Innhaldsrik helg for Førde symjarane.

Postet av Førde IL - Symjing den 7. Jan 2018

Første helga i 2018 var symjarane både på leir og på symjestemne i Asker. 

10 symjarar var på krinsleiren på Eid fra Førde, der dei har trent både i vann og på land fredag til søndag. Det var Sander Smørdal og Alexsander Mokkelbost som var trenarar. Symjarane var innlosjert på skule, og det har vert ein sosial helg med mykje bra trening. 

4 av symjarane våre har også vert på Asker Open. Der har dei persa og imponert med meget gode tider. Stine Myrland var den einaste av desse 4 som ikkje var inn på topp 24 på LÅMØ rankingen før helga, men ho gjorde sine saker meget bra og forbedra seg med 126 poeng. Dei tre andre gutane har også forbedra seg, så vi venter i spenning på oppdateringa på rankingen. 

Fra venstre: Stine Myrland, Nikolai Hvidsten, Andreas Hvidsten og Simen F. Grimeland

Det nærmar seg LÅMØ no, og det er berre eit stemne i Bergen igjen på kalenderen, + eit lite klubbmesterskap mandag 22/1, før endelig opptelling er klar. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.