeng på veg opp fra symjeskulen, så vi håper på jevn rekrutering i åra frammover.



Hauststemnet på Eid

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Nov 2016

Førde symjarane var på nye tokt etter gull, sølv, bronse og egne personlige rekorder på Eid.

Det vart satt mange nye persar, og noken fekk også satt sin første tid på øvelsane dei deltok på. Det er alltid spennande første gangen man symje øvelsen. Spesielt dei lengre øvelsane, kor man må kjenne på følelsen undervegs. Om man har åpna for hardt, eller har meir å gå på med, koti skal man øke, eller berre holde? Det er ikkje alltid like lett, men derfor er det viktig å symje på konkurranse dei øvelsane nokre ganger, så ein blir vand med det.

Førde symjarane tok med seg heim heile 38 medaljar. Det er godt at symjarane får igjen for all den treningen dei legger ned i bassenget.

Neste stemne er Julelauget i Volda 3-4 Desember.




Sunnfjord Open 2016

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Okt 2016

For Elisabeth Mundal, var dette første stemne som lagleiar, etter at ho starta i ny rolle som hoved trener i Førde IL Symjing. Elisabeth er storfornøyd med alle symjarane, og deiras prestasjoner. Alle symjarane trener godt, og har vist god framgang, noko som kom til syne på stemnet. Dei som er i LÅMØ alder forbedra seg på nesten alle øvelsane sine. Med forbedringane, så både avanserte dei og styrka plassane sine på rankingen. Det skal mykje til om det ikkje blir økning fra fjord året på antall deltakarar på LÅMØ.

Det er også veldig flott og innspirerande for dei yngre symjarane, at dei eldre symjarane også er med på stemnet. Og dei fekk sjå både Hans Fredrik Laache som omtrent måtte ha hjelp opp av bassenget etter sin 100 fly, der han stivna som han aldri har gjort før, og når han symde 100 fri på sterke 56:89. Han fekk også bestemanns premien for Junior gutt med 100 fri prestasjonen. Også Elisabeth var uti, og symjde nokre øvelsar, og ho viste framgang i forhold til dei siste stemna ho har delteke på. Teis H. Malterud, Thale Fink og Mardon S. Erland gjorde også sine saker bra.

Førde IL Symjing som arrangør, fekk til eit godt arrangement. Det var første gang vi brukte dei nye startpallane og dei nye rygg startarane. Det er nytt for både tidtakarar, dommerne og symjarar å ha slik utsyr, men det ordna seg veldig bra. Førde IL Symjing viste nok ein gang at det å arrangere stemne, det er vi veldig gode på. Eg vil driste meg til å sei at vi er best i Vest.




Sesongavslutning i Oslo

Postet av Førde IL - Symjing den 20. Jun 2016

- Lambadalekene var stemnet vi valgte som sesongavslutning for FIL Symjing. Vi hadde aldri vert der før, og vi har aldri hatt noen tradisjon for å reise østafjells for å delta på stemne, utenom Hamar og Drammen for dei som skal på NM og treng konkurranse i langbane. Ellers har det bare vore på NM/ÅM vi har reist over fjella.

-Dette kan det godt bli endring på, for dette stemnet var eit heilt supert stemne for våre symjarar. Nivået og aldersgruppene passa perfekt til våre symjarar, og størelsen på stemnet var ikkje skremmande. Symjehallen var lett å komme til, både med bil og T-bane. Vi budde på Thon hotell Ullevål, nokre budde også privat. Frokosten vart servert inne på Ullevål stadion.

-FIL Symjing sendte avgårde 1 jente og 6 gutar til Oslo. Dei symde veldig bra, og satte mange nye personlege rekordar. Noken brøyt nye milepæler på klokka, og vi forsynte oss bra i medaljefatet. Deltager premiene var av den store sorten, da dei fekk ein svær pokal i gull. Det var store auge å sjå på dei yngste, da den blei utdelt.

-Lambadalekene er eit stemne vi har lyst å ha med videre på terminlisten for neste sesong, og vi anbefaler det til andre klubber å ta turen. Vi var einaste klubben som ikkje var nær oslo relatert, og speaker var fleire ganga opptatt av at vi kom langveis fra, og var godt synlege med dei gule badehettene våre. Stort sett alle klubbane hadde blå badehetter, så det var lett å sjå når vi var i bassenget. Det er jo ikkje så langt til Oslo, og stemnet var ferdig i god tid til at vi ikkje var seint heim heller. Til forskjell fra mange stemne i Bergen, så var vi ferdig kl 15 i Oslo, medan i Bergen så begynner ikkje stemnene før kl 15. Reisetida er kortare en til Rogaland og Trondheim, og omtrent samme tid som til Kristiansund.



Førdesprinten 2016

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Jun 2016

-Da var den årlige Førdesprinten ferdig. Det var noen nye utfordringer i forkant av stemnet i forhold til avviklinga med tanke på garderobe brannen for nokre veke siden. Dette løyste Førdehuset fint, med at vi hadde tilgang til garderobene i kjelleren. Det var rundt 200 symjarar på stemnet, og både det aproberte og rekrutt stemnet gjekk veldig bra. Stemnet vart gjennomført med hengande start, noko som er veldig positivt for dei som følger med på livitiminga, for da går det litt fortare mellom heatene. Funksjonærane får litt utfordringer med å holde tempoet, men det klarte dei fint. Når det er så fint vær i Førde som det var i helga, så blir det veldig varmt i hallen. Da er det godt når pausane kjem og man kan ut og nyte det fine været.

Mange symjarar forbedra sine personlige rekorder, og nokre begynner å nærme seg veldig diverse krav til deltaking på større stemne seinare i år.

Elisabeth Mundal deltok for første gang i Førde drakta etter overgangen fra Svelgen, og symde nokre øvelsar, men det var nok lagleder rollen ho synes var det mest spennande. Dette er noko ho virkelig brenn for. Det haglar med lovord om den imponerende innsatsen symjarane har lagt ned i helga, men også på treningane i forkant.

Neste stemne for Førde symjarane er Lambadalekene i Oslo 18-19 juni. Dette blir også det siste stemnet før sommerferien. Det betyr ikkje at symjarane skal ha treningsfri, men at fokus rettar seg inn mot haust sesongen som starter med ein treningsleir i Luster rett før skulane startar.



Henrik Stubhaug symde med Europeiske svømmestjerner i BSF

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Mai 2016

Henrik Stubhaug var einaste deltakar frå Førde IL Symjing i Bergen da det vart arrangert Bergen swim festival i AdO i helga.

Henrik imponerer med å sette nye personlige rekorder i langbane bassenget i AdO. Normalt sett, så går det litt seinare i langbane basseng pga ferre vendinger, men han viser at han har fått mykje godt ut av treninga den siste tiden, og at formen er god no rett før Førdesprinten. Henrik sine prestasjoner inspirerer dei andre symjarane i FIL til å jobbe for å holde følge. Han viser vei for dei yngre symjarane, og viser at for å bli bedre, så må man trene godt og mykje. Henrik er ein av dei som jobber godt på treningane, og satser for å bli best i symjing.

Henrik blei 13 år iløpet av helga, og feira den med å vise at Bryst øvelsane er noko han har god kontroll på. Det er nok litt ekstra stas å være på eit slikt stemne, når det er fleire av Europas beste symjarar der.

No til helga er det Førdesprinten og der håper vi framgangen fortsetter.



Symjarane overraska i Ålesund.

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Apr 2016

Førde IL Symjing var på symjestemne i Ålesund denne helga. Det var sju gutar som reise oppover, og dei skulle konkurrere mot fleire av landets beste symjarar. Dei var på forhånd, forberedt på at dei ville få knallhard motstand, og var ikkje førebudd på å reise heim med medaljar. Det viste seg etter stemnet at seks at gutane reiste heim med medaljar i alle valører. Overraskande var det at Førde fikk bronse på 4X200 Fri, ein øvelse som det var knytt lite forhåpninger til grunna den unge alderen og harde konkuransen.

Inddividuelt hadde vi med symjarar i yngste årsklassen født 2006, det var Andreas Hvidsten, som symde på tider som er heilt i Norgestoppen i sin årsklasse. Han blir for håpentlig hvis ein å sjå opp for framover. Tida 6:03:38 på 400 fri er berre å ta av seg hatten for. Men også i dei andre symjeartane ser vi at han har talent. 100 butterflly på 1:43:06 er råbra, sjølv om han stivna på siste 50, men litt meir trening på å holde distansen, så blir dette veldig bra. Sterke 40:11 på 50 butterfly viser at gutten har potensial til få tida på 100 kraftig ned. Tida på 50 fly var også bedre pers en dei andre fra Førde i 04/03 årsklassen. 200 medley fekk han 3:24:09, som ville gitt ein topp plassering i årsklassen 05 på LÅMØ som var. På LÅMØ Vest 2017 i Februar, så er 50 fly, 400 fri og 200 IM, tre av øvelsane i tilleg til 100 rygg og 100 bryst. Vi gledar oss til fortsettelsen.

I 2004 klassen, så hadde vi med 4 gutar. Det var Reinert S. Erland, Erik A. Litsheim, Simen F. Grimeland og Nikolay Hvidsten. Dei er uhyra jamne på alle øvelsane, og det er så fantastisk gøy og spennande å sjå kor dei drege kvarandre fram til gode resultat. Dei har eit utruleg godt samspel, både på stemne, og på trening, noko som er viktig for å bygge eit godt miljø. Erik og Reinert klarte å komme under seks minutt på 400 fri for første gang, noko som er ein liten men viktig milepæl og motivasjons faktor. Reinert var nok mest fornøgd med 50 fri tida hans, som han klarte å få ned på 33:86. Erik var nok mest førnøgd med å komme under 40 på 50 rygg med tida 39:84. Nikolay er jamt over god i dei fleste symjeartane, noko som gjer han god på medley. Han har ein flott butterfly teknikk som er ein nytelse å sjå på. På 100 fly fekk han råsterke 1:37:63, sjølv om han stivna litt på sluttten. Sterk åpning på første 50 med 42:52.

Simen Furesund Grimeland presterte etter min meining den største prestasjonen i Ålesund, da han symde inn på 100 butterfly med tida 1:30:77, med åpning på 42:46 første 50. Han rekordforbedra seg med over 10 sekund fra LÅMØ i februar. Den prestasjonen er så bra fordi butterfly er ein så kraftkrevande øvelse, at det er lett å gå på ein smell med for hard åpning. Simen såg aldri stiv ut, og kunne bare symje teknisk riktig heile vegen. det var ein fryd å sjå på. Tida ville holdt til ein sterk 7 plass på LÅMØ i februar.

Henrik Stubhaug 2003 tok med seg tre gull heim til Førde. Han er eit teknisk flott syn å sjå på i bryst øvelsane. Han kom under 40 for første gang på 50 bryst med tida 39:66, som gav gull. på 100 bryst fekk han 1:27:32 som også er veldig bra. Dette var første gang under 1:30 på denne øvelsen. Her persa han med over sju sekund. på 100 butterfly persa han med ca 11 sekund, og kom inn på 1:32:13. Henrik er så god på bryst, at når det var tid for medley, så går han fra å ligge på tredjeplass ved veksling rygg/bryst til å lede etter bryst etappen. Det er så stilig å sjå på når det er så utslagsgivende kor mykje bedre han er på bryst. (påbildet under er Henrik i aksjon på butterfly)

Mardon S. Erland 2000 deltok i fire øvelsar, og satte nye persar i tre av dei. Han sleit med eit vondt kne, men fekk forbedra 100 fri tida si med ca to sekund. 50 fri og 50 fly vart også forbedra.

Rammen rundt stemnet var fantaskisk med årets flottaste helg reint værmessig, og med slike symjeprestasjoner, så går det fint å være tilskuer i ein kokande varme. Vi skal jobbe vidare framover med symjarane. Vi har fortsatt mykje gøy i vente i åra framover.



Gull til symje jentene til Førde.

Postet av Førde IL - Symjing den 13. Mar 2016

Førde sitt jentelag på 4X50 fri tok gull på Vårduppen på Eid i helga. Det er første gang på fleire år at Førde kan stille jentelag på stafett, og når vi først gjorde det, så tok dei jammen meg gull også. Etter fantastisk symjing av (fra høgre) Maren Vinjevoll Årdal, Stine Myrland og Thale Fink, så avslutta Tomine Furelid med ein fantastisk spurt, da ho tok igjen og symde over Brattvåg, slik at Førde fossa inn til gull. Det var ett av dei magiske øyeblikka som man husker i lang tid framover.

Førde forsynte seg grovt av medaljane, og både gutar og jenter kom heim med masse medaljer og gode persar.

Tomine Furelid gjorde comeback i symjinga, og viste alle at ho slett ikkje har lagt på sofaen dei åra ho har vore vekk fra symjinga. Ho viste enorm styrke og fekk fart på armar og bein, og fossa inn til mange gode og imponerande tider.

Stine Myrland var debutant, og ho symde veldig bra på sitt første stemne som approbert. Ho fekk gull på 100 fri, og ein andreplass og to tredjeplasser. At ho også var med på gull laget til jentene smakte nok ekstra godt. Stine har ein lovande framtid i symjinga, og sammen med dei andre jentene, så kan vi få eit godt og slagkraftig jente lag i tida framover.

Ein av dei som gjorde comeback etter 32 år utanfor symjekonkurranse, var Christoffer Fink. Han symde 50 fri, og var med på stafett for Førde. Christoffer stakk like godt av med bestemannspremien for senior, og viser at det er fult mulig å være med selv om man ikkje er i skulealder. Både han og underteikna oppfordrer fleire tidligare symjarar til å ta på seg badetøyet, og starte opp igjen med treninga.

Gutane symde også veldig bra, og alle hadde stor framgang. Dei som tildligare i år var med på LÅMØ, viste fortsatt framgang, og forbedra tidene dei hadde fra Stavanger. Dette viser at dei har gjort mykje bra på trening, og det motiverer til fortsettelse.

Førde stilte med 16 approberte symjarar og 6 rekruttar. Stemnet hadde også rekord deltaking, og det var meldt inn 196 symjarar.

Neste stemne for Førde IL Symjing er Jugendsvøm i Ålesund 9-10 April.



LÅMØ Vest 2017 til Førde 10-12 Februar.

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Feb 2016

Førde IL Symjing har blitt tildelt LÅMØ Vest 2017 10-12 februar. Dette er eit regionalt landstemne der dei 24 beste i alderen 13-16 år skal konkurrere i 5 øvelsar om å få kvalifisere seg til landsfinalen ÅM. Dei som er 11-12 år må kvalifisere seg ved å svømme dei 5 øvelsane og få ein tid.

Dei 5 øvelsane er: 50/100 fly 100/200 bryst 100/200 rygg 400 fri og 200 medley. 11 åringane svømmer den kortaste distansen. Vestlandet er rekna for å være den tøffaste avdelingen å komme med, og er man blandt topp 10 på Vestlandet, så er sjangsen stor for å komme med til ÅM der dei 24 beste 13-16 åringane fra heile landet møtast.

Førde IL Symjing arrangerte same type stemne i 2014, og erfaringane og tilbakemeldingane vi fekk då er at dette kan vi.

Vi kjem til å trenge mange funksjonærer på stemnet, så vi ber flest mulig om å sette av denne helgen i februar til ein dugnadsinnsats. I 2014 hadde vi ca 70 funksjonærer i aktivitet gjennom heile helga. Vi treng heilt sikkert minst like mange.




Nytt styre i FIL Symjing

Postet av Førde IL - Symjing den 25. Feb 2016

  • Årsmøtet 2016 har valgt nytt styre
  1. Leiar: Odd Magne Grimeland
  • Nestleiar: Olaug Stubhaug
  • Styremedlem: Rune Bakke
  • Styremedlem: Evi Ollikainen Hegrenes
  • Styremedlem: Ingebjørg Ølnes Kapstad
  • Styremedlem: Øystein Erland
  1. Vara: Torbjørn Strømsli
  2. Vara: Mariann Gaard



Tildeling av allmennyttige midler fra Sparebanken Vest 2016 til Førde IL Symjing

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Feb 2016

Sparebanken Vest har tildelt Førde IL Symjing kr 30.000,- til utdanning av trenere og instruktører for året 2016. Tidligare i år, har dei også tildelt FIL Symjing kr 15.000,- til prosjektet Vill i Vann.

Førde IL Symjing har kontinuerlig utdanning av instruktører og trenere på forskjellige nivåer for å heile tida kunne tilby kompetente instruktører til alle aldersgrupper.

FIL Symjing har i ein årekke hatt eit veldig godt samarbeid med SPV, og vi ser at det vil fortsette i mange år frammover.



Fantastisk fremgang på Førdesymjarar på LÅMØ Vest 2016

Postet av Førde IL - Symjing den 9. Feb 2016

F.V: Nikolai Hvidtsten, Erik Alnes Litsheim, Simen Furesund Grimeland, Thomas Husevåg Løland, Reinert Solheim Erland og bak lagleder Øystein Erland

Denne gjengen feide alle rekordar til siden og langt under teppet under helgas LÅMØ Vest 2016 i Stavanger. Det har blitt satt 47 personlege rekordar på 25 starter. det er smått utrolig, med tanke på at mange av tidene deiras var relativt ferske fra stemner i Januar. Dei satt ikkje berre rekord med nokre få sekund, men forbetra seg med over 7 minutter sammenlagt.

Gutane kom ned til Stavanger på torsdag kveld, slik at oppladinga til stemnet vart best mulig. Stemnet begnner på fredagen med 100 butterfly, og der fekk Nikolai bestetid av Førdesymjarane med tida 1:40:73. Simen fulte rett bak, berre 1:45 sekund bak. Samenlikna med Hans Fredrik Laache fra då han var 12 år, så svømte han på 1:38:82, så det viser at guttene er i rute på butterfly med tanke på kva han har oppnådd med klubbrekorder og NM deltaking.

Lørdag starter tidleg med innsvømming kl 07:30. Det er over 300 symjarar som skal ha oppvarming på samme tid, og da blir det fult i bassenget.

Første Øvelse var 400 fri. Der vart det uhyre jamnt mellom Reinert og Erik, og berre 1,1 sekund skilte dei. Reinert fekk 6:10:58, og samenlikna med Hans Fredrik sin tid fra 2009, så er både Reinert og Erik forran. HF fekk 6:11:90. Etter denne øvelsen, så var det tid for lunsj og kvil, før det var tilbake for neste innsymjing før dagens andre og siste øvelse. Der venter 200 bryst, ein tung og vanskeleg øvelse. Her blei Erik for sterk for dei andre Førdegutane og varta opp med ein solid 8 plass med tida 3:29:78, medan Reinert blei nr 10, 6:03 sekund bak. Begge gutane godt forran HF sin tid fra 2009, da han fekk 3:38:84. Med så gode resultat, så vart Lørdagen avslutta med eit festmåltid på Egon for heile gjengen.

Søndag kom like tidleg som forrige dag, opp kl 06:30 for å gjere klar for siste dag med frukost og innsymjing. Vi møtte litt tidlegare i hallen, kl 07:15. No var det tid for å jobbe med ryggvendinger og starter. Vi fekk for fyrste gangen oppleve å bruke ryggstarter. Ein ny innrettning som festes på pallen med ei lita list som heller 10 grader som ein kan sette beina på, slik at ein ikkje opplever å gli i frasparket på starten. Nokre velger å ikkje bruke denne da det er ukjent, men dei fleste bruker den, og det er tydeleg at det gjev resultater. 200 rygg vert ein suveren oppvising av Erik. Han kommer inn på smått utrulege 2:59:93 og det gav han ein flott 9 plass. Teis Malterud fekk i 2010 på 200 rygg, tida 3:01:16. På dagens siste øvelse, 200 medley, var det også Erik som vart den sterkaste. Han fekk tida 3:11:24 og vart med det også Førdes best rangerte sammenlagt med ein flott 11 plass. Før stemnet var han rangert på 19 plass, så det må seiast å være ein formidabel forbedring. Alle Førdesymjarane klatra på sammenlagt lista.

Tidene er så gode på alle sammen, at det viser at dei har gjort mykje bra trening fram mot stemnet. Dei har nytt godt av treningen i juleferien, noko som viser viktigheten av å ikkje ta treningsfri når det er skulefri, og dei har vert fokuserte på stemnet og øvelsane dei skulle delta i. No begynner utfordringen med å holde fokus på neste mål, nemlig å bli enda bedre, slik at dei kan delta på LÅMØ i 2017. Da vert kvalifiserings kravene mykje hardare, men sammen skal vi klare det.



Begynnerinstruktørkurs laurdag 30. og søndag 31. januar 2016

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jan 2016

FØRDE IL SYMJING arrangerer Begynnerinstruktør kurs i Førde laurdag 30. og søndag 31.01.2016 Oppmøte Førde Terapibasseng / Førde Helsetun.



Begge dager starter vi kl.08.00 og ferdig søndag kl.15 (Livredningsdelen skulle vore med, der det var oppstart fredag. Dette fekk vi ikkje til). Vi tilbyr livredningsdelen i etterkant.

Instruktør : Audhild Køhl.

  • Ta med papir og blyant.
  • Ta med godt med kle, det er kaldt å vera mykje i bassenget, sjølv om det er terapibasseng.
  • Her går teori og bassengøkter hand i hand!
  • Ta med drikke.

Ver bra og meld deg raskt på www.minidrett.no ( søk etter Førde , då kjem kurset raskt opp)

Ingen er påmeldt før dei er påmeldt minidrett!!

Kontakt for påmelding: Sissel Viddal Laache, e-post v-laache@online.no, tlf 975 69 363.

Lukke til!


Vennleg helsing

Sissel Viddal Laache

leiar Førde IL Symjing


Under kurshelga er det Symjeskuleansvarleg i Førde, Randi Scheflo (95821401), som vert tilstades for instruktør og deltakerar.



Ny klubbkolleksjon for Førde IL symjing!

Postet av Førde IL - Symjing den 1. Jan 2016

Førde IL Symjing kan no tilby ny klubbkolleksjon via "eigen" nettbutikk hos Proffmann.no. Sjekk den tøffe kolleksjonen HER: http://proffsport.no/collections/forde-il-symjing